Kåre Magne Moe:

SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Mobbing
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
   
 
 
 
 
 
 
 
 

 



E-post: hauge.skule@bremanger.kommune.no


18. august 2016.
LEDIG STILLING SOM MILJØARBEIDAR

På Hauge oppvekst er det ledig stilling som miljøarbeidar. Les om stillinga her



17. august 2016.
SKULERUTA 2017/2018

Skuleruta for neste skuleår er vedteken. Klikk her (pdf-fil)



13. august 2016.
AKTIVE ELEVAR PÅ HAUGE SKULE - TURPROSJEKT

V startar opp eit nytt år med "Aktive elevar" og håpar at alle er klare for mange fine fjellturar i nærområdet.  

I år har vi to nye turmål: Holehornet og  Strugsnipa.
Les informasjon her.





11. august 2016.
Symjeopplæring og familiebading



Bassenget opnar måndag 5. september. Dersom vi har fått badevakt, vil også familiebadinga starte same dag.

Mvh
Kåre Magne Moe
- rektor -




3. august 2016.


Nytt skuleår startar måndag 15. august kl. 08.45.

Kåre Magne Moe
- rektor-



11. juni 2016.
FØRSKULEDAGAR

Elevane som skal begynne på skulen til hausten har hatt to gode førskuledagar saman med kontaktlærar Janne Kjærstad og leiar for førskulegruppa Siren Snarberg.

Elevane gledar seg masse til skulestart!



Foto: Siren Snarberg




6. juni 2016.
Meistringsgården Klatrepark

6. kl. har klatra i Meistringsgården Klatrepark. Sjå bilete her.





5. juni 2016.
KYSTKULTUR I SMØRHAMN MED JOHAN VADØY

7. kl. på Hauge oppvekst og Kalvåg oppvekst hadde ein heil undervisningsdag i Smørhamn.

Sjå bilete.






4. juni 2016.
EIN SKULEDAG PÅ GROTLESANDEN

5. og 6. kl. har vore på sykkeltur til Grotlesanden. Sjå bilete her.





28. mai 2016.
SKRIVEVEKER

7. klasse hadde skriveveke denne skuleveka.

Dei fleste undervisningstimane gjekk med til skriving, og resultatet vart avisa "Sjuandeklasseposten".

I avisa er det mykje interessant og godt stoff som elevane har skrive.
Du kan blant anna lese
- Reportasje frå besøk ombord i nye "Vestfart" og intervju med Tore Torvanger. Du kan også lese stoff om gamle "Vestfart".
- Intervju med ho Liv i barnehagen som no skal gje seg etter 40 år
- Intervju med Kåre og Oddbjørg Førde om lammehotellet
- Anton Senneset fortel om Bremanger i gamle dagar
- Intervju med to av flyktningane

 

1. og 2. kl. hadde skriveveke i veke 19 og 20. Tema var "Grunnlovsdagen" og elevane skreiv blant anna tekstar om 17. mai-feiringa.





27. mai 2016
EIN DAG I STEINALDEREN

Elevane i 5. kl. og 6. kl. har fått undervisning ein heil dag om steinalderen.
Flintmann Morten Kuchera og guide Annette Nødset Rosø sørga for at elevane fekk ei grundig og god opplæring i tema.
Elevne fekk blant anna omvisning i Vingenfeltet

Sjå bilete her




26. mai 2016.
LEDIGE STILLINGAR

Ledig stilling som barnehagelærar på Stasjonen barnehage. Klikk her

Ledig lærarstilling på Hauge skule. Klikk her .





19. mai 2016.
EKSAMEN

I morgon skal elevane i 10. kl. ha skriftleg eksamen i matematikk. Vi ynskjer dei lukke til.



17. MAI 2016






9 . mai 2016.
TA "EU-KONTROLL" PÅ SYKKELEN

Her er Trygg Trafikks tipunktsliste for en god start på sykkelsesongen:

1. Sjekk luft og dekk. Sørg for at det er godt med luft i dekkene og sjekk dekkene for slitasje.

2. Test bremsene. Det er påbudt med både forbrems og bakbrems. Forsikre deg om at bremseklossene på felgbremser ikke er nedslitt. De skal i hvileposisjon være ca. 2 mm fra felgen. Slitte bremseklosser må byttes. Bremsene skal ikke ”henge» eller gå tregt, men virke med en gang. Bruk strammeskruen til å etterstramme vaieren.

3. Husk å smøre: Husk å smøre kjedet og å ha litt olje i vairstrømpen på bremsene med jevne mellomrom – men pass på å ikke få olje på bremseklossene.

4. Husk refleks : Sykkelen skal ha rød refleks bak og gul eller hvit refleks på begge sider av pedalene. Skitne reflekser mister effekten, så pass på å vaske dem.

5. Lys: Hvis sykkelen skal brukes i mørke eller dårlig sikt, er det påbudt med lykt med hvitt eller gult lys foran og rød lykt bak.

6. Ringeklokke: Det er faktisk påbudt med ringeklokke på alle sykler.

7. Juster setehøyden: Dette er særlig viktig for barn som vokser. Benet som er på den nederste pedalen skal være nesten rett, med en liten knekk, når du sitter på setet.

8. Juster seteplasseringen i forhold til styret: Plasser albuen på tuppen av setet og strekk den frem mot styret. Da skal det være to til fire fingerbredder fra hånden og frem til styret.

9. Synlige klær eller refleksvest: Signalfargede klær er den beste måten å gjøre deg mer synlig på. Dette gjelder ikke bare om kvelden, men også om dagen eller i dårlig sikt.

10. Bruk hjelm: Alle, uansett alder, bør bruke hjelm når de sykler. Det reduserer faren for hodeskader med opptil 80 prosent.







8. mai 2016
OFFISIELL FLAGGDAG

Hauge oppvekst markerer frigjeringsdagen 8. mai 1945.




6. mai 2016.
TENTAMEN I 8. OG 9. KL.
Måndag 9. mai:
Førebuing i norsk 9. kl (1.-3. time)
Førebuing i norsk 8. kl (1.-3. time)

Tysdag 10. mai:
Norsk H 9. kl (1.-6. time)
Norsk 8. kl (1.-4. time)

Onsdag 11. mai:
Norsk S 9. kl (1.-6. time)

Torsdag 12. mai:
Matematikk 9.kl (1.-6. time)
Matematikk 8.kl (3.-6. time)

Onsdag 18. mai:
Føreb i engelsk 9.kl, (4.-6 .time)

Torsdag 19. mai:
Engelsk 9.kl (1.-6. time)

Fredag 27. mai
Engelsk 8. kl.


1. mai 2016.
EKSAMEN

Det er ikkje lenge til elevane i 10. kl. skal ha skriftleg eksamen.

Du kan lese informasjon om eksamen i grunnskulen på heimesida til Utdanningsdirektoratet. Klikk her.



1. mai 2016
DRUMDRUM

Sjå bilete frå den flotte konserten "DrumDrum". Klikk her

Du kan lese om "DRUMDRUM" lenger nede på heimesida vår.




24.04.16.
Den kulturelle skulesekken for mellomsteget
"Hvem er samane?"

Elevane har fått opplæring om samane.

7. april fekk vi besøk av samisk forfattar og kulturarbeider Sigbjørn Skåden. Han har blant anna skrive boka "Samer", ei fakatabok om samar.

Vi fekk først eit miniforedrag om boka og etterpå fekk vi minikurs i nordsamisk. Lærerikt og kjekt!

Du kan lese meir om "Hvem er samane" her.




23.04.16.
ARBEIDSPRAKSIS

9. kl. skal hospitere i arbeidslivet frå måndag til og med onsdag komande veke.


18.04.16.
HAUGEAVISA

Elevar har laga avis. Avisa heiter "Haugeavisa" og førsteopplaget kom ut i dag.
Det vart markert med "Sjampanje" og jordbær.

I avisa er det intervju med rektor og sekretær på skulen. Vi kan lese om Stasjonen barnehage si kunstutstilling i Heimen og det er vitsar og gåter m.m.

 




17.04.16.
Den kulturelle skulesekken for barnesteget
DRUMDRUM!

DKS:
Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DRUMDRUM! Ho har med seg to toppmusikarar frå Danmark: Den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Musikarane har alle tre spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei er inspirert av nokre av dei største namna i jazzhistoria. blir stengt etter skuletid fredag 18. mars
.

Onsdag 20. april kl. 12.40 får elevane i 1.-7. kl oppleve DRUMDRUM.

Sjå vidoe på Youtube her
. Benita Haastrup er verkeleg flink på tromme og andre rytmeinstrument.

Vi gler oss!




14.04.16.
Den kulturelle skulesekken for ungdomssteget
KONSERT MED MHOO

Torsdag 31.3. hadde vi konsert med Mhoo på Hauge skule

Du kan sjå video med Mhoo her.


Sjå bilete frå den gode konserten her




13.04.16.
TENTAMEN I 10. KL.

Fredag 22. april : Matematikk
Måndag 25.april: Førebuing norsk
Tysdag 26.april: Norsk hovudmål
Onsdag 27.april: Norsk sidemål
Torsdag 28. april: Engelsk førebuing
Fredag 29.april: Engelsk



23.03.16.
GOD PÅSKE

Hauge skule ynskjer alle ei god påske.




Påskekyllingar og korger med karsefrø. Dei er laga av 1. kl og 2. kl mars 2016.


22.03.16.
SYKLING PÅ SKULEVEGEN
Nye forskrifter
No er det foreldre som avgjer kor tid borna kan starte å sykle åleine til og frå skulen.

Skulane kan framleis lage anbefalingar i samarbeid med FAU. Les informasjon frå Trygg Trafikk her (pdf)

Les meir om sykling på heimesida til Trygg Trafikk her.




Juni 2010: 5. kl. på sykkeltur



21.03.16.
TRAPPESONG

Fredag 18. mars hadde vi trappesong. Elevane var flinke å syngje og Jarle var flink å spele.




18.03.16.
MUNCH I 3. OG 4. KL.
"SKRIKET"

Elevane har malt det kjente maleriet av Edvard Munch.





14.03.16.
STENGING AV BASSENGET

Bassenget blir stengt etter skuletid fredag 18. mars. Vi håpar å kunne opne det igjen etter haustferien, måndag 17. oktober 2016.



10.03.16.
PÅSKEHARAR
SFO



Foto: Inger Igland Kvamme



08.03.16.
LEDIGE STILLINGAR PÅ HAUGE OPPVEKST OG VAKSENOPPLÆRINGA

Informasjon om ledige stillingar for neste skuleår og barnehageår finn du på heimesida til Bremanger kommune.

Lærarstillingar: Klikk her

Barnehagelærarar og fagleiar barnehage. Klikk her

Vaksenopplæringa. Klikk her

Det er også ledig stilling som driftssjef/rektor ved Svelgen oppvekst. Klikk her


07.03.16.
ASKELADDEN FRITEATER
Askeladden og de gode hjelperne

1. kl, 2.kl og Stasjonen barnehage, Kalvåg barnehage og Kolset barnehage fekk sjå "Askeladden og de gode hjelperne" onsdag 2. mars i Bremangerhallen.

Det var ei strålande framsyning!

Sjå bilete her




06.03.16.
LEIRSKULE PÅ DOMBÅS

Elevane i 7. kl på Hauge og Kalvåg oppvekst hadde leirskule på Domås i veke 8.

Tilbakemeldingane er veldig gode frå både vaksne og elevar. Det var ei god leirskuleveke med godt skiføre og godt vè
r.

Klikk her om du vil sjå bilete frå leirskuleveka.



Foto: Anita Solbakken Nygård


06.03.16.
SØKNAD TIL VIDAREGÅANDE SKULAR

Primærsøkjartala for vidaregåande opplæring 2016 -17 er offentleggjorde.

4029 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule.
Les om søknadane på heimesida til Fylkeskommuna. Klikk her


Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2015-2016 er slik:

  • 5. juli: Melding om første inntak
  • 14. juli: Svarfrist første inntak
  • 29.  juli: Melding om  andre inntak
  • 3.  august: Svarfrist andre inntak
  • 8.  august: Skulane tek over inntaket

05.03.16.
HOSPITERING

9. kl. skal hospitere på vidaregåande skular måndag 7. og tysdag 8. mars.


02.03.16.
TENTAMEN I 10. KL

Måndag 7. mars: Førebuing i norsk
Tysdag 8. mars: Tentamen i norsk H (1.-6. t.)
Onsdag 9. mars: Førebuing i engelsk
Torsdag 10. mars: Tentamen i norsk S (1.-6. t.)
Fredag 11. mars: Tentamen i engelsk (1.-6. t.)
Måndag 14. mars: Tentamen i matematikk (1.-6. t.
)


28.02.16.
SKULEFRI MÅNDAG 29. februar.

Måndag 29. februar skal alle lærarane på Hauge skule på kurs til Svelgen.

Elevane i 5. - 10. kl. skal ha skulefri etter 3. time denne skuledagen.
Elevane i 1. - 4. kl. skal ha vanleg undervisning 1.-3.time. I 4. og 5. time får alle tilbod om SFO.
6. time går som normalt for elevane på småskulesteget med leskehjelp, SFO eller fri.


23.02.16.
DEN KULTURELLE SKULESEKKEN

Her kan du lese kva elevane får oppleve med Den kulturelle skulesekken i vår.

Onsdag 9.mars får elevane lære om Knut Haugland.
Han deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon, om bord på Kon-Tiki over Stillehavet.

Les meir her




Den kulturelle skulesekken. Bilete frå framsyninga "Snakk om språk"  våren 2015.


18.02.16.
ELEVFORSIKRING

Her kan du lese forsikringa som gjeld for skuleelevane og ungane i barnehagen. Klikk her
(pdf-format)


16.02.16.
FORUT 2015.

Elevane på småskulesteget var hausten 2015 med på FORUT sin barneaksjon "Gode venner i Nepal" og fekk inn kr. 4907.
Pengane går til FORUT sin hjelpeinnsats og gjennreising i Nepal etter dei kraftige jordskjelva våren 2015. FORUT har blant anna hjelpt til med rask gjenopning av meir enn 100 barneskular.
Du kan les meir om FORUT her.
Nedanfor ser du diplomet vi fekk som takk for innsatsen. Vi fekk også aksjonen sitt flotte solteppe.





15.02.16.
EKSTRA MENY I ELEVKANTINA .




15.02.16.
KUNST OG HANDTVERK I 5. KL.




12.02.16.
PENSJONISTFEST.

9. kl. hadde ansvaret for programmet og serveringa på pensjonistfesten onsdag 27. januar.
Inntekta skal elevane bruke til turen med Aktive Fredsreiser.

Sjå bilete. Klikk her



06.02.16.
KYSTKULTUR I 8. KL.

Johan Vadøy underviste elevane i 8. kl. i kystkultur onsdag 3.februar.
Han fekk god hjelp av Birger Grotle. Sjå bilete



04.02.16.
SKULEMAT OG MÅLTID

Helsedorektoratet har laga nye retningslinjer for mat og måltid i skulen og SFO. Les om det på Helsedirektoratet si heimeside her.

Les retningslinje for mat og måltid i barneskulen og SFO her.

Les retningslinjene for mat og måltid for ungdomssteget her.



Taco i 5. kl. 28.01.16. Foto Annette Nødset Rosø


01.02.16.
KHV I 3. OG 4. KL.
"Å vere ein blome"



29.01.16.
SKULEMJØLK

Bruk denne linken for å bestille skulemjølk for våren 2016.

Føresette må bestille mjølk på nytt for våren 2016 dersom elevane fortsatt ønskjer det.




22.01.16.
EKSAMEN I 10. KL.

Her er datoar for skriftleg eksamen 2016. Kva fag elevane våre kjem opp i, får vi vite onsdag 18. mai: (Sperrefrist)

Fredag 20. mai: Matematikk
Tysdag 24. mai: Norsk hovudmål
Onsdag 25. mai: Norsk sidemål
Fredag 27. mai: Engelsk

Les meir her

Munnleg eksamen (lokal eksamen) blir gjennomført torsdag 9 og/eller fredag 10. juni.

Elevane får utdelt vitnemål på sommarfesten torsdag 16. juni.


21.01.16.
SKI OG AKTIVITETSDAG PÅ UNGDOMSSTEGET

Ungdomssteget hadde ein super ski- og aktivitetsdag onsdag 20. januar.

Sjå bilete





19.01.16.
SKIDAG PÅ BARNESTEGET

Elevane våre på barnesteget (1.-7. kl.) fekk ein flott skidag i dag. Det var stor aktivitet og elevane fekk god trening i å stå på langrennski.

Sjå bilde her






19.01.16.
BARNEVAKTEN


"Barnevakten" er ein organsisasjon som gir råd om barn og media.

Onsdag 6. januar fekk Hauge skule besøk av organisasjonen, og elevane på mellomsteget og ungdomssteget fekk opplæring i trygg bruk av sosiale media.

Barnevakten hadde også ansvaret for foreldremøte om kvelden.

Sjå bilete her







18.01.16.
SKIDAG

Elevane på barnesteget (1.-7. kl.) skal ha skidag i morgon tysdag 19. januar i nærområdet.

Hugseliste til i morgon:
God niste (Det er lov å ta med kjeks)
Kald og varm drikke
Sitjeunderlag
Ekstra par med vottar/hanskar
Ski og stavar (Ikkje akebrett!)

Alle møter på skulen til vanleg tid.

1.-4. kl er tilbake på skulen til 6.time (Lekshjelp - SFO...)




Elevane på ungdomssteget skal ha skidag onsdag 20. januar 4.-6. time.


15.01.16.
SNØ

Aktivitetar i snøen.
Klikk her




09.01.16.
JULETREFESTEN 2015

Sjå bilete frå den flotte juletrefesten vår.
Klikk her



08.01.16.
VOLLEYBALLTURNERING

Sjå bilete frå den tradisjonelle volleyballturneringa vår i desember.

Turneringa vart avslutta med kampar mellom tilsette og elevar. Både damekampen og herrekampen enda med siger til dei tilsette.
Klikk her




07.01.16.
SYMJEOPPLÆRING I 1. KL.

Dette skuleåret har vi hatt bassenget ope lenger enn dei siste skuleåra noko som er veldig populært. Det viser bilete frå symjeopplæringa i 1. kl.

Bassenget vil vere ope til 18. mars.




06.01.16.
LUNSJ

Bremanger sanitetsforeining spanderte lunsj på alle elevar og tilsette på skulen fredag 13. desember.

Tusen takk! Det smakte kjempegodt!







05.01.16.
JULEVERKSTAD

Sjå bilde frå juleverkstaden på på barnesteget 8. desember.
Klikk her



04.01.16
JULEAVSLUTNING PÅ SFO

Sjå bilete frå juleavslutninga på SFO heime hos Inger.

Klikk her





02.01.16.
SKULERUTA 2016/2017
(Neste skuleår)

Vedtatt i Skule og barnehageutvalet 25. juni 2015:




11.12.15.
ROBIN HOOD

Elevane i 6. kl har jobba med Robin Hood i engelsktimane denne hausten.

.






07.12.15.
ELEV- og FORELDREUNDERSØKINGA

Klikk her for å svare på elevundersøkinga og foreldreundersøkinga. Legg inn passordet du får med skulen.


12.10.15.
SKULEFRI MÅNDAG 19. OKTOBER.

Måndag 19. oktober skal alle lærarane på kurs. Elevane i 5. - 10. kl. skal ha skulefri denne dagen.
Elevane i 1. - 4. kl. skal ha vanleg undervisning 1. og 2. time. 3.-5. time får alle tilbod om SFO. 6. time går som normalt.

Kåre Magne Moe


17.09.15.
FAMILIEBADING - NYE BILLETTPRISAR

Vaksne kr 35
Barn kr 25


16.09.15.
BADING

Offentleg bading startar måndag 21. september.




06.09.15.
PÅ TUR MED AKTIVE FREDSREISER

10. kl. reiste i går på tur med Aktive Fredsreiser til Polen.

Vi ynskjer elevar, lærar og leirarar god tur.

Kåre Magne Moe
- rektor -

Arkiv:
Sjå bilete frå tur med Aktive Fredsreiser i 2008. Kikk her


Foto: Kurt Hauge



15.08.15.
Nytt skuleår


Nytt skuleår startar måndag 17.august kl. 08.45. Det blir felles opning på skuleplassen.

Kåre Magne Moe
- rektor -


05.08.15.





Haust 2007 - Vår 2015- Klikk her
Haust Vår 2006- Vår 2007 - Klikk her
Haust 2002 - Haust 2005 - Klikk her
Skuleåret 2001-2002 - Klikk her

Skuleåret  1999 - 2000 - Klikk her



TELEFON HAUGE SKULE

2016-2017:

Sekretær/Sakshandsamar
Eli Siv Ytre-Hauge
Telefon 57 79 65 50
.

Telefon rektor/driftssjef
Kåre Magne Moe
959 82 948/57 79 65 55

Telefon fagleiar skule
Roger Nyborg
954 41 469/57 79 65 56

Telefon lærarrom:
57 79 65 63
Telefon SFO

SØKNAD OM SKULEFRI
 
ELEVSKADER - Rutine
 
KLAGERETT - Kap 5
SKULERUTE 2017-2018
SKULERUTE 2016-2017
SKULERUTE 2015-2016
SKULERUTE 2014-2015

Svelgen.no

Opplæringslova
Foreldrenettet
Foreldreveiledning

 Kåre Magne Moe