SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

Spente på alt det nye

BREMANGER: Endeleg kom den første skuledagen som dei har venta på så lenge. Tolv nye førsteklassingar møtte spente fram på Hauge skule, trygt i følgje med mamma eller pappa.

Samen med resten av elevane ved skulen, vart dei helsa velkomne til eit nytt skuleår av rektor Aage Kvendseth. Han ønskte også spesielt velkomne tre nye elevar, som i sommar har flytta frå Nederland til Bremanger.


Opning av ballbingen

Første skuledagen i det nye skuleåret vart også ein litt spesiell dag på fleire måtar. Elevar og lærarar starta dagen med felles samling og offisiell opning av ballbingen, som allereie har vore i flittig bruk sidan i fjor. Ordførar Kåre Olav Svarstad føretok den formelle opninga, og takka alle som har stått på for å få ballbingen realisert.

-  Ballbingen er blitt til ved eit samarbeid mellom stat, kommune og private. At ballbingen var rett satsing er det liten tvil om, den er blitt ein populær tilhaldsstad for små og store både på dagtid og kveldstid, sa han under opninga.

Delt inn klassevis

Prosjektleiar Annette Nødset Rosø og vaktmeister Terje Hauge fekk kvar sin blomebukett for innsatsen sin i samband med ballbingen. Deretter sende ordføraren fire gassballongar til vers, med håp om at dei som finn desse, ringer tilbake til skulen og melder frå kvar dei er funne. Dei 154 elevane ved Hauge skule vart så delt inn i grupper klassevis, og i følgje med kontaktlæraren sin fann dei vegen til kvar sine klasserom. Førsteklassingane og kontaktlærar Monica Liseth Hauge måtte først posere for stolte foreldre, og stilte sjølvsagt også opp for avisa då vi spurte om å få ta eit bilete

Annbjørg Hauge Nygård

57 79 59 80
annbjorg.nygard@enivest.net
 
 
 
Kåre Magne Moe