SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
 

 




 

Desember 2005
ELEVANE SI "ARBEIDSMILJØLOV"

Her kan du laste ned brosjyre som tek føre seg elevene sine rettar når det gjeld fysisk og psykososialt arbeidsmiljø på skulen.

ELEVUNDERSØKINGA 2006

Utdanningsdirektoratet har sendt ut ei brosjyre som informerer om gjennomføringa av Elev-undersøkinga. Brosjyren har også nyttige opplysninger om Foreldre-undersøkinga. Begge skal gjennomførast på Hauge skule.

Les brosjyra


EVALUERING AV SAMARBEID HEIM-SKULE

40 % av foreldra leverte svar. Dei aller fleste var i all hovudsak nøgde med heim – skule-samarbeidet. Sjølv om svarprosenten var låg, fekk vi nyttige tilbakemeldingar på område vi kan verte betre. Les meir

MATEMATIKK-KVELD FOR FORELDRE
Hauge skule og Arbeidsutvalet i foreldrerådet inviterer til matematikk-kveld for foreldre. Kurshaldar er Mona Røsseland.Les meir

Siste:Det var godt oppmøte og forelesar var dyktig og engasjerande.Les meir

JULEBALL
10. arrangerte juleball laurdag 17.12.

:
JULEFEST.


Julefesten for barnesteget vart noko av det beste vi har sett og høyrt på lenge. Elvane framførte godt og variert program. Til og med nissane var fornøgde i år!

Sjå bilete her
 

GULLKLOKKE
Rolf Ryland og Ruth Marit Igland har fått gullklokka for 25 år samanhengande arbeid for Bremanger kommune.Gåva fekk dei på kommunestyremøtet tysdag 13.desember.Sjå bilete

JULEVERKSTAD I 1. OG 2.
Sjå bilete


PEPARKAKEHUS.


Elevane på småskulesteget lagar flotte peparkakehus i tida før jul.


Sjå bilete

PSYKISK HELSEDAG
Elevar og lærarar på ungdomssteget deltek måndag 15.desember på psykisk helsedag i Svelgen.Dette er eit tilbod til alle ungdomsskuleelevane i Bremanger. Du kan lese litt om arrangementet i Firdaposten.(sjå Barn og nettverk!)
Les programmet her


ORIENTERING I DESEMBER.


Elevane på mellomsteget imponerer med orientering på fjellet i desember!

Sjå bilete.
 

ADVENTSKALENDER.
På skolenette sin adventskalender kan du prøve deg på små naturfagoppgåver. Den er laga av Naturfagsenteret og passar best for ungdomssteget. Julekalender.
På matematikk.org si heimeside, kan du jobbe med matematisk julekalender. Julekalender.

November 2005
TENTAMEN
og IKT
Tentamen på ungdomssteget nærmar seg slutten. I norsk og engelsk brukar elevane data og tekstbehandling når dei skriv oppgåva. I engelsk blir også digital ordliste nytta. 10. bruker læringsplattformen "ClassFronter" når dei leverer oppgåvene. Innleveringa skjer ved at det endelege dokumentet blir lasta opp på ein server.Rolf rettar oppgåvene digitalt og laster dei ned att til elevane med retting og karakter.

VOLLEYBALLTURNERING 2005

Volleyballturneringa starta i dag med kamp mellom 8A og 8B gutar. 8A vann kampen 2-0. Mange kampar skal spelast i tida framover. Turneringa blir avslutta siste skuledag før jul med finalekampar og kamp mellom elevar og lærarar.
 

SLIK BESKYTTER DU UNGANE PÅ NETTET.
Les artikkel på www.dinside.no om dette viktige temaet. Les her!
Les også kva nettekspert Elisabeth Staksrud i SAFT svarde på spørsmål om barn og internett Les her

AKTIVITETSVAKE.
Elevane på ungdomssteget brukte heile kvelden og natta til aktivitetar som bordtennis, fotball og volleyball. Det vart også tid til film og pizza. Kl. 07.00 fredag 25.11 var den aktive natta over.Elevrådet får mykje ros for det gode opplegget. Sjå bilete!

BRUK REFLEKS!
Hauge skule vil oppfordre alle til å bruke refleks når ein skal ferdast ute på vegane i mørkret.
Les om refleks her
Trygg Trafikk si nye heimeside finn du her.


HITCOMET.


Elevane i 10. er ferdig med programmet "Hitcomet" Du kan no høyre og sjå resultata på heimesida til Hitcomet.

Søk etter melodiane her.

NETTAVISA
Fleire saker er no klare på nettavisa. Les dei her

FLEIRBRUKSHALLEN - STOR AKTIVITET
Det er stor aktivitet også like ved skulen vår. Det er arbeidet med fleirbrukshallen som pågår, og no blir det frakta mykje stein vekk frå halltomta.

1.ÅRSSTEG PÅ FJELLTUR
1.er ofte ute på turar, og her kan du sjå eit flott bilete frå ein turane som dei nyleg var på. Sjå fleire

KAPPABEL
9.årssteg skal også i år delta i matematikkonkurransen "KappAbel". Runde 1 startar om ei veke. Du kan lese om konkurransen her

HITCOMET.
Elevane i 10. bruker nettprogrammet "Hitcomet" i musikkundervisninga til å lage musikk, CD-cover, videoe og presentasjon. Samstundes lærer dei nettvet.

Sjå bilete
Lær meir om programmet her.

DET BLIR IKKJE NASJONALE PRØVER!
Kunnskapsminister Øystein Djupedal har bestemt at det ikkje skal gjennomførast nasjonale prøver dette skuleåret.



Foto: Annbjørg Hauge Nygård
ELEVBEDRIFT

Frida Galaasen har starta elevbedrift på Hauge skule.

Kvar tysdag og annankvar torsdag sel ho torske - hamburgarar i mat - friminuttet

Les reportasjen til Firdaposten her

TENTAMEN
Datoane for juletentamen er klar. Sjå liste her

MATEMATIKKDAG.

Småskulesteget har hatt matematikkdag med ringspel, fotballbowling, geobrett, kortspel, yatzy, stigespel, ballbøtte med terningkast, faste oppgåver m.m.

Sjå bilete
 



AKTIVITETSDAG Oktober 2005

60 m, stille lengde, høgde og kappgang.
Innsatsen var stor for å klare krava til idrettsmerke. Fotballkampane i ballbingen var populære, og dommaren var god.
Pølse med brød er tradisjon på aktivitetsdagen.

Sjå bilete

REGLAR FOR BRUK AV IKT
Hauge skule sine reglar for bruk av IKT kan du lese her


FLOTTE DAGAR -
Oktober2005

Det har vore mange uteaktivitetar på skulen i det flotte veret vi har hatt måndag og tysdag. I dag var blant anna 8. på tur ut til Kvidalen. Ein triveleg dag ut mot havet


Sjå bilete



 

OPERASJON DAGSVERK 2005
Elevane i 9.deltek også i år på Operasjon dagsverk. Måndag 17.oktober skal dei arbeide ein dag for å tene pengar til kampen mot menneskehandel i Brasil. Les meir på www.od.no.

JULETREFEST
Det er kansje litt tidleg å snakke om jula alt no, men vi opplyser likevel om at Hauge skule sin tradisjonelle juletrefest i år blir torsdag 15.desember.


TRAPPESONG. - Oktober 2005
Syng ,syng,syng og ver glad, syng med din stemme.... Barnesteget hadde sin første trappesong dette skuleåret med bl.a. songar som "Krystallklare dager" og "Høstsamba"
Sjå bilete

 

ELEVTAL
Det er i dag 154 elevar på Hauge skule. 77 jenter og 77 gutar!


MELLOMSTEGET PÅ MUSEUM.

September 2005


Elevane på mellomsteget var på Nordfjord museum måndag 19.september. Tema var "vatn".

Sjå bilete


INFORMASJON TIL HEIMEN


HAUGE SKULE
SEPTEMBER 2005

Les her

RETTAR OG PLIKTER - 23.September 2005
Hefte om retter og plikter i den offentlege skulen kan du lese her
KUNNSKAPSLØFTET
Her finn du informasjon om kunnskapsløftet.

KUNSTUTSTILLING - September 2005

Elevane i 4. har vore på kunstutstilling i Gamleskulen i Kalvåg. Dei fekk sjå flotte bilete av Nicolai Astrup.Han vart fødd på prestegarden i Kalvåg 30.august 18.80.
Etterpå besøkte dei elevar på Frøyen skule
.

Sjå bilete



FJELLTUR. - August 2005

Ungdomssteget har også denne hausten vore på fjelltur saman. I år gjekk turen opp Fagredalen og ned att inn i Førds.
Sjå bilete

 

PERSONALSEMINAR
Dei tilsette på Hauge skule skal ha personalseminar i Bergen 16.-18. september om visjon og pedagosgisk plattform.

VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR !


Skulen startar måndag 22.august kl. 08.45.
Det blir felles opning. Alle møter ved inngangen til barnesteget.
Skuleruta for 2005-2006 kan du lese her
Skulerutene for heile landet finn du her


SKULEÅRET 2004/2005:
MUNNLEG EKSAMEN
Alle elevane i 10. kom opp til munnleg eksamen. Måndag 13.juni var elevane opp i norsk, samfunnsfag og natur og miljøfag.

Det vart svært gode resultater.


AKTIVITETSVEKE I 9. - 2.juni 2005

Elevane i 9. i Bremanger har hatt ei spennande aktivitetsveke.

Sjå bilete


TIL HEIMEN - 31.Mai 2005
INFORMASJON OM BYGGING AV BALLBINGEN - DUGNAD


Straks vi hadde finansiert ballbingen, underteikna vi kjøpekontrakta. Nordvestbingen kjem allereie i veke 23.

Grunnarbeidet, skal utførast av Geir Førde. Det startar opp 01. 06. Vegen opp til skulen ved Heimen vert heilt eller delvis stengd resten av skuleåret.

Vi ber difor om at alle nyttar dei andre tilkomstvegane til skulen i byggeperioden.

Elevane, foreldreutvalet og vi alle har venta lenge på ballbingen. Endeleg skjer det noko! Skulen har rekna inn ein del foreldredugnad i prosjektet. Vi treng foreldre til:
- Avrettingsarbeid
- Boring av hol til feste i grunnmuren
- Å delta i montering av bingen – det vert truleg 18.-19.6.
- Å beise bingen
- Rydde
- Lage kaffi/vaflar til dugnadsgjengen…
- Anna arbeid som kjem til undervegs.

Meld dykk til prosjektleiaren vår, Annette Nødseth Rosø , telefon 95 04 40 31, så vil ho spørje dykk når det trengst ei hand. De kan og ringje skulen, 57 79 65 50, og melde dykk til innsats.

Med helsing

Aage Kvendseth
-rektor-

Annette Nødset Rosø
-prosjektleiar-

VI HAR FÅTT TIPPEMIDLAR TIL BALLBINGEN 27.mai 2005

Skulen fekk i dag melding om at vi har fått 200.000 kr i tippemidlar til ballbingen. Dette utøyser 100.000 frå Bremanger kommune. Vi har sjølve samla inn over 100.000 kr frå lag/organisasjonar og enkeltpersonar i bygda.

Prosjektleiar Annette Nødset Rosø lyste som ei sol då ho fekk meldinga og vi gleder oss alle til at sjå store og små elevar i aktivitet i ein den flotte Nordvestbingen vi no teiknar kontrakt på. Den er 13 x 27 meter og skal ligge nede ved vegen mot Heimen.

Viss alt klaffar og grunnarbeidet vert gjort raskt, folk stiller til dugnad når det vert aktuelt, er målet vårt faktisk å få sett bingen opp før sommarferien!

Foto:www.nordvestbingen.no

15 BÆRBARE PC-AR I GÅVE FRÅ TELENOR! 26 .mai 2005

Som ein av to skular i Bremanger fekk Hauge skule 15 bærbare PC-ar i jubileumsgåve frå Telenor. Ei stor og positiv overrasking frå ein 150-åring!

Telenor har og utvikla digitale læremiddel som skal bidra til meir medviten bruk av IKT for ungdom både i skuletida og i fritida. Det eine, HIT-COMET er ma. utvikla i samarbeid med Redd Barna. Dette tek føre seg m.a internett som kjelde for skulearbeid, tryggleik, chatting og mobbing. Det andre, GlobalCountdown, er eit forhandlingsspel med fokus på IKT-etikk og miljø. Dette er program vi vil ta i bruk.

Vi set stor pris på denne gåva. Bærebare PC –ar er noko vi m.a. treng til vårt nye ”Matematikken sitt rom” som snart er ferdig til bruk.
Meir om gåva kan du lese på www.telenor.no/skole

EKSAMEN I ENGELSK
Elevane i 10. hadde i år skriftleg eksamen i engelsk.

UTVIKLINGSPLANEN 2005-2006 6.mai. 2005
Utviklingsplanen for Hauge skule neste skuleår kan du lese her

FORMINGSAVDELINGA PRIORITERT FRAM - 3.mai 2005
I saka om rehabiltering av skulebygg, som kommunestyret handsama den 26. april, vart formingsavdelinga på Hauge skule flytt opp frå siste til andre prioritet.
Dette set vi på Hauge skule stor pris på, og vi vonar at utbetringsarbeidet kan ta til så snart som råd.
Elevar og tilsette ser fram til å få ei moderne avdeling for det nye kunst- og handverksfaget, ei avdeling der krava til helse, miljø og tryggleik er imøtekomne.

FORMINGSAVDELINGA STENGT TIL 2012? 14.april. 2005
I administrasjonssjefen sitt framlegg til prioritering av bruk av rehabiliteringsmidlar for skulane i kommunen, er Hauge skule med den stengde formingsavdeling prioritert lågast av alle.

Både driftssjefen og klubben ved skulen reagerer kraftig på dette og har sendt kommentarar og spørsmål til den politiske og administrative leiinga i kommunen.

Hauge skule krev at utbetringar ved skulen må skje no – ikkje ein gang i framtida

LÆRARSTEMNE I SOGNDAL 13.april. 2005
Fleire tilsette på Hauge skule deltek på lærarstemnet i Sogndal førstkommande torsdag og fredag.

Programmet kan du lese her.

PERSONVERN I SKULEN 12.april. 2005
På heimesida til Datatilsynet kan du blant anna finne svar på spørsmål som du måtte ha om bruk av personnummer og elevlister.
Les her og her

Skuleruta for 2005-2006 28.februar -2005
Skuleruta for 2005-2006 er klar. Les den her
Skulerutene for heile landet finn du her

Kulturskulen opna konferanse - 13.februar -2005
Ein stor tverrfagleg konferanse i Loen om barn og unge sine oppvekstvilkår vart den 9. februar opna av fire elevar og rektor frå kulturskulen i Bremanger.

Les meir

Formingsavdeling stengt 22 novt -2004
Verneombodet har stengt sløydsalen p.g.a. helsefare. Leiinga vil følgje opp saka.
Les kva Firdaposten skriv.

Skuleskyss/skuleveg-undersøkinga 18.novt -2004
Les ei oppsummering av undersøkinga som vi hadde her

Digitalt samarbeid 25.okt -2004
I samarbeid med arbeidsutvalet i foreldrerådet inviterer Hauge skule foreldre/føresette til eit ope møte om temaet "Digitalt samarbeid" måndag 1.november kl. 18.00.

Les meir

Lokalhistoria på 1800-talet
8. har valt å legge ekstra vekt på å lære lokalhistoria Dei brukar arbeidsmetoden "storyline" for å bli godt kjende med korleis det var i Bremanger/Kalvåg på 1800-talet

Les meir.

Matematikktil etter nons 25.okt-2004
Hauge skule skal tre år framover delta i eit nasjonalt matematikkprosjekt: ” Matematikk til glede og nytte”. Prosjektet skal m.a. stimulere til ei elevaktiv matematikkundervisning med vekt på utforsking og oppdagingar, heiter det i målformuleringa.

Som eit ledd i satsinga vår på dette faget vil vi gjerne komme foreldre i møte med fagleg rettleiing og hjelp. Vi har kalla det "Matematikk etter nons"
Les meir

Beredskapsøving 6.okt-2004
Ein buss med elevar og lærarar på skuletur kolliderer med ein personbil. Bussen køyrer utfor vegen, personar blir skada og bilen tek fyr. Heldigvis var det berre ei øving.
Les meir i Firdaposten - Sjå biletserie i Firdaposten

Berdskapsøving
Hauge skule sine bilete frå øvinga kan du sjå her.

Bassenget
Bassenget opnar måndag 18.oktober.

Informasjon til heimen
Ny informasjon til heimen kan du lese her

SKULEÅRET 2003-2004:

Nettavis                                           
Den nye avisa  til 7. er på nettet. Les her

Stor dugnadinnsats
Skulen og barnehagen samarbeider om å lage til ein ”leirplass” for barna/dei yngste elevane. 24.mars var første dugnadsdag
Les meir             

Forsikring 
Lurer du på slags forsikring Bremanger kommune har på skuleelevane? Les her                                     15.desember 2003

Ein skuledag med mykje matematikk
På småskulesteget hadde elevane ein heil dag med berre matematikk. Sjå bilete                                     20.november 2003

Akvarellmaling i 6.              6.nov
Ragnhild har lært oss korleis vi skal male med akvakell. Les meir her


Nettips                                                     4.nov
Tips til foreldre og elevar når det gjeld  trygg surfing på internett for elevar  Les dei her

Leige av lokale  i skular og barnehage?  4.nov
No er satsande for leige av lokale i skular og barnehage klare. Les her kva det kostar.

Fiske og fangst på timeplanen i 5.             1.nov
Etter ekskursjonen  til Vingen drog 5.vidare til Hennøystranda . På time - planen i to dagar stod  fisking  med garn, line og snøre. Dessutan drog dei krabbeteine. Sjå bilete


Informasjon til elevar og føresette          26.okt
Elevar og foreldre har no fått nytt informasjonskriv for skuleåret 2003-2004. Les her

Ny rektor/driftssjef                               5.august
Aage Kvendseth er tilsett som  rektor/driftssjef på Hauge skule frå 1.august. Han tek over etter Svein Kåre Senneset, som har teke fast imot stillinga som Helse og sosialsjef i Årdal kommune. Aage har vikariert for Svein Kåre skuleåret 2002/2003

SKULEÅRET 2002-2003:

Hauge skule har fått nye fane til 17.mai
Eldrid har gjort eit flott arbeid og skulen har fått ei fane vi kan vere stolte av. Les meir og sjå bilete

7.kl inspirert av van Gogh                22.april 2003
7.kl har blitt inspirert av  malaren Vincent van Gogh. 
Resultatet vart fleire fargerike maleri. 
Sjå nokre av maleria her


Tannhelse i 1.kl                                19.april 2003
I 1.klasse fekk vi besøk av Nelly og Mary Jane, og dei lærde oss korleis vi skulle pusse tennene våre. 
Sjå bilete

Mobbing                                            11.april 2003
Frå og med 1.april kunne norske elevar klage på mobbing med lova i hand. 
Les elevane si nye arbeidsmiljølov 
Les Hauge skule sin handlingsplan mot mobbing

Konfirmantane imponerte                      
Konfirmantane har framført musikalen "Kristin" og fekk god kritikk i Firdaposten. Les meir

Storyline i 5.kl
Ruth Marit er øvingslærar og har hatt lærarstudentar i praksis i 5.klasse Dei hadde mykje "Storyline" 

Les om arbeidsmetoden.

3.kl inspiserer arbeidet med fana
3.kl har vore på besøk hos Eldrid for å sjå korleis det går med fanearbeidet. Sjå bilete

Kunstutstilling i 3.klasse                  31.mars 2003
3.klasse inviterte foreldre og sysken på kunstutstilling i DS Foto sine lokaler. Les kva firdaposten skreiv

Leirskule på Dombås                        31.mars 2003
7.kl var strålande fornøgde med leirskuleopphaldet på Dombås. Sjå bilete
Her kan du lese frå tidlegare opphald. 

Trappesong                                               31.januar 2003
Siste fredag i månaden er det tradisjon med trappesong for 1.-7.kl med songar frå "Positivt skulemiljø" Det var stor stemning, frisk song akkompagnert av Jarle Grotle. 7.kl debuterte med sjølvlaga song. Sjå bilete

Lesevake i 3. og 4.kl
Elevane las i bøker og overnatta på skulen. Sjå bilete

Hjort på timeplanen
I grunnskuleveka handla det mykje hjort. Elevane var på hjortejakt, laga hjortgryte, hadde hjorteutstilling, skreiv hjorteforteljingar.....   Sjå bilete av hjorteutstillinga

Hjortejakt
1. og 2.kl har vore på hjortejakt i grunnskuleveka. Sjå bilete frå den spennande jakta.

Verkstadpedagogikk
2.klasse har verkstadpedagogikk om fredagane. Sjå bilete

Opning av skulekantina
Måndag 21.november opna skulekantinta. Drifta er det 9.kl som tek seg av. Meny og bilete

Konsert med Krohnengen Brass Band
Krohnengen Brass Band hadde ein flott konsert for alle elevane på skulenKorpset er  eitt av dei beste brassbanda i landet.Sjå bilete

1.kl har studentar på besøk
Gerd Lillian er øvingslærar og har denne veka to studentar i praksis. Dei fekk ei dose friluftslivspedagogikk. Sjå bilete

Informasjonshefte til heimane
Elevar og foreldre vil i desse dagar få eit informasjonshefte frå skulen.  Her kan du  lese heftet

På fisketur med Oppstad
9.kl fekk ein svært flott dag ombord i Oppstad. Dei drog garn og  filiterte fisk. Hummarfangsten var populær.
Sjå bilete

4.kl på leit etter fine steinar

4.kl har vore på Grotle og leita etter fine steinar. Sjå bilete


Fotballens dag
Alle skulane i landet vart oppfordra til å arrangere foballen sin dag. Småskulesteget tok dette på alvor. Sjå bilete

Fotballkamp mot svelgarane
Ungdomsskulen i Svelgen var tidleg i haust på telttur til Bremangerlandet og elevane våre  spelte fotballkamp mot dei. Sjå lagbilete

Fanekonkurranse
Her kan du sjå bilete av korleis den nye fana vår kjem til å sjå ut. Vinnarmotivet er laga av 2.kl våren 2002


1.klasse
Her kan du sjå eit bilete av dei nye elevane i 1.klasse

Skuleåret 2001-2002 - Klikk her

Skuleåret  1999 - 2000 - Klikk her



Utdanningsforbundet
Norsk Språkråd
Skulelenkjer

Gamle naboar

Svelgen.no


 
 Kåre Magne Moe