Kåre Magne Moe:

SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Mobbing
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
   
 
   
   
   
   
   
 

 



E-post: hauge.skule@bremanger.kommune.no


14.06.15.
KLAGERETT

Les om retten til å klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar m.m.i forskrift til Opplæringslova kap. 5. Klikk her.

Les meir om klage på eksamenskarakter på UDIR si heimeside. Klikk her


13.06.15.
FRÅVÆR PÅ VITNEMÅLET

Les informasjon om føring av fåvær på vitnemålet i forskrift til oppplæringslova § 3-41 . Klikk her


13.06.15.
VURDERING I VALFAG


Elevene skal få standpunktkarakter når et valgfag avsluttes. Elevene kan velge samme valgfag om igjen, og da avsluttes det ikke etter første år. Ved slutten av ungdomstrinnet kan eleven ha hatt bare ett valgfag og én karakter, eller flere valgfag og flere karakterer. Alle karakterene skal stå på vitnemålet, men det blir beregnet et gjennomsnitt som teller ved opptak til videregående opplæring.Les informasjon om vurdering i valfag. (www.udir.no)


25..05.15.




25.05.15.
17. mai
Sjå bilete frå 17. mai-feiringa på nettavisa vår. Klikk her.




27.04.15.
Foredrag om fysisk aktivitet





16.03.15.
Offentleg bading

Bassenget stenger fredag 27.mars.

Siste dag med offentleg bading i denne omgang blir då tysdag 24.mars.

Vi satsar på å opne bassenget ein peridoe frå skulestart eller etter haustferien.

Mvh

Hauge oppvekst

Kåre Magne Moe
- driftssjef -


15.03.15.
SFO

Les om SFO-tilbodet vårt i nettavisa vår. Klikk her




14.01.15.
Klassequiz

10. kl. har delteke på NRK sin klassequiz i dag. Du kan høyre sendinga kl. 08.30-09.00 i morgon. Det blir spennande!

Les meir om klassequizen her.


14.01.15.
Offentleg bading
Vi har starta opp med offentleg bading


17.12.14.
Gudstjeneste i skuletida

Les kva utdanningsdirektoratete skriv om gudstjeneste i skuletida . Klikk her


12.12.14




12.12.14






28.10.14.




09.10.14.
FIBERUTBYGGING

Neste år blir det fiber på Hauge skule.

Les om fiberutbygginga på heimesida til Bremanger kommune her


07.09.14.
SKULERUTA 2015-2016

Framlegg til skuleruta for skuleåret 2015-2016 kan du lese her


27.08.14.





18.08.14.

SKULESKYSS
Elektroniske skulekort.

Alle elevar som har rett på skuleskyss, får no elektroniske skulekort. Dei er blitt utlevert på skulen i dag. Det er viktig at "skysselevar" har med korta kvar dag dei skal bruke skyss.

Desse har rett på skuleskyss grunnskulen:

Elevar i 1.kl som bur meir enn 2 km frå skulen
Elevar i 2.-10.kl som bur meir enn 4 km frå skulen
Elevar utan skyssrett kan reise med bussen som vanlege passasjerer.

Elevane har fått med brosjyre om ordninga heim.


Kåre Magne Moe
- rektor-


07.08.14.

VALFAG PÅ UNGDOMSSTEGET

Alle elevane på ungdomssteget skal i år ha valfag. Elevane får ein time ekstra undervisning pr. veke. (31 t)

Tysdagane skal elevane ha undervisning i valfag kl. 13.35-15.05.


Elevane som har rett på skyss, får skyss heim etter at undervisninga er ferdig.Bussane går kl. 15.10.


05.07.14.
GOD SOMMAR


Hauge skule ynskjer alle ein god sommar.

Nytt skuleår startar 18.august kl. 08.45. Skuleruta kan du lese her.

Alle i administrasjonen har ferie i veke 29,30 og 31.


Kåre Magne Moe
- rektor -


04.07.14.
STOR TAKK

Bremanger kommune ynskjer å rette ei stor takk til dei som var med på å gjere aktivitetsveka i Myklebustdalen til ein suksess! Les på heimesida til Bremanger kommune her .


24.06.14.
Tobakksfrie
skular og barnehagar

Nye lovendring frå 1.juli. Les her.


23.06.14.
BASSENGET


Bassenget opnar igjen måndag 5.januar 2015.


22.06.14.
SØKNAD OM SKULEFRI


Skjema for søknad om skulefri utover tre dagar finn du her.
På søknader opp til og med tre dagar brukar du meldingsboka og får svar med kontaktlærar.


20.06.14.
SLUTT PÅ GRATIS SKULEFRUKT


Elevane vil ikkje få frukt på Hauge skule frå komande skuleår. Les meir her


02.04.14.
STENGING AV BASSENGET


Bassenget blir stengt frå fredag 11.april etter skuletid. Vi håpar å kunne opne igjen til hausten.


28.04.14.
SOMMARFESTEN 2014


Hauge oppvekst sin sommarfest blir i år arrangert torsdag 19.juni kl. 18.00 i Bremangerhallen.

Programmet inneheld blant anna utdeling av vitnemål til elevane i 10.kl, presentasjon av elevane i 1.kl og 8.kl neste skuleår og underhaldning.



14.04.14.
SJUMILSSTEGET - ENGASJERTE UNGDOMAR


Den 09.04.14 deltok representantar frå elevråda i alle skulane i kommunen på ei samling for å utvikle ei lokal demokratiopplæringsplan. Les om dette på heimesida til Bremanger kommune her.


02.04.14.
STENGING AV BASSENGET


Bassenget blir stengt frå fredag 11.april etter skuletid. Vi håpar å kunne opne igjen til hausten.


16.03.14.
LEDIGE STI
LLINGAR FOR LÆRARAR OG BARNEHAGELÆRARAR 2014-2015

Du finn dei ledige stillingane på heimesida til Bremanger kommune. Klikk her


02.03.04.
TENTAMEN OG EKSAMEN I 10.KL

Tentamen:


• Torsdag 20.mars Matematikk
• Fredag 21.mars Førebuingsdag i norsk
• Måndag 24.mars Norsk H
• Tysdag 25.mars Norsk S
• Onsdag 26.mars Førebuingsdag i engelsk
• Torsdag 27.mars Engelsk

* Onsdag 23.april Førebuingsdag i engelsk
• Torsdag 24.april Engelsk
• Fredag 25.april Førebuingsdag i norsk
• Måndag 28.april Norsk H
• Tysdag 29.april Norsk S
• Onsdag 7.mai Førebuingsdag i matematikk
• Måndag 12.mai Matematikk


Eksamen:
Datoar for eksamen kan du sjå på www.udir.no. Klikk her
15.mai får elevane vite kva fag dei skal ha skriftleg eksamen i.

Torsdag 12.juni er det lokal (munnleg) eksamen.

 

23.01.14.
SKULERUTA 2014-2015

Fylkesmannen sitt framlegg til skulerute for 2014-2015 kan du lese her. (pdf)

Skuleruta er ikkje vedteken enno, men det er sjeldan den avviker frå framlegget.
.


13.01.14
.LUS



Les meir på heimesida til Bremanger Kommune her


Oppdatert informasjon 18.02.14 frå helsesøster:

Det er lusfritt på skular og barnehagar i Bremanger
.



02.01.14.
BADING

GODT NYTTÅR
!

Offentleg bading startar måndag 6.januar.



Kåre Magne Moe
rektor/driftssjef



12.12.13.
BEST I LANDET TIL Å REKNE

8.klasse på Hauge skule er den beste klassen i landet i nasjonale prøve i rekning i 2013
.
Les om det på Nettavisen her

VI GRATULERER !





08.12.13.
BESØK AV MILJØAMBASSADØR

Onsdag 11.12 får ungdosmssteget besøk av miljøambassadør Anne Olga Syvertsen. Les om miljøambassadørane her.
Les presentasjon av Anne Olga Syvertsen her.
.



16.11.13.
JULETREFEST

Hauge oppvekst sin juletrefest blir i år arrangert torsdag 19.desember kl. 18.00 i Bremangerhallen.



26.10.13.
INFORMASJON TIL SØKJARAR TIL VIDARGÅANDE OPPLÆRING 2014-2015 OM KONSEKVENSANE AV SKULEBRUKSPLANEN.

Klikk på lenke nedanfor for å få informasjonen om konsekvensane av skulebruksplanen som no er lagt på heimesida til fylkeskommunen. Dette er viktig informasjon for elevar og føresette i 10 klasse.

Klikk her


14.09.13
Til foreldre/føresette til elevane på ungdomssteget

“LÆR Å MOBBE!”

Dato: Onsdag 18. september 2013
Klokkeslett: 19.00-20.00
Stad: Hauge skule, klasserommet til 9. kl. og 10. kl.
Tema: Mobbing

Onsdag 18. september får vi besøk av komikar Tor Arne Johnsen.
Han skal ha framsyning for elevane på ungdomssteget 5. time, og om kvelden blir det framsyning for foreldra. Temaet for framsyningane er mobbing.

Tor Arne Johnsen var sjølv eit mobbeoffer på barneskulen, og som vaksen komikar brukar han erfaringane frå den gong til å arbeide mot mobbing.
Framsyninga heiter “LÆR Å MOBBE! – en annerledes, morsom og meget engasjerende antimobbetime med 4. amanuensis dr. Gunnar Pensum”.


Det vil vere mogeleg å ta bussen frå Bremanger til Kalvåg kl. 20.00.

Les meir her.

Les også reportasje i Møre-Nytt her.

Helsing
Kåre Magne Moe
- driftssjef/rektor-


13.09.13.
KLASSEFORELDREMØTE HAUSTEN 2013

1.kl: Tysdag 24.september kl. 17.30
2.kl
3.kl: Torsdag 19.septmeber
4.kl:
5.kl: Tysdag 17.september kl. 17.30
6. og 7.kl: Tysdag 17.september kl. 19.00
8.kl: Måndag 23.september kl. 18.00
9.kl: Måndag 30.september kl. 17.00
10.kl: Måndag 25.september kl. 19.00

Møtestad er klasseromma.


25.08.13.
Fjordenes Tidene si nettavis 19.08.13. Klikk her




05.08.13.
SKULESTART

Nytt skuleår startar måndag 19.august kl. 08.45. Alle møter på skuleplassen til felles opning av skuleåret.

Kåre Magne Moe
Rektor/Driftssjef



04.08.13.
ÅRSMELDING SFO

Årsmeldinga 2012-2013 kan du lese her.


12.06.13.
FRÅVÆR PÅ VITNEMÅLET - KLAGERETT PÅ STANDPUNKTKARAKTERAR

Klagerett på standpunktkarakterar
Les informasjon i forskrift til Opplæringslova kapittel 5. Klikk her.

Føring av fråvær på vitnemålet
Forskrift til opplæringslova § 3-41. Klikk her
Opplæringslova § 2-11. Klikk her


19.05.13.
17.MAI

Sjå bilete frå 17.mai-toget på nettavisa. Klikk her




18.05.13.
LEDIG STILLING SOM FAGLEIAR

Stillinga som fagleiar skule på Hauge oppvekst er ledig frå 1.august dette året. Stillinga vil bli lyst ledig på heimesida til Bremanger Kommune og i lokalavisene. .


16.05.13.
WEBKAMERA
Sjå Firdaposten sitt webkamera mot Bjørsvika her. Du kan følgje utbygginga av nærmiljøanlegget som no er i gang for fult. Kamera er plassert på Hauge skule.




14.05.13.
SOMMARFEST
Sommarfesten vår i år blir arrangert torsdag 20.juni kl 18.00 i Bremangerhallen. Utdeling av vitnemål til 10.kl, presentasjon av elevane i 1.kl og 8.kl og programinnslag frå elevane på skulen og ungane i barnehagen står på programmet vårt.


Foto: Utdeling av vitnemålet til 10.kl i 2011

12.05.13.
FORSIKRING

Forsikringa som gjeld for elevane våre kan du lese her.


17.03.13.
BASSENGET

Bassenget vil vere ope til 26.april. Siste dag med offentleg bading er tysdag 23.april.


17.03.13.
LEDIGE STILLINGAR FOR LÆRARAR OG FØRSKULELÆRAR

Klikk her for å sjå utlysning.


15.02.13.



05.02.13.
Lyst til å vere med på leik, moro med varierte aktivitetar?

Nye Bremanger har gjort avtale med Rogier van Oorschot og Norway AdvenTURes om å lage til aktivitetar første veka i skuleferien.
Tilbodet vil vere for alle skuleelevar i Bremanger kommune frå første klasse til og med tiande klasse.

Aktivitetane vil verte lagt til Bremanger. (Hauge, Igland med omegn) Det vil vere eit vidt spekter av aktivitetar i heile veke 26 (24. – 28. juni).
Norway AdvenTURes tilbyr oss ein variert meny over aktivitetar som fiske, kano/kajakkpadling (høve for kursing av dei eldste barna), klatring/ rappellering, flåtebygging, bading, fjellturar og et bred spekter av gruppeleik.

Søknadfrist er 1.mars.

Les meir om tilbodet frå Nye Bremanger her


14.01.13.
SKULERUTA 2013-2014
Klikk her for å sjå skuleruta for neste skuleår.


21.12.12.
OFFENTLEG BADING
2013



Legg merke til at familiebadinga om måndagane er utvida. Badetida for damene er redusert. Nye Bremanger låner bassenget frå kl 14.30-17.00 om tysdagane.





27.10.12.
BADING
Bassenget vil bli opna måndag 7.januar.

Kåre Magne Moe
driftssjef


25.08.12.
SFO
Informasjon om opningstider og organisering av SFO hausten 2012 finn du her.


19.08 2012
VELKOMEN TIL NYTT SKULEÅR

Vi startar opp med samling på skuleplassen måndag 20. august klokka 8.45.

Kåre Magne Moe
driftssjef



09.07.12
SOMMARFERIE


Vi ynskjer alle ein god sommar. Nytt skuleår startar måndag 20.august kl. 08.45.


20.06.12
FRÅVÆR PÅ VITNEMÅLET

Informasjon om føring av fråvær finn du her.


09.06.12
Bremanger kommune
Hauge skule

TIL HEIMEN

INVITASJON TIL SOMMARAVSLUTNING

 

De blir med dette inviterte til felles skuleavslutning i Bremangerhallen
tysdag 19. juni klokka 18.00 – 19.30.
Elevane vil då underhalde med ulike programinnslag.

Vi vil òg presentere dei nye elevane våre frå Kalvåg oppvekst, og dei som skal byrje i 1. klasse til hausten.

Vi minner om at første skuledag i august er måndag 20. august kl. 8.45.

Vennleg helsing
Kåre Magne Moe
konst. driftssjef


31.05.12
LEDIG STILLING SOM FAGLEIAR

På Hauge oppvekst er det frå 1.august ledig stilling som fagleiar skule. Søknadfrist er 11.juni. Les meir om stillinga her.


01.06.12



22.05.12
EKSAMEN

Elevane i 10.kl gjennomførte i går skriftleg eksamen i matematikk.


05.05.12
SKULERUTA 2012-2013



12.04.12
TENTAMEN

10.kl:

  • Måndag 07.05 – Norsk
  • Tysdag 08.05 - Matematikk
  • Torsdag 10.05 – Engelsk
  • Fredag 11.05 - Norsk

8. og 9. kl:

  • Fredag 25.05 - 9.kl Norsk H
  • Tysdag 29.05 – 9.kl Norsk S
  • Tysdag 29.05 - 8.kl Matematikk
  • Onsdag 30.05 – 9.kl Matematikk
  • Onsdag 30.05 – 8.kl Engelsk
  • Torsdag 31.05 – 9.kl Førebuing engelsk
  • Fredag 01.06 – 9.kl Engelsk
  • Måndag 04.06 - 8.kl Norsk (4 første)

    Dersom tentamen i 8.kl og 9.kl kolliderer med eksamen i 10.kl, vil det bli forandringar.

    Kåre Magne

19.03.12
EKSAMEN 2012

Tysdag 15.mai kl 09.00: Elevane får vite fag.

Måndag 21.mai: Eksamen i matematikk
Onsdag 23.mai: Eksamen i norsk hovudmål
Torsdag 24.mai: Eksamen i norsk sidemål
Torsdag 31.mai: Eksamen i engelsk
Les detaljar. Klikk her.

Lokal (muntleg) eksamen skal gjennomførast måndag 11.juni.


18.03.12
LEDIG STILLING SOM DRIFTSSJEF PÅ HAUGE OPPVEKST
Les utlysinga her

03.03.12
LEDIGE LÆRARSTILLINGAR
Det kan bli fleire ledige lærarstillingar på Hauge skule til neste skuleår. Klikk her for informasjon

10.02.12

OFFENTLEG BADING PÅ HAUGE SKULE




Eg minner om at siste badedag i denne omgang er tysdag 14.februar. Vi reknar med å opne igjen til hausten.

Kåre Magne Moe


04.01.12

OFFENTLEG BADING PÅ HAUGE SKULE


Gunn Hauge blir badevakt frå fram til bassenget stengjer.

Siste badedag er tysdag 14.februar.

Måndag
KL. 16.00 – 18.00:
Handikapbading
Kl. 18.00 – 19.00 : Familiebading

Kl. 19.15 – 21.00: Offentleg bading for DAMER

 Tysdag
Kl.17.00 – 18.00:
  Småbarnsbading

Kl.18.00 – 19.00:   Familiebading
Kl. 19.00 – 20.00:  Offentleg bading for MENN
                       
NB! BORN FRÅ SMÅSKULESTEGET, OG BORN SOM IKKJE KAN SYMJE, MÅ GÅ I FØLGJE MED EIN VAKSEN.                               

Alle må rette seg etter badevakta sine instruksar.

Kåre Magne Moe



18.12.11
OFFENTLEG BADING
Bassenget på Hauge skule vil bli ope til og med veke 7 2012. Siste dag for offentleg bading i denne omgang blir tysdag 14.februar. Vi satsar på å opne til hausten igjen.

Siste (18.12.11):

OFFENTLEG BADING

Det blir offentleg bading som vanleg 19.12 og 20.12.

Vi har enno ikkje klart å skaffa vakt til offentleg bading i januar og februar . Det vil ikkje bli bading før vi har fått tilsett nye vakter.
Informasjon vil bli lagt ut på heimesida når dette er på plass.

Kåre Magne



10.11.11
TENTAMEN

Måndag 05.12: Norsk 9.kl (4 første)
Tysdag 06.12: Engelsk 9.kl (4 første)
Onsdag 07.12: Norsk 10.kl
Torsdag 08.12: Norsk 10.kl
Fredag 09 12: Engelsk 8.kl (4 første)
Måndag 12.12: Engelsk 10.kl
Måndag 12.12: Matematikk 8.kl
Tysdag 13.12: Matematikk 10.kl
Onsdag 14.12: Matematikk 9.kl (4 første)
Onsdag 14.12: Norsk 8.kl (4 siste)
Måndag 19.12: Oppsamling



13.10.11
OFFENTLEG BADING

Offentleg bading startar måndag 24.10.11

Kåre Magne Moe


MÅNDAG
KL. 16.00 – 18.00:
Handikapbading
Kl. 18.00 – 19.00 : Familiebading

Kl. 19.15 – 21.00: Offentleg bading for DAMER

 TYSDAG
Kl.17.00 – 18.00:
  Småbarnsbading

Kl.18.00 – 19.00:   Familiebading
Kl. 19.00 – 20.00:  Offentleg bading for MENN
                       
NB! BORN FRÅ SMÅSKULESTEGET, OG BORN SOM IKKJE KAN SYMJE, MÅ GÅ I FØLGJE MED EIN VAKSEN.                               

Alle må rette seg etter badevakta sine instruksar.

Informasjon om billettpris kjem seinare.

28.09.11
BADEVAKT
Vi søkjer etter badevakt f.o.m. veke 42.
Hauge skule startar med bading etter haustferien, og vil samstundes opne for offentleg bading  dersom vi får badevakt(er).

Krav/kvalifikasjonar:
  • Fylt 18 år
  • Ha redningskurs, evt. ta redningskurs på  Hauge skule

Arbeidstid:

  • I symjehallens opningstider – dvs. måndagar kl. 16 – 21 og tysdagar kl. 17 – 20.  Symjehallen er stengd i skuleferiane.

Nærare opplysningar om stillinga, får du ved å vende deg til konstituert driftssjef Kåre Magne Moe – mobil 959 82 948.
Søknad bes sendt til
Hauge skule, pb. 14, 6726 Bremanger – eller pr. e-post:
kmm@bremanger.kommune.no.

SØKNADSFRIST:  05.10.2011


23.08.11
SFO

OM SFO-TILBODET VED HAUGE SKULE .
OPNINGSTID OG ORGANISERING.

STASJONEN BARNEHAGE  har ansvaret for den daglege drifta av SFO.

Tilbodet om oppholdstid er barnehagen si opningstid, alle dagar frå kl. 7.00 – 16.30. Det same gjeld alle skuleferier.

Vi har eit svært fleksibelt system der kvar enkelt får tilpassa oppholdstid etter eige behov. Born som har behov for SFO før skuletid, møter i barnehagen. Måndag, tysdag og torsdag brukar vi rommet til 1.klasse som base. Onsdag og fredag går borna til barnehagen når skulen sluttar.
Borna har kort opphaldstid i SFO, då skulen ikkje sluttar før 14.20 dei fleste dagar.

Brukartalet har i fleire år lege mellom 20 og 25 born, hausten – 08 er 16 born melde på SFO.

INNHOLD.

• Vi ser at borna treng tid til eigne aktiviteter og gjerne til lekser.
• Aktiviteter som til dømes har med årstider og tradisjoner som for eksempel jul og
   påske er organisert av vaksne.
• Ei god skulefritidsordning skal ta utgangspunkt i borna sine særeigne behov.
• Omsorg, leik og sosial læring bør danne kjernen i innholdet.
• Borna lærer å ta ansvar for kvarandre og for felles oppgaver.
• Nokre born har timar i kulturskulen medan dei er på SFO. Personalet hjelper dei 
  med å halde orden på dette. Vi nytter oss også av Bremangerhallen og ballbingen.


PRISAR.

Eit enkelt måltid kl. 14.30 for kr 6,00 pr. dag.
Foreldrebetalinga er kr 33,00 pr. time.




22.08.11
BASSENGET
Bassenget på Hauge skule vil bli opna i veka etter haustferien.(veke 42)

21.08.11
MINNEMARKERING


Onsdag 17.august starta det nye skuleåret med minnemarkering om det forferdelege som skjedde 22.juli 2011.
Driftssjef Aage Kvendseth holdt minnetala og Bremanger Kulturskule med Grethe Berntsen og Norvall Klungresæter framførte "Til ungdommen" av Nordahl Grieg.
Markeringa vart avslutta med at skulen tente lys for dei døde og deretter var alle stille i eit minutt.

Les minnetala og sjå bilete. Klikk her



KLAGERETT PÅ VURDERING

Informasjon om klageretten på vurdering kan du lese i forskrift til opplæringslova. Klikk her.



SKULERUTA 2011-2012





20.03.11.
BREMANGER KOMMUNE
Hauge skule
                                                                                                                     OFFENTLEG BADING VED HAUGE SKULE

MÅNDAG

KL. 16.00-18.00:
                           
Handikapbading.

KL. 18.00-19.00:                           
Familiebading.

KL. 19.15-21.00:                           
Offentleg bading for DAMER.

TYSDAG

KL. 17.00-18.00:
       
Småbarnsbading.

KL. 18.00-19.00:                           
Familiebading.

KL. 19.00-20.00:                           
Offentleg bading for MENN.

NB! BORN FRÅ SMÅSKULESTEGET, OG BORN
SOM IKKJE KAN SYMJE, MÅ GÅ I FØLGJE MED EIN VAKSEN!
ALLE MÅ RETTE SEG ETTER BADEVAKTA
SINE INSTRUKSAR.

Billettpris for offentleg bading:               Vaksne       kr. 33,-
                                                                  Barn           kr. 22,-

Bassenget vert stengt i skuleferiane. 

Vi vurderer å stengje bassenget etter påske. Informasjon om dette kjem på heimesida når vi nærmar oss påske.


27.11.10
EKSAMEN

Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2011 er fastsett slik:

Fredag 13. mai: Opplysning om trekkfag kl. 09.00
Kl 13.00: Elevane får tilgang til førebuingsmateriell i  Engelsk
Onsdag 18. mai: Førebuing til eksamen i engelsk
Torsdag 19. mai: Eksamen i engelsk
Fredag 20. mai: Eksamen i matematikk
Kl 13.00: Elevane får tilgang til førebuingsmateriell i norsk hovudmål og norsk sidemål
Måndag 23.. mai: Førebuing til eksamen i norsk hovudmål og norsk sidemål
Tysdag 24. mai: Eksamen i norsk hovudmål
Onsdag 25. mai: Eksamen i norsk sidemål
 



02.01.11.
Nokon å snakke med....Samtaletid-eit prøveprosjekt i skulen.

Skulen er peika ut som den viktigaste arenaen for helsefremjande og førebyggjande arbeid blant barn og unge. Skulehelsetenesta har ei unik plassering som ein stad der ein får møte alle.

Vi veit at 10-20% av norske skuleelevar har psykiske vanskar som påverkar evnen til å fungere i kvardagen. Følgjande tiltak i skulen kan fremje psykisk helse:

· Vaksne til å stole på, og som gjev signal om at elevane kan ta kontakt.
· Godt klassemiljø og god klasseromsleiing
· Tiltak som oppmuntrar elevane til å snakke med vaksne og kvarandre
· Tydelege linjer mellom hjelpeapparatet og elevane
· Gode rutiner for oppfølging ved mistanke om /kvente psykiske vanskar

På bakgrunn av dette ønskjer vi å tilby både lærare og elevar frå 7.t.o.m.10. klasse (i første omgang) fast samtaletid ein gong i mnd, etter avtale med kvar enkelt skule. Vi er eit tverrfagleg team frå kommunens psykiske helseteneste, barneverntenesta og frå helsesøstertenesta som vil være på skulen. Kontakten til oss kan opprettast både ved å banke på døra vår, sende oss ein SMS på førehand, eller at lærar formidlar kontakt.

Vi set stor pris på at lærarane oppmuntrar elevar til å møte oss, og at dei også tek opp om dei er urolege for einskildelevar.
For oss er det viktig å understreke at teieplikta blir respektert.

Bakgrunnen for prosjektet er eit ønskje om at alle barn i Bremanger kommune skal ha ei best muleg psykisk helse.

Prosjektet tek til i jan/febr 2011.

Med helsing fagleiarane i psykisk helse, barnevern og helsestasjonane.

Ingjerd S Hauge
-helsesøster i ytre-

Tlf. 57796690 - 95982964


01.01.11.
SKULERUTA FOR VÅREN 2011



27.11.10
TENTAMEN

10. årskull:
torsdag 9.12 matematikk
tysdag 14.12 norsk hovudmål
onsdag 15.12 engelsk
fredag 17.12 norsk sidemål

9. årskull:
Onsdag 08.12 norsk hovudmål
måndag 13.12 engelsk, 4 første
Torsdag 16.12 matematikk 4 siste
måndag 20.12 norsk sidemål

8. årskull:
tysdag 07.12 engelsk 3 siste
fredag 10.12 norsk 3 siste.
onsdag 15.12 matematikk 3 siste.


19.09.10
EKSAMENSKARAKTERAR OG ELEVUNDERSØKINGAR

Du kan sjå gjennomsnittskarakterar for eksamen og lese resultata av elevundersøkingar på Hauge skule her.

04.09. 2010
AKTIVE FREDSREISER

Elevar og nokre av dei føresette i 10.kl reiser i desse dagar på tur med Aktive Fredsreiser. Vi ynskjer alle ei god reise.

Sjå bilete frå "Aktive Fredsreiser" i 2008 og våren 2009



.Foto: Kurt Hauge (2008)

27.08 2010
KVA ER NYTT I SKULEÅRET 2010-2011

Les informasjon frå utdanningsdirektoratat her

Du kan blant anna lese om strengare fråværsreglar:

"Fra og med åttende klasse føres alt fravær på vitnemålet. Dersom det kan dokumenteres at fraværet skyldes helse eller en del andre nærmere angitte grunner, har det til nå vært slik at opp til 14 dager kan strykes av det fraværet som føres på vitnemålet. Denne kvoten reduseres med de nye reglene til 10 dager. Når det gjelder dokumentasjon vil det fra kommende skoleår ikke lenger være tilstrekkelig med melding fra foreldrene eller egenmelding.  For å få strøket fravær fra vitnemålet fra og med den fjerde sykedagen, kreves dokumentasjon fra lege." 

Kilde: Utdanningsdirektoratet

26.08 2010
NYE KLASSEROM PÅ HAUGE SKULE

Les Fjordenes Tidende her

22..08 2010
1.kl


Sjå bilde frå opninga av skuleårat 2010-2011 her

19.08 2010
OM SFO-TILBODET VED HAUGE SKULE .
OPNINGSTID OG ORGANISERING.

STASJONEN BARNEHAGE  har ansvaret for den daglege drifta av SFO.

Tilbodet om oppholdstid, er barnehagen si opningstid, alle dagar frå kl. 7.00 – 16.30. Det same gjeld alle skuleferier.
Born kjem når skulen er slutt, men på måndag, tysdag og torsdag kjem nokre born etter leksehjelpa.

Vi har eit svært fleksibelt system der kvar enkelt får tilpassa oppholdstid etter eige behov. Born som har behov for SFO før skuletid, møter i barnehagen. Måndag, tysdag og torsdag brukar vi rommet til 1.klasse som base. Onsdag og fredag går borna til barnehagen når skulen sluttar.

Ved oppstart haust 2010 er 20 born påmelde SFO.
  • INNHOLD.

    Ei god skulefritidsordning skal ta utgangspunkt i borna sine særeigne behov,  
    borna må få tid til eigne aktiviteter.
    Aktiviteter som til dømes har med årstider og tradisjoner som for eksempel jul og påske er organisert av vaksne.
    Omsorg, leik og sosial læring bør danne kjernen i innholdet. Borna lærer å ta ansvar for kvarandre og for felles oppgaver.
    Nokre born har timar i kulturskulen medan dei er på SFO. Personalet hjelper dei  med å halde orden på dette.
    Vi nytter oss også av Bremangerhallen og ballbingen.

    PRISAR.
    Eit enkelt måltid ca. kl. 14.30 for kr 7,00 pr. dag.
    Foreldrebetalinga er kr 33,00 pr. time.
Inger

11.08 2010
VELKOMEN TIL NYTT SKULEÅR

Vi starta som vanleg opp med samling på skuleplassen måndag 16. august klokka 8.45.

Sjølv om ikkje alt i det nyrenoverte ungdomsskulebygget ikkje er heilt ferdig til skulestart, vil vi kunne ta det i bruk frå første skueldag.

Aage Kvendseth
driftssjef


14.06 2010
SOMMARFERIE

Torsdag 17.juni er siste skuledag før sommarferien. Skuledagen sluttar til vanleg tid.

Første skuledag neste skuleår er måndag 16.august. Skuleruta finn du her


Vi ynskjer elevar og føresette ein god sommar
.


07.06 2010
KLAGE PÅ VURDERING

Kap 5 i forskrift til Opplæringslova om klage på vurdering kan lese her

Elevaner har fått med seg skriv heim om klageretten. Hugs å returner nederst del av skrivet snarast.

07.06 2010
VURDERING

Du kan lese kva som står i forskrift til Opplæringslova om vurdering her

06.06 2010
FRÅVÆR PÅ VITNEMÅLET

Frå Utdanningsdiektoratet:

Hovedregelen i forskrift til opplæringsloven §§ 3-41 og 3-47 er at alt fravær skal føres på vitnemålet/kompetansebeviset for henholdsvis grunnskolen og videregående opplæring.

Eleven kan imidlertid kreve at inntil 14 dager per opplæringsår ikke føres på vitnemålet/kompetansebeviset dersom fraværet skyldes gitte årsaker, jf. §§ 3-41 fjerde ledd og 3-47 femte ledd.

Både i grunnskolen og i videregående opplæring kan dokumentert fravær som skyldes helsegrunner kreves ikke ført på vitnemålet/kompetansebeviset.

Som dokumentasjon i forbindelse med helsemessig grunner (sykdom) regnes legeerklæring, men også signert melding fra foreldrene dersom eleven ikke er fylt 18 år. Inntil eleven fyller 18 år er det ikke tilstrekkelig med melding kun fra eleven selv. Etter eleven har fylt 18 år er det tilstrekkelig med en melding fra eleven selv.



Les meir om dette her


29.05 2010
SOMMARFEST

Hauge skule sin sommarfest blir i år arrangert onsdag 16.juni kl 18.00 i Bremangerhallen. 10.kl held fram med sin eigen fest på Havly etter sommarfesten.

Siste skuledag er torsdag 17.juni.

29.05 2010
KONTAKTLÆRARAR SKULEÅRET 2010-2011

1.kl: Siv Petra Grotle, 2.kl: Ruth Marit Igland, 3.kl: Janne Kjærstad, 4.kl: Mary Moe, 5.kl: Anita Solbakken Nygård, 6.kl: Gerd Lillian Torvanger, 7.kl: Kirsten Grotle, 8.kl: Jill Strand, 9.kl: Jan Karsten Nygård og Oddbjørg Råket, 10.kl: Ragnar Torvanger

Første skuledag er måndag 16.august. Skuleruta kan du sjå her


29.05 2010
EKSAMEN 2010

Elevane i 10.kl har vore opp i eksamen skriftleg i norsk

Torsdag 20. mai:
Eksamen: Norsk hovudmål
Fredag 21. mai:
Eksamen: Norsk sidemål


MUNNLEG EKSAMEN
Munnleg eksamen blir gjennomført torsdag 10.juni
.



07.05 2010 FJELLTRIM



TURPOSTAR HAUGE SKULE

Lågeide                                              1 p
Høgste(nordsjøløypa)                        1 p
Fagredalen                                         2 p
Berledalen                                         2 p
Osphamrane(fjøsen)                          1 p
Myrastranda-Novelandet                  2 p
Viadalen                                             2 p
Lunden(Håksskaret)                           1 p
Kvidalen                                             1p
Fjøsane(Torvanger)                           1 p
Klitten(Berleneset)                             1 p

Premiering ved skuleslutt.





FJELLTRIMPOSTAR BREMANGER IL

Veten                                                3 p
Leianipa                                            2 p
Huseheia                                           2 p
Steinfjellet                                        2 p
Karihaugen                                      3 p
Steinfjellet                                        2 p
Oldeidsmannen                                2 p
Smalerabben                                   3 p
Førsnipa                                          1 p
Strussnipa                                       1 p
Svartevasshornet                           2 p
Langevasshornet                            2 p
Hesten                                             1 p
Geitenipa                                          3 p
Rylandshornet                                 2 p
Holehornet                                       1 p

Premiering ved nyttår.




06.05 2010
ELEVFRI DAG

Vi vil minne om at elevane har fri fredag 14.mai. Skuleruta kan du sjå her

21.04 2010

LEKSEHJELP

Frå hausten 2010 får alle elevane i 1.-4.kl tilbod om leksehjelp.

Frå utdanningsdirektoratet:

"Regjeringen har lagt fram forslag om å lovfeste plikt til å tilby leksehjelp på 1. til 4. årtrinn. I budsjettet for 2010 er det satt av midler til totalt 8 timer på disse trinnene, noe som i gjennomsnitt innebærer to timer gratis leksehjelp per uke.

"Elevene skal ha rett til å delta, men tilbudet skal være valgfritt."

Korleis dette skal organiserast på Hauge skule blir avgjort innan 14 dagar. Foreldrerådet vil bli innkalla til møte.

Den mest aktuelle modellen er:
(Vi kan ikkje organisere det slik at vi får ekstra skyssutgifter)

Alle klassane på småskulesteget ( 1.-4.kl):

Måndagar: Undervisning 1.-5.time, Leksehjelp 6.time (40 min)
Tysdagar: Undervisning 1.-5.time, Leksehjelp 6.time (40 min)
Onsdagar: Undervisning 1.-6.time
Torsdagar: Undervisning 1.-5.time, Leksehjelp 6.time (40 min)
Fredagar: Undervisning 1.-4.time

Dei som ikkje vil ha leksehjelp:
1) Går heim/vert henta
2) Får gratis SFO til skyssen går etter 6.time
3) Dei som skal vere til kl 16.00 på SFo, betalar for dette



17.04 2010

TENTAMEN OG EKSAMEN

TIDSPUNKT FOR TENTAMEN/ÅRSPRØVER

For 10. klasse vert prøvene avvikla i første veka i mai.

Tentamen i norsk sidemål blir gjennomført fredag 30.04.

9. klasse har prøvene første veka i juni.
8. klasse har prøvene siste veka i mai.

Fag og omfang vert fastsett seinare.

EKSAMEN 2010
Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2010 er fastsett slik:

Tysdag 18. mai: Opplysning om trekkfag kl. 09.00

Onsdag 19. mai: Førebuing til eksamen NOR0214 Norsk hovudmål/
NOR0215 Norsk sidemål
Torsdag 20. mai: Eksamen NOR0214 Norsk hovudmål
Fredag 21. mai: Eksamen NOR0215 Norsk sidemål

Tysdag 25. mai: Eksamen MAT0010 Matematikk
Onsdag 26. mai: Førebuing til eksamen ENG 0012 Engelsk
Torsdag 27. mai: Eksamen ENG0012 Engelsk

Elevane får tilgang på førebuingsmateriell tysdag 18. mai, kl. 13.00 for norsk, og tysdag
25. mai kl 13.00 for engelsk. Det vert det ikkje laga førebuingsmateriell til matematikk.

Munnleg eksamen blir gjennomført 9. eller 10.juni



13.04 2010
ELEVFRI DAG

Vi vil minne om at elevane har fri fredag 23.april. Skuleruta kan du sjå her

06.04 2010
ELEVUNDERSØKINGA

Torsdag denne veka skal 7.kl og 10.kl gjennomføre elevundersøkinga. Informasjon om undersøkinga finn du her

Informasjon til elevar, lærarar og føresette

Føremål
Føremålet med brukarundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet er at elevar, lærarar og føresette skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå brukarundersøkingane blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå undersøkingane kan òg bli brukte til forskingsføremål. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettstaden www.utdanningsdirektoratet.no/skoleporten   

Gjennomføring
Brukarundersøkingane kan gjennomførast både vår og haust. På våren er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skolane å gjennomføre Elevundersøkinga. Skolane kan i tillegg velje å gjennomføre Foreldreundersøkinga og Lærarundersøkinga. Gjennomføring av brukarundersøkingane på hausten er eit frivillig tilbod til dei skolane som ønskjer det.

Det er frivillig å svare på undersøkingane, og du kan velje å hoppe over spørsmål dersom du opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål du ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern
Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova frå 14. april 2000 nr. 31. Det er berre den behandlingsansvarlege som har tilgang på grunnlagsdata. 
Utdanningsdirektoratet har delt behandlingsansvar med skoleeigarane for Foreldreundersøkinga og Lærarundersøkinga. Frå og med hausten 2008 er Utdanningsdirektoratet åleine behandlingsansvarleg for dei opplysningane som blir behandla i Elevundersøkinga. Siden berre Utdanningsdirektoratet har behandlingsansvar for Elevundersøkinga, har direktoratet teke alle førehandsreglar for å sikre full konfidensialitet under behandlinga av grunnlagsdata frå Elevundersøkinga.
Den som svarer, gir ikkje opp namn, og det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultata frå undersøkingane både til skolane sjølve, skoleeigarane og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte gjenkjenning av personar som har svart.

Kontaktinformasjon:
For meir informasjon kontakt skolen din eller Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratet
Postboks 2924 Tøyen
0608 Oslo
Tlf. 23 30 12 00
post@utdanningsdirektoratet.no

03.04 2010
NY INFORMASJON OM OMBYGGINGA

Sidan arbeidet med demontering/flytting/lagring av utsyrt etc må starte like over påske, må bassenget stengast etter den 31.3.

Ungdomsskuleelevane får alternative klasserom frå den 12.4. Dei vil. måtte bruke skulekjøkenet, musikkrommet, teikneforminga, matematikkrommet, naturfagssalen, men vi leiger og lokale hos DS Foto. Kanskje kjem vi og til å nytte lokale på Haugetun. Vi vil prøve ut ei løysing vi har laga eit par veker for å sjå kva som fungerer best. Vi vil elles gjennomføre skriftleg eksamen for 10. i nokre av desse lokala som har internetttilgang. Terje Hauge skal leie arbeidet med demontering/montering/ flytting/etc. Dette arbeidet vil så smått begynne like over påske.

Vi vil så langt det let seg gjere, skjerme elevane på barnesteget, men dei og vil merke følgjer av desse endringane fram til sommaren.

Vi ser i alle fall fram til at ungdomsstegsbygget skal stå fram i ny drakt til skulestart til hausten!

Aage K
–ds-


24.03 2010
OFFENTLEG BADING VED HAUGE SKULE

BASSENGET VED HAUGE SKULE VERT OPE I VEKE 13 – DVS. MÅNDAG 29. OG TYSDAG 30. MARS  2010  TIL DESSE TIDER:

MÅNDAG
KL. 16.00 – 18.00:
Handikapbading
Kl. 18.00 – 19.00 : Familiebading

Kl. 19.15 – 21.00: Offentleg bading for DAMER

 TYSDAG
Kl.17.00 – 18.00:
  Småbarnsbading

Kl.18.00 – 19.00:   Familiebading
Kl. 19.00 – 20.00:  Offentleg bading for MENN
                       
NB! BORN FRÅ SMÅSKULESTEGET, OG BORN SOM IKKJE KAN SYMJE, MÅ GÅ I FØLGJE MED EIN VAKSEN.                               

Alle må rette seg etter badevakta sine instruksar.

Billettpris for offentleg bading:        
Vaksne           kr. 33,-
Born               kr. 22,-

Aage Kvendseth
rektor / driftssjef

PÅ GRUNN AV OMBYGNINGSARBEID VED HAUGE SKULE, VERT BASSENGET STENGT F.O.M. 31.03.10. 


22.03 2010
OBLIGATORISKE KARTLEGGINGSPRØVER

Våren 2010 skal det gjennomføres obligatoriske kartleggingsprøver for 1., 2. og 3. trinn i leseferdighet, og for 2. trinn i tallforståelse og regneferdighet. Sammen med veiledningsmateriellet vil kartleggingsprøvene for 1., 2. og 3. trinn være nyttige verktøy i begynneropplæringen i lesing og regning. (www.udir.no)

Oversikt over obligatoriske kartleggingsprøver på 1., 2. og 3. trinn

Prøve  

Tidspunkt

Leseferdighet

Uke 18 og 19 (3.–14. mai)

Leseferdighet

Uke 18 og 19 (3.–14. mai)

Tallforståelse og regneferdighet

Uke 15 og 16 (12.–23. april)

Leseferdighet

Uke 18 og 19 (3.–14. mai)


Les meir her

20.03 2010
OMBYGGING PÅ UNGDOMSSTEGET

Ombygginga på ungdomssteget tek truleg til 12.april. Det skal arbeidast med asbestsanering som treng avstenging i dagesvis, det skal rivast og byggjast, det elektriske anlegget vert utkobla, ventilasjonen skal ombyggjast etc.

Dette vil medføre at heile hovudetasjen på ungdomssteget vil blir stengt resten av skuleåret. Dette gjeld også bassenget og skulekjøkkenet.

Det er ikkje sikkert at ombygginga vil bli ferdig til skulestarten i august.

Vi reknar med å vere klar med altrernativ romplan før påske.


08.03 2010
LEDIG LÆRARSTILLINGAR

Sjå informasjon om ledige lærarstillingar her. Søknadfrist er 15.mars

20.02 2010
OFFENTLEG BADING

Det blir ikkje offentleg bading på Hauge skule måndag 22.02 og tysdag 23.02 p.g.a vinterferie.

12.02 2010
ELEVTALSUTVIKLING

Sjå elevtalsutviklinga for skulane i Bremanger kommune her

11.02 2010
TENTAMEN I 10.KL

10.kl skal ha tentamen 9., 11. og 12.mars

31.01 2010
TRENINGSTIDER I BREMANGERHALLEN 2010

Treningstidene for vinter og vår 2010 kan du sjå her

30.01.10
DEN KULTURELLE SKULESEKKEN
Onsdag 3.februar er det konsert med gruppa Funk Tub for elevane i 8.-10.kl i Bremangerhallen.




Du kan lese meir om konserten og dei andre arrangementet i vår her.


27.01 2010
EKSAMEN 2010

Tidsplan for eksamen i grunnskulen 2010 kan du lese her

SFO 4. JANUAR

Det blir likevel ope på SFO 4.januar Vi har tidlegare sagt at det vert stengt denne dagen.

Linn Marika blir der.

God jul og godt år

Mvh Inger

14.12.09

Hauge skule

INFORMASJON TIL HEIMEN 10.12.07
Vi minner om at siste skuledag før jul er den 21.12., (full dag), ikkje den 22.12., som følgje av at vi hadde ”skuledag” på den store vellukka jubileumsfestdagen vår.

Det vert julegudsteneste den 17.12. klokka 09.00. for barnesteget. I samsvar med Opplæringslova vil lærarane lage til eit opplegg på ein måte som ikkje verkar diskriminerande for dei som ber om/har bede om fritak frå deltaking i religiøs utøving/forkynning i skuletida i samsvar med siste brev frå Utdanningsdepartementet.

Det vert elles ikkje arrangert julefest på vanleg måte akkurat i år fordi vi brukte så mykje tid og krefter i samband med det store og vellukka 50-årsjubileumet. Det vil på barnesteget i staden verte arrangert ulike former for juleverkstad og andre juleaktivitetar, etter innspel frå lærarane. Denne saka er og teken opp med leiaren av FAU som viste forståing for ei slik avgjerd i år.

Vi minner om at første skuledag etter nyttår er måndag 4. januar. Bassenget vert opna i byrjinga av januar.

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Med helsing

Aage Kvendseth
-rektor-


26.11.09
VAKSINERING

Det blir vaksinering med pandemivaksine for skuleelevane frå om med 5.årssteg til og med 10. årssteg måndag og tysdag i neste veke,dvs 30.11.og 01.12.

Skjemaene blir delt ut til alle elevane i morgon, fredag 27.11. Nokre av elevane har allereie fått skjemaet.

Skjemaene må returnerast til skulen i utfylt stand før vi kan vaksinere.

Vaksinekortet kan kopieres på baksiden av info-skrivet.

Det blir laga ei oversikt i morgon over kva dag og time dei ulike klassane skal møte. Det blir vaksinering på helsestasjonen fra 09.00. og til 19.00. begge dagane.

5.kl - Tysdag kl 10.35
6.kl - Tysdag kl 13.35
7.kl - Måndag kl 10.35
8.kl - Tysdag kl 09.00
9.kl - Måndag kl 12.40
10.kl - Måndag kl 13.35

Kåre Magne

25.10.09
EI FLOTT JUBILEUMSFEIRING
Hauge skule er svært stolt av jubileumsfeiringa vi gjennomførte i Bremangerhallen laurdag 24.oktober. Klikk nedanfor for å sjå bilete på Firdaposten si nettavis


 

25.oktober 2009
MATEMATIKKTEST

Sjekk om du klarer pensumet i matematikk for 7.kl her

24.oktober 2009
VAKSINASJON

Administrasjonen fekk denne meldinga frå helsesyster kl 08.15 i dag

Hei ! Etter møtet med smittevernlege i går fikk vi nye "meldinger". Det blir avgjort i dag om sentrale myndigheter anbefaler massevaksinasjon. Smittevernlegen mener det da blir mest hensiktsmessig å vaksinere bygdevis.Derfor blir det trolig ikke aktuelt å gå på skolene å vaksinere. Dersom dere ikke allerede har sendt ut samtykkeskjema, ber jeg dere avvente til vi evt får ny beskjed.Det var også sagt tidligere at vaksinen skulle være gratis for barn/unge.Nå ser det ut som om alle må betale.
Ingjerd.

Vaksinasjonen i Bremanger kommune startar i veke 44. Les meir på Bremanger kommune si heimeside her



Hauge skule - Jubileumsfest

Program 50-årsjubileum 24.oktober

13.30-14.15
Open skule - Utstillingar på barnesteget

Bremangerhallen blir opna kl 14.00

14.30
Opning ved Rektor

14.40
Musikal ved 8.-10.kl

15.20
Helsingar frå gjestar

15.30
Pause. Sal av kaffi og kaker ved 9.årssteg. Utstillingar

16.30
Tilsettekor. Potpurri av ulike songar

16.45
Kort historikk og tilbakeblikk ved Kjell Torvanger

17.00
Samtale mellom to 1.klassingar frå 1959
Odd Håvardstun og Liv Hauge Ryland

17.10
Skodespel ved lærarar

17.25
Trappesong ved 1.-7.kl

17.40
Avslutning ved programleiarane


21.september 2009
NASJONALE PRØVER
I dag gjennomførte 5.kl den første nasjonale prøva denne hausten. Elevane hadde prøve i engelsk, og prøva vart gjennomført elektronisk på nettet.

18.september 2009
VAKSINE
Elevane i 10.kl fekk i dag vaksine mot Poliomyelitt. Les om folkehelseinstituttet sitt vaskineprogram her.


4.september 2009
AKTIVE FREDSREISER
Søndag reiser elevane i 10.kl på tur med Aktive Fredsreiser til Polen og Tyskland. Sjå bilete og les dagbok frå turen med dei kvite bussane i 2007 her. Sjå bilete frå "Aktive Fredsreiser" i 2008 og våren 2009


Foto: Kurt Hauge (2008)

3.september 2009
NASJONALE PRØVER i I 5.KL
I dag gjennomførte 5.kl den første nasjonale prøva denne hausten. Elevane hadde prøve i engelsk, og prøva vart gjennomført elektronisk på nettet.

28.august 2009
NASJONALE PRØVER HAUSTEN 2009
Neste veke startar dei nasjonale prøvene med engelsk i 5.kl. Datoar for dei nasjonale prøvene i haust finn du her. Informasjonshefte til foreldra kan du lese her.

18.august 2009
PANDEMI

Les skriv til foreldre og driftseiningane frå rådmannen her

Les meir informasjon på www.pandemi.no


16. august 2009
SKULESTART

I morgon kl 08.45 startar skulen igjen. Elevane møter ved skuret på barnesteget. Det blir felles opning av skuleåret ved rektor.

Velkommen!


13.juni 2009
LEIRSKULE 2010
Elevane som skal starte i 7.kl til hausten, skal på leirskule til Stryn i veke 7 2010.(15.-19.februar). Dette er veka før vinterferien.

21.mai 2009
BARNETOGET 17.MAI

Foto: Aage Kvendseth

15.mai 2009
AVSLUTNINGSFEST
Avslutningsfesten på Hauge skule blir i år onsdag 17.juni kl. 18.00.

10.mai 2009
LÆRE KULTURMINNEREGISTRERING
Elevane på mellomsteget har ved hjelp av den kulturelle skulesekken sitt "Du finn oss i naustet" lært seg kulturminneregistrering i morgon.
Les meir og sjå bilete frå registreringa i naustet til Arnar og Annbjørg her


Foto av Arne Høyland

7.mai 2009
ORGANISERING AV SKULETIDA HAUSTEN 2009
Det blir samme organisering av skuletida til hausten som vi har no.
1.-3.kl har fri onsdagar og går 6 timar på skule dei andre dagane. 4.kl og mellomsteget går på skulen 6 timar kvar dag måndag til torsdag. Fredag sluttar elevane etter 3.time.

Sjå skuleruta her

6.mai 2009
EKSAMEN I MATEMATIKK
10. kl skal i år opp i eksamen i matematikk skriftleg. Det er fleire år sidan vi var oppe i dette faget. Eksamen blir onsdag 13.mai.

02.mai 2009
EKSAMEN 2009
Fredag 8.mai: Norsk hovudmål
Måndag 11.mai: Norsk sidemål
Onsdag 13.mai: Matematikk
Fredag 15.mai: Engelsk
Meir detaljert informasjon finn du her
Kva fag elevane på Hauge skule skal opp i, er ikkje klart.
Munnleg eksamen: Torsdag 4.juni

Klagerett
Her finn informasjon om retten til å klage i samband med vurdering

15.april 2009
KARTLEGGINGSPRØVE
Veke 17 og 19 skal det gjennomførast obligatoriske kartleggingsprøver i lesedugleik for 1. og 2. trinn og i tallforståing og reknedugleik for 2. trinn. 3. trinn får tilbod om frivillig kartleggingsprøve i tallforståing og reknedugleik
Les meir her

29.mars 2009
BASSENGET
Søndag 29.mars vert badinga avlyst.
I påskeferien vert bassenget stengt (f.o.m. 05.04)
Frå og med søndag 19.04 vert bassenget ope til vanlege tider. Bassenget på Hauge skule er ope til 1.mai.

29.mars 2009
SKULERUTA 2009-2010
Sjå skuleruta her

25.mars 2009
REFERAT FRÅ FAU-MØTE
Referatet frå FAU-møte 12.mars kan du lese her.


7.mars 2009
ELEVTALSUTVIKLINGA
Du kan sjå utviklinga når det gjeld klasse- og elevtal på Hauge skule fram til skuleåret 2014/2015 her

19.februar 2009
OFFENTLEG BADING
Det vert ikkje offentleg bading i vinterferien på Hauge skule (22.02-01.03). Måndag 2.mars startar vi opp att. .


1.februar 2009
LIV JOSEFINE BLIR PENSJONIST
Torsdag 29.januar hadde Liv Josefine sin siste arbeidsdag som lærar på Hauge skule.Liv har jobba 40 samanhengande år i Bremanger kommune. Ho starta å undervise på Hauge skule i 1969.

Den siste skuledagen vart markert med kaffi og kaker saman med kollegaer etter skuletid. Rektor delte ut gåve frå Bremanger kommune og blomster frå dei tilsette. Lukke til vidare!




26.januar 2009

INFORMASJONSMØTE OM ØVINGSKØYRING
Har du ungdom med planar om å ta førarkort, bør opplæringa for personbil starte to år på førehand. Då kan ein skaffe seg lang køyreerfaring og bli ein tryggare bilist den dagen ein har fått førarkort, og skal ut å køyre på eigenhand. Statens vegvesen vil hjelpe til med å få mest mogleg ut av denne opplæringa.
Statens vegvesen har i samarbeid med Hauge skule planlagt informasjonsmøte for foreldre og elevar om mengdetrening:

Mandag 2. februar kl 18.00

Ved oppmøte vert det utdelt informasjonsbrosjyre

17.januar 2009

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN
Tysdag 21.01 og onsdag 22.01 er det "Smykke seg" Les meir her.



Foto: Aage Kvendseth


3.januar 2009

OFFENTLEG BADING VED HAUGE SKULE

Bassenget opnar måndag 5.januar:

Måndag
kl 16.00-18.00 Handicapbading
kl 18.00-19.00 Familiebading for familiar med barn på småskulesteget
kl 19.15-21.00 Offentleg bading for damer

Tysdag
kl 17.00-18.00 Småbarnsbading
kl 18.00-19.00 Familebading. For familiar/barn frå mellomsteget og oppover
kl 19.00-20.00 Offentleg bading for herrer

Billettpris
Vaksne kr 33
Born kr 22

8.desember 2008
PARNTERSKAPSAVTALE MED ELKEM
7.kl var i dag å besøk hos Elkem i Svelgen og fekk informasjon om bedrifta. Dette besøket er ein del av Hauge skule si parnerskapsavtale med Elkem.



21.november 2008
JULETENTAMEN 2008

10. årstrinn:
Måndag 1. Desember: Norsk hovudmål.
Tysdag  2. Desember: Norsk sidemål.
Onsdag 3. Desember: Matematikk.
Fredag 5. Desember: Engelsk.

9. årstrinn:
Fredag 28. November: Norsk hovudmål.
Onsdag 3. Desember: Matematikk.
Torsdag 4. Desember: Engelsk. (5 timar)

8. årstrinn:
Torsdag 4. Desember: Matematikk (3 timar)
Måndag 8. Desember: Norsk hovudmål.(3 første timane)
Tysdag 9. Desember: Engelsk. (3 timar)


NETTAVISA TIL HAUGE SKULE
Klikk på biletet
nedanfor.



13.november 2008
RESULTAT PÅ DEI NASJONALE PRØVENE

Resultat av dei nasjonale prøvene i engelsk, lesing og rekning finn du her.
Figur viser resultata for 8.kl i Bremanger kommune.


13.november 2008
ELEVUNDERSØKING

Resultat frå elevundersøkinga på Hauge skule dei to siste skuleåra kan du lese her. Du kan også samanlikne med andre skular. Elevundersøkinga blir gjennomført om våren i 7.kl og 10.kl.

11.november 2008
NYHENDE

KURS I RAP OG HIP POP

I morgon kjem frontfigur i gruppa Side Brok, Runar Gudnason, til Hauge skule. Han skal kurse elevane i 9.kl i rap og hip hop. Dette er ein del av den kulturelle skulesekken. Les meir her.

NASJONALE PRØVER
Onsdag 12.11 kl 12.30 blir resultata for dei nasjonale prøvene 2008 publiserte for heile landet, fylker og kommunar.
.
HOSPITERING
Onsdag 12.11 og torsdag 13.11 skal 10.kl på hospitering til vidaregåande skular.

1.november 2008
JULEFEST

Hauge skule sin tradisjonelle julefest blir i år arrangert tysdag 16.desember kl 18.00 i Bremangerhallen.

24.oktober 2008
EKSAMEN 2009


Fredaga 8.mai kl. 09.00: Opplysning om trekkfag
Tysdag 12.mai: Norsk
Onsdag 13.mai: Matematikk
Fredag 15.mai: Engelsk

24.oktober 2008
BORNA MÅ VERE INNE OM KVELDANE

Les vedtak frå skulestyret oktober 1958 her.

23.oktober 2008
OPERASJON DAGSVERK

9.kl deltar på Operasjon Dagsverk torsdag 30.okotber.I år vil pengene som kommer inn hovedsakelig gå til Strømmestiftelsens prosjekt Shonglap.

Shonglap betyr dialog på bengali. Programmet er en ettårig utdanning for ugifte jenter mellom 11 og 19 år i Banladesh som har gått glipp av skolen på grunn av fattigdom. Programmet er godkjent som nasjonalt prosjekt. Shonglap er en utdanning disse jentene ellers aldri ville ha fått.

Bakgrunnen for shonglap prosjektet er at gjennom utdanning kan jentene unngå for tidlig ekteskap, tvangsprostitusjon, overgrep og utnytting. Gjennom utdanning får de selvstendighet og muligheten til å klare seg selv. Les meir om OD her.


3.oktober 2008
ELLEVILLE FRU PERSILLE

Den gode konserten til Bremanger Kulturskule, "Elleville Fru Persille" fekk flott mottaking av 1.-4.kl. Sjå fleire bilete her.



3.oktober 2008
BORNA MÅ VERE INNE OM KVELDANE

Les vedtak frå skulestyret oktober 1958 her.

2.oktober 2008
HAVARI OG EVAKUERINGSOPPLÆRING

I dag fekk elevar og lærarar i 5.-10.kl øve på å evakuere ein båt når ulukka er ute. God instruktør var Jan Helge Restad i Restad Marine service. Sjå fleire bilete her.



1.oktober 2008
INFORMASJON TIL HEIMEN

Informasjonshefte 2008-2009 frå administrasjonen til heimen, kan du lese her. Papirutgåva får elevane med seg heim denne veka.

21.september 2008
NASJONALE PRØVER


Denne veka skal 5.kl og 8.kl ha nasjonale prøver i rekning og lesing. 8.kl skal også ha elektronisk prøve i engelsk lesing

Les meir om dei nasjonale prøvene her.

16. september 2008
JENTE- OG GUTELEIR

Fire elevar i 10.kl har fått plass på jente- og guteleiren til Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruk i Sogn og Fjordane. Les meir her



15.september 2008
SPRÅKPROSJEKTET

Vi har no eitt år att av det viktige språkprosjektet vi er så heldige å vere med i. Prosjektet er kome godt i gong i dei skulane og barnehagane som er deltakarar. Eit slikt språkprosjekt er eit svært viktig satsingsområde i ein kommune der så mange elevar no har spesialundervisning.
Les meir her




10. september 2008
NY ORDNING FOR EKSAMEN I MATEMATIKK


Våren 2009 blir det innført ny ordning for sentralt gitt eksamen i Matematikk. U. Det blir t.d ikkje lenger førebuingsdag. Les meir her


2.september 2008
ELEVTAL PÅ HAUGE SKULE

Denne hausten går det 161 elevar på Hauge skule.
1.kl 12 elevar, 2.kl 7elevar, 3.kl 16 elevar, 4.kl 14 elevar, 5.kl 10 elevar, 6.kl 17 elevar, 7.kl 15 elevar, 8.kl 26 elevar, 9.kl 25 elevar, 10.kl 18 elevar, Vidaregåande 1 elev.

1.september 2008
FJELLTUR TIL SVARTEVASSHORNET
Alle elevane på ungdomssteget var på fjelltur fredag 29.august. Turen starta på Ryland og gjekk opp Fagredalen og vidare til Langevasshornet og Svartevasshornet. Nedturen gjekk til Førdsleian og deretter ned Nordsjøløypa. Sjå bilete her



29.august 2008
BASSENGET BLIR STENGT


Det blir ikkje symjeundervisning på Hauge skule i haust. Les meir her

20.august 2008
NASJONALE PRØVER


Høsten 2008 skal det avholdes nasjonale prøver i regning og i lesing på norsk og engelsk på 5. og 8. trinn. Prøvene skal gi informasjon om elevenes grunnleggende ferdigheter er i samsvar med målene i læreplanene. Skolen, kommunen og de nasjonale myndighetene skal bruke denne informasjonen i arbeidet med å forbedre kvaliteten på opplæringen. (Utdanningsdirektoratet 2008)

1.september er første prøvedag.

Elevar i 5.kl og 8.kl får denne veka med seg brosjyre om prøvene heim. Du kan også lese brosjyra her. (Du må ha eit pdf-program)
Les meir om dei nasjonale prøvene her.

19.august 2008
SFO 2008
Informasjon om SFO kan du lese her



7..august 2008
SKULESTART

Skulen startar opp att måndag 18.august. Alle elevane møter til 1.time som startar kl. 08.45.
Skuleruta kan du lese her.

Sjå bilete frå skulestart i 2006 her


7.august 2008
AKTIVITETSVEKA 2008



Sjå bilete frå aktivitetsveka 2008 her
Sjå også bilete frå aktivitesveka i 2006 og 2007.

27.mai 2008
TENTAMEN I 8. OG 9.

8.kl
Onsdag 28.mai, 1.-4.time: Matematikk
Torsdag 29.mai, 1.-4.time: Norsk
Fredag 30.mai, 3.-6.time: Engelsk
9.kl
Måndag 26.mai, 1.-6.time: Norsk
Tysdag 27.mai, 1.-6.time: Engelsk
Onsdag 28.mai,1.-6.time: Matematikk

20.mai 2008
REKNEPRINSEN

Rekneprinsen likar å rekne, telje, måle og leike med tal. Han veks opp saman med mora, men ønsker seg gjerne ein farsfigur. Rekneprinsen er mykje åleine og held på med sitt. Undrande og utforskande under stjernehimmelen, stiller guten seg sjølv og sine næraste spørsmål om kvifor ting er som dei er.

Sogn og Fjordane Teater synte i dag teaterstykket "Rekneprinsen" i Bremangerhallen. Tilskodarar var elevar og tilsette på Hauge skule og Kolset og Berle Oppvekst. Tilbakemeldingane var strålande! Les meir om stykket her



20.mai 2008
EKSAMEN I ENGELSK

I dag hadde 10.kl på Hauge skule skriftleg eksamen i engelsk.


"Denne våren har Utdanningsdirektoratet tilrettelagt for IKT-baserte eksamener. I underkant av 200 grunn- og videregående skoler har vore med på å gjennomføre IKT-basert eksamen." (Hauge skule, Luster ungdomsskule og Sogndal Ungdomsskule er dei grunnskulane i Sogn og Fjordane som er med på dette.)

"IKT-eksamen innebærer at eksamen skal kunne gjennomføres papirløst. Kandidatene logger seg på Utdanningsdirektoratets nye web-baserte prøvegjennomføringssystem (PGS) med tildelte brukernavn og passord. Deretter laster eleven ned eksamensoppgaven som besvares ved hjelp av datamaskin. Etter at prøvesvaret er ferdig, leverer kandidaten dette som en fil som lastes opp i det samme systemet.  Dagen etter at eksamen er avsluttet, vil sensorene kunne logge seg på systemet og begynne sensuren.

Utdanningsdirektoratet tar sikte på at eksamensavviklingen i løpet av noen år vil foregå som IKT-basert eksamen for de aller fleste fag med sentralgitt eksamen. Ordningen er en effektivisering av eksamensavviklingen; den sparer tid, penger og er miljøvennlig. Om ein månad er dei ferdige med grunnskulen." (Utdanningsdirektoratet)


20.mai 2008
BILETE FRÅ 17.MAI FEIRINGA I BREMANGER OG KALVÅG


Sjå bileta frå feiringa i Bremanger på nettavisa. Klikk her
Sjå bilete og video frå feiringa i Kalvåg på Kalvågsportalen. Klikk her

20.mai 2008
AVSLUTNINGSFEST

Festen blir arrangert tysdag 17.juni kl 18.00 i Bremangerhallen.


16.mai 2008
Vi ynskjer alle ei god feiring av 17.mai.


Sjå bilete frå 17.mai 2007 her
Sjå bilete frå 17.mai 2006 her

12.mai 2008
SKRIFTLEG EKSAMEN 2008


Planen for skriftleg eksamen i grunnskulen 2008 i  faga Engelsk, Matematikk og Norsk ser slik ut:

Fredag
16.mai: 
Kl. 09.00 Opplysning om trekkfag Kl. 13.00 Utdeling av førebuingsmateriell i Engelsk
Måndag
19. mai:
Førebuing til eksamen, Engelsk Kl. 13.00 Utdeling av førebuingsmateriell i Matematikk
Tysdag
20. mai:
Eksamen i Engelsk Førebuing til eksamen i , Matematikk
Onsdag
21.mai:
Eksamen i Matematikk Kl. 13.00 Utdeling av førebuingsmateriell, Norsk
Torsdag
22.mai:
Førebuing til eksamen, Norsk
Fredag
23.mai: 
Eksamen i Norsk 
Elevane får beskjed fredag 16.mai kl 09.00 om dei kjem opp i norsk, engelsk eller matematikk til skriftleg eksamen. Munnleg eksamen er 5.juni.

Siste: 10.kl på Hauge skule skal ha skriftleg eksamen i engelsk (m/IKT). Eksamensdag er tysdag 20.mai.

1.mai 2008
AUSCHWITZ
10.kl hadde ein kjempeflott tur med dei Aktive Fredsreiser.Sterkast inntrykke gjorde omvisninga i dei tidlegare konsentrasjonsleirane i Auschwitz.
Sjå bilete teke av Kurt Hauge.


20.april 2008
HAVSTJERNA
1.og 2.kl har fått omvisning ombord i sjarken Havstjerna, fiskebåten til Tony, Birger og Oddleif Grotle.
Sjå bilete


20.april 2008
KLAPPELEIKAR

Vi hadde besøk av den Kulturelle Skulesekken fredag 11.april. På programmet stod gamle song- og klappeleikar. Instruktør var Marianne Kostøl. Ho var veldig flink.


20.april 2008
ELEVUNDERSØKINGA

Elevundersøkinga er obligatorisk for 7.kl og 10.kl. Elevane skal sei si meining om tilhøve som er viktige for læring og trivsel. Den skal gjennomførast i 7.kl kommande veke. Du finn informasjon om undersøkinga og kan lese kva spørsmål som elevane skal svare på her. Undersøkinga skal gjennomførast på nettet.

20.april 2008
AKTIVITETAR I SNØEN

Du skal no få sjå nokre bilete få aktivitetane elevane hadde i snøen den flotte vinterveka vi hadde i Bremanger. Klikk her.



13.april 2008
AKTIVE FREDSREISER
10.klasse reiste på tur med Aktive Fredsreiser laurdag 12. april. Vi ynskjer dei god tur. Les dagbok frå 10.klasse sin tur med "Dei Kvite Bussane" våren 2007 her.



1.april 2008
INNKALLING TIL FORELDREMØTE FOR 4. – 10. ÅRSSTEG

7. APRIL KLOKKA 18.00 –CA 20.00

Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) inviterer med dette foreldre/føresett til eit informasjons-/diskusjonsmøte om trafikk og om rus på rom 4/5 på ungdomsskulen. Vi vil og kome inn på dette med skadeverket vi har opplevd på uteområdet.

Frå politiet møter Johnny Jansen og Espen Gulliksen. Dei vil stå for informasjonsdelen på møtet. Dei vil orientere om ”rusbiletet” i vårt disktrikt.

Det vert høve til å ta opp ulike problemstillingar/spørsmål knytte til desse emna t.d. dette med å la barn sykle til skulen.
Vel møtt!
Med helsing
Hauge skule
Aage Kvendseth (driftssjef) og
FAU
v/leiar Anne Kristin Førde

20.mars 2008
NASJONALE PRØVER FOR VOKSNE

Du kan teste deg sjølv i matematikk, norsk og engelsk, og finne ut ditt kunnskaspsnivå samanlikna med 5. og 8. klassingar her.

3.mars 2008
UKM I BREMANGER

Sjå bilete frå Ungdommen si kulturmønstring i Bremanger på heimesidene til Fjordenes Tidende og Firdaposten.

3.mars 2008
KORLEIS UNNGÅ NETTFELLA

På nettestaden www.dubestemmer.no er det lagt ut nye filmar som tek for seg temaet nettvet. Filmane hadde premiere søndag 2.mars. Du kan også sjå filmane her.

2. mars 2008
SILD
1. og 2.kl har hengt opp sild. Sjå fleire bilete her .



24.februar 2008
PERIODESYSTEMET

På det nye nettstedet periodesystemet.no kan du lære om grunnstoffa.

23.februar 2008
BEST I MATEMATIKK

9.kl er fylkesvinnarar i KappAbel 2008. Vi gratulerer so mykje! KappAbel er ein nordisk matematikk-konkurranse og 9.kl på Hauge skule vart best i Sogn og Fjordane med 70 poeng. Du kan lese meir om konkurransen og blant anna sjå kva oppgåvere elevane måtte løyse på www.kappabel.com .
Prøv også "Ukens nøtt" her.



22.februar 2008
UTVIDING AV TIMETALET


Hausten 2008 skal timetalet i 1.-4. klasse utvidast med 2 klokketimar (2,67t 45-minutt-einingar)
Den mest aktuelle løysinga på dette er at 4.kl frå hausten 2008 går på skulen kvar dag, 6 timar måndag-torsdag og 3 timar fredag. Dette er samme timefordelinga som mellomsteget har. 4.kl får då 15 min "overtid" pr veke
1.-3.kl held fram med samme timefordelinga som no. Timetalsauken blir lagt fram som sak for Oppvekst- og kulturutvalet i møte 26.februar.


16.desember 2007
RETTSKRIVING

Heiter det skoop eller skup, epost eller e-post, På norsk språkråd sine nettsider kan du teste kunnskapane dine i rettskriving. Test deg her.

13.desember 2007
SUKSESS FOR PUTTI PLUTTI PLOTT

5.årssteg imponerte i musikkeventyret "Putti Plutti Plott" i Heimen i går. Sjå bilete i Firdaposten her.
Hauge skule sine bilete kan du sjå her


13.desember 2007
FAMILIEBADING

Det er ikkje offentleg bading måndag 17.12 og tysdag 18.12. Neste bading blir måndag 7.januar.

11.desember 2007
INFORMASJON TIL HEIMEN

Vi minner om at siste skuledag før jul er den 20.12. Det vert ein ordinær skuledag for elevane.

Det vert julegudsteneste den 20.12. samla for barne- og ungdomssteget, klokka 09.00. I samsvar med Opplæringslova vil lærarane lage til eit opplegg på ein måte som ikkje verkar diskriminerande for dei som ber om/har bede om fritak frå å delta i slik religiøs utøving/forkynning i skuletida. Det er sendt ut eige brev om dette.

Det vert julefest med programinnslag for 1.- 7. den 18.12. klokka 18.00. Festen vert i Bremangerhallen med inngang via ungdomsskulen. Inngangspengar vert kr 10 for barn og kr 40 for vaksne. Dei vaksne må ta med kaffi, kopp og julekaker som det vert høve til å nyte under programmet. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) minner om at foreldra må passe på små og store barn slik at dei ikkje spring rundt og uroar på festen. Velkomne skal de vere!

Vi nyttar elles høvet til å ønskje dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Vi minner om at første skuledag etter nyttår er torsdag 3. januar.

Med helsing
Aage Kvendseth
-rektor-

10.desember 2007
SPRÅKPROSJEKTET ER GODT I GANG

Måndag kveld hadde leselærar i Skedsmo kommune, Margunn Høgalmen , eit interessant seminar på skulen om lesing for foreldre til m.a. elevane i 1.- 4.Mange spørsmål tyda på at dette var noko deltakarane var opptekne av.





Tysdag hadde Høgalmen lesekurs med lærarar frå både Kolset, Svelgen, Davik og Hauge. Lærarane sa det var eit svært godt kurs der dei m.a. fekk nye idear til korleis dei kan arbeide med leseutviklinga til elevane. Det lovar godt for det vidare arbeidet i språkprosjektet.



Annonse:


10.desember 2007
NY INNKØYRING - NAMNESKILT
Namn på skulen er  på plass på veggen - no treng ingen lure på kva for institusjon som ligg her.Og arbeidet med å realisere trafikktryggingsplanen er i full gang - her flyttast lyspålar og ny rundkøyring lagast til.



5.desember 2007
NASJONALE PRØVER

Resultata frå dei nasjonale prøvene kan du lese her. Resultata frå den einskilde skule er ikkje offentleggjort.

4.desember 2007 (Oppdatert)
TENTAMEN
8. årstrinn: Norsk:
30.nov. -4 siste t. Engelsk:
6. des.- 3.siste.  Matematikk: 7.des.-4 siste t.
9. årstrinn:
Norsk:
3.des. -heil dag.
Matematikk: 6.des. –4 siste t. Engelsk:
7.des. -heil dag  
10. årstrinn: Norsk h.mål: 29.nov. –heil dag. Norsk s-mål:
4.des. –heil dag. Engelsk:
5.des. –heil dag. Matematikk: 10.des. –heil dag.  

1.desember 2007
VIKTIG FORELDRESEMINAR OM LESING
3. DESEMBER KLOKKA 18.00

PPT, Stasjonen barnehage, Kolset Oppvekst, Svelgen Oppvekst og Hauge skule (1. – 4.) kallar med dette foreldre/føresette inn til seminar om lesing. Vi er alle med i det store kommunale språkprosjektet og er i den samanheng så heldige å få besøk av ein leselærar frå Skedsmo kommune, Margunn Høgalmen.

Tid og stad:
  • Hauge skule måndag 3. desember kl. 18.00 – 19.30 på rom 4 og 5 på ungdomsskulen, foreldre frå Bremanger og Kolset
  • Svelgen skule tysdag 4. desember kl. 16.00 – 17.30, foreldre frå Svelgen.
Les heile innkallinga her

24.november 2007
NEDERLAND OG THAILAND

Elevane i 3. kan no mykje mykje om Nederland og Thailand
Sjå bilete



22.november 2007
MOZART
140 elevar og tilsette frå Hauge skule og Kolset og Berle Opvekst, fekk bli meir kjend med vidunderbarnet Wolfgang Amadeus Mozart på to flotte framføringar i "Heimen" av distriktsmusikarane frå Førde. Sjå bilete


20.november 2007
LITTERATURDAG


Sjå flotte bilete her. Tema var Astrid Lindgren.

19.november 2007
JULEFEST

Julefesten 2007 blir arrangert tysdag 18.12. klokka 18.00 i Bremangerhallen.Siste skuledag før juleferien er torsdag 20.12. På nettavisa ser du bilete frå julefesten 2006.

18.november 2007
INGEN HINDRING - NY NETTSTAD

Over 700 000 nordmenn har nedsatt funksjonsevne. På denne nye heimesida kan du prøve deg som synshemma, høyrselshemma, rullestolbrukar eller far til småbarn. Prøv her


12.november 2007
LITTERATUR MED FOKUS PÅ ASTRID LINDGREN


Det er 100 år sidan Astrid Lindgren vart fødd i nov.-1907. Dette vil elevane i 1.-4. markere med ein litteraturdag med fokus på hennar bøker fredag 16.11. Dei startar med ei fellessamling. Så vert det ulike aktivitetar på tre stasjonar med aldersblanda grupper. Elevane blir oppfordra til å kle seg ut som sin favoritt frå Astrid Lindgren sine bøker.

Sjå bilete på www.firdaposten.no

11.november 2007
I 4 år har Ella Miljøbil reist rundt i landet og undervist på skular om miljøfarleg avfall. Onsdag 14.11 kjem miljøbilen til Hauge skule og skal undervise 5. og 10. Les meir om undervisningsopplegget her.


11.november 2007
FORSIKRING AV ELEVAR

Les her

10.november 2007
MATEMATIKK

Har du lyst å prøve deg på ein matematikktest? Klikk her.

4.november 2007
ARBEID PÅ ELKEM
10. har i 3 dagar vore ute i arbeidslivet. Desse to elevane jobba på Elkem i Svelgen



1.november 2007
MANIFEST MOT MOBBING
På Hauge skule har alle elevar og tilsette skrive under på eit manifest mot mobbing på skulen. Les meir her



30.oktober 2007
VAKSINASJON
10. har i dag vaksinert seg mot poliomyelitt. Meir om poliomyelitt kan du lese her

29.oktober 2007
RÅD OM KOSTHOLD OG FYSISK AKTIVITET

Sosial- og helsedirektortet har laga ein guide om korleis du kan vere fysisk aktive og ete sunt. Sjå råda til aldersgruppa 13-18 år her.

29.oktober 2007
MATEMATIKKDAG PÅ SMÅSKULESTEGET

Fredag 27.10 var det nesten berre matematikk på timeplanen til småskulesteget. Elevane arbeidde på 4 stasjonar: Terningspel, Bingo, Forskningsstasjon og Basar

Sjå fleire bilete her

29.oktober 2007
KapAbel

9. har i dag meldt seg på den nordiske matematikk-konkurransen KappAbel . 1. kvalifiseringsrunde startar 5.november. Les meir om konkurransen her.
Prøv denne veka si nøtt her.

25.oktober 2007
OPERASJON DAGSVERK


9. jobba for ei betre framtid for ungdommar på landsbygda i Honduras, Nicaragua og Guatemala. Sjå bilete.


23.oktober 2007
MUNCH - EI REISE I DANS, MUSIKK OG BILDEKUNST

To koreografar og ein komponist har late seg inspirere av Edvard Munch sine verk: "Solen", "Melankoli", "Løsrivelse", "Ung kvinne på stranden", "Stjernenatt" og "Galopperende Hest". Dei blandar tre kunstuttrykk og skapar noko nytt.

Dette vart ei flott framsyning i Bremangerhallen for elevane på ungdomssteget





Sjå bilete her
Les meir her

23.oktober 2007
OPERASJON DAGSVERK

9. skal også i år delta på Operasjon Dagsverk. Pengane dei tener torsdag 25.10, skal gå til ei betre framtid for ungdom på landsbygda i Honduras, Nicaragua og Guatemala. Les meir om OD 2007 her



6.oktober 2007
ETT KLIKK FOR MYE

Når du klikker på bilete, kjem du til ein nettressurs om kva unge kan gjere dersom dei har blitt krenka på internett.

5.oktober 2007
LESESTUND PÅ STASJONEN BARNEHAGE

4.årssteg har vore på Stasjonen og lest for barnehageungane. Elevane var flinke seier Liv, og ungane synst det var spennande å høyre på..


5.oktober 2007
HAUSTFERIE

Neste veke er det haustferie.

21.september 2007
ÅKERBESØK PÅ "VELJÅ"

Tysdag 18.september var 1. på besøk i åkeren til Anita C Grotle. Les om besøket her. (Du treng pdf-program)



21.september 2007
NASJONALE PRØVER

Torsdag 20.09 hadde 5. og 8. nasjonale prøve i lesing. I dag hadde 8. nasjonal prøve i engelsk 1. og 2. time. Denne prøva var elektronisk. 5. er ferdig med engelskprøva. Dersom du vil prøve eksempeloppgåver i engelsk for 5. eller 8. kan du klikke her.

14.september 2007
VITENSENTERET
Bergen Vitensenter besøkte Hauge skule 12. september med sitt VILVITE –opplegg. Målet var å vekke og stimulere interessa for naturvitenskap.
Elevane frå 5. - 10-. fekk oppleve ulike spanande naturfagsopplegg i løpet av dagen. Det heile starta med eit show i Bremangerhallen for alle elevane. Dagen vert avslutta med eit inspirasjonskurs i naturfag for lærarar.





11.september 2007
HJARTE-LUNGE-REDNING (HLR)

Personalet på Hauge skule fekk i går opplæring i Hjarte-lunge - redning (HLR) av ein engasjert og dyktig Jan Helge Restad i Paramedic.
Lær deg HLR her (pdf)

9.september 2007
NASJONALE PRØVER

Denne veka strartar elevane med dei nasjonale prøvene. Først ut er 5.årssteg med elektronisk prøve i engelsk fredag 14.09.Infomasjon om denne prøva kan du lese her. (Du må ha pdf-program). Alle føresette til elevar i 5. og 8. skal ha fått informasjonsbrosjyre om dei nasjonale prøvene. Du kan lese alt om prøvene her


9.september 2007
TONGANE

Småskulesteget var på tur til Tongane torsdag 6.september.
Sjå bilete
(Fleire bilde 14.09.07)

7.september 2007
BESØK AV VITENSENTERET

Bergen Vitensenter vil besøke Hauge skule den 12. september med sitt VILVITE –opplegg. Målet er å vekke og stimulere interessa for naturvitenskap.
Elevane frå 5. - 10-. vil oppleve ulike spanande naturfagsopplegg i løpet av dagen. Dagen vert avslutta med eit inspirasjonskurs i naturfag for lærarar.
Vitensenteret si heimeside
Rektor

2.september 2007
TUR TIL VINGEN
Mellomsteget var i Vingen 29.08. Guide var Annette. Sjå bilete
Les litt om Vingenområdet her


2.september 2007

KARIHÅJEN


U-steget var på Karihåjen fredag 24.08.

Sjå bilete

31.august 2007
RETT TIL FRITAK FRÅ OPPLÆRINGHA I KRL

Informasjon om endringer i opplæringen i faget Kristendoms-, religions- og livssynsskunnskap og om rett til fritak fra opplæringen i skoleåret 2007/2008.” kan du lese her.

30.august 2007
OFFENTLEG BADING PÅ HAUGE SKULE
Startar opp måndag 3. september til desse tidene:

MÅNDAG
KL. 16.00-18.00: Handikapbading.
KL. 18.00-19.00: Familiebading.
For familiar med barn på småskulesteget.
KL. 19.15-21.00: Offentleg bading for vaksne.

TYSDAG
KL. 17.00-18.00: Småbarnsbading.
KL. 18.00-19.00: Familiebading.
For familiar/barn frå mellomsteget og oppover.
KL. 19.00-20.00: Offentleg bading for vaksne.
Billettpris for offentleg bading:
Vaksne kr. 33,-
Barn kr. 22,-

I veke 38 og 39 har vi pr. i dag ikkje badevakt. Sjekk heimesida vår om dette er ordna.

Siste: Anita Lexau er badevakt i veke 38 og 39

DET VERT OFF.BADING I HAUSTFERIEN.

Hauge skule
Aage Kvendseth (sign.)
Rektor/driftssjef

 


23.august 2007
"GJE BARANA EI OPTIMISTISK LIVSHALDNING!


Professor i spesialpedagogikk, Edvard Befring, sa dette under sitt interessante foredrag for 50 –60 oppmøtte på Hauge skule 22.august. Han gjekk på ein oversiktleg måte gjennom ulike sider ved dette å lære, inklusive det nye læringsperspekivet.
Han meinte det var viktig å utvikle ei tru i barnet til at det vil gå bra å greie det som ser vanskeleg ut. ”Greier vi å tenne eit slik lys, kan det endre heie livet”, sa han. Han viste mange sterke døme på dette gjennom sine møte med barn og unge som t.d. før enda spesialskulen de han arbeidde.

Han meinte det språkprosjeket skulen og barnehagen skal inn i for dei minste, vil få mykje å seie for å forebyggje lese-og skrivevanskar for dei som idag går barnehagen eller i småskulen. Barn er forskjellige, minte han om, - ei felles oppskrift nyttar ikkje – tilpassa oppæring frå kompetente lærarar og førskulelærarar må til!

Mange spørsmål gjorde at det interessante møtet varte i to timar.

Vi kjem attende me meir informasjon etc. om prosjektet. Reidun Solberg og rektor er med i den kommunale prosjektgruppa. Reidun vil vere ”primus motor” for prosjektet på Hauge skule der lærarane i 1 – 4. vil delta i prosjektgruppa.

Aage K

21.august 2007
INFORMASJON

a) Informasjonsmøte om språkprosjekt
Ope møte for foreldre/føresette med elevar i 1. – 4. årssteg (saman med m.a. foreldra i Stasjonen barnehage )

Dato: Onsdag 22. august klokka 17.00 – 19.00. i Bremangerhallen

Informasjonsmøtet er om språkprosjektet som Hauge skule skal delta i framover saman med mellom anna Stasjonen barnehage.

Informasjonen vert gitt av pedagogikkprofessor Edvard Befring som er knytt opp mot prosjektet vårt i Bremanger. Kjernen i prosjektet er samanhengen mellom språkstimulering og lese/skrivemeistring.
Professor Befring er svært interessant å høyre på, lett å forstå og ein god inspirator.
Vel møtt!

b) Frukt til alle elevar

Frå og med dette skuleåret har regjeringa bestemt at elevane på 1. –10.skular skal få ei gratis frukt eller ein grønnsak kvar dag på skulen. Sjølv om vi var raskt ute for å tinge svalskåp til lagring av frukta, vil vi kanskje ikkje motta desse før utpå hausten. Vi vil likevel prøve så godt vi kan å få ordninga til å fungere. Vi trur det beste er at frukta etter kvart vert oppdelt slik at eleven kan velje frukt/ulike frukter kvar dag.

Vi vil kome attende med meir informasjon på nettsida vår om denne ordninga når alt er på plass. Er ein elev allergisk mot ein type frukt t.d., ber vi om at de varslar kontaktlæraren om dette.

Med helsing
Aage Kvendseth
-driftssjef-

14.august 2007
SKULESTART

SKULEÅRET 2007/2008 STARTAR MÅNDAG 20.AUGUST. DET BLIR FELLES OPNING OG ALLE MØTER UTANFOR SKURET PÅ BARNESTEGET
SKULETIDA ER 08.45-14.20.

VELKOMMEN!

Sjå bilete frå skulestarten 2006 her

Haust Vår 2006- Vår 2007 - Klikk her
Haust 2002 - Haust 2005 - Klikk her
Skuleåret 2001-2002 - Klikk her

Skuleåret  1999 - 2000 - Klikk her



TELEFON HAUGE SKULE

2015-2016:

Sekretær/Sakshandsamar
Eli Siv Ytre-Hauge

Telefon 57 79 65 50
.

Telefon rektor/driftssjef

Kåre Magne Moe
959 82 948/57 79 65 55

Telefon fagleiar skule

Roger Nyborg
954 41 469/57 79 65 56

Telefon lærarrom:

57 79 65 63
Telefon SFO
57 79 65 59

SØKNAD OM SKULEFRI
PRISAR-Leige,kalkulator m.m
ELEVSKADER - Rutine
FORSIKRING AV ELEVAR
KLAGERETT - Kap 5
SKULERUTE 2016-2017
SKULERUTE 2015-2016
SKULERUTE 2014-2015
SKULERUTE 2013-2014
SKULERUTE 2012-2013
SKULERUTE 2011-2012
SKULERUTE 2010-2011
SKULERUTE 2009-2010
SKULERUTE 2008-2009
SKULERUTE 2007-2008
SKULERUTE 2006-2007
INFO TIL HEIMEN 2008-2009
INFO TIL HEIMEN 2007-2008
INFO TIL HEIMEN 2006-2007
INFO TIL HEIMEN 2005-2006
INFO TIL HEIMEN 2004-2005

Bremanger Idrettslag

Bremanger IL - Fotball

Utdanningsforbundet
Norsk Språkråd
Skulelenkjer
Utdanning.no
Skoleporten
Skulenettet
Matetatikk.org

Gamle naboar

Kalvågsportalen

Svelgen.no

Opplæringslova
Foreldrenettet
Foreldreveiledning

Kroppsøving

Bading
Forming
 
 Kåre Magne Moe