SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule



 

FORELDRERÅDSMØTE                                                         20.10.99
Meldingsaker:
-Hauge skule i dag (elevtal, elevtalsutvikling,tilsette)
- Ombyggingsarbeid (nytt skulekjøkken og vidare ombygging)
- Drikkevatn - skulen ventar på at det vil bli montert to drikkevassautomater      
- Ny opplæringslov (gjeldande frå 1/8-99) og tilhøyrande forskrift
- Skulen sitt nye ordensreglement. Det vart her også orientert om skular der det vert kravd vederlag for øydelagde bøker (jamfør§7 i ordensreglementet)
 
2) Val av arbeidsutval for foreldrerådet
   

   Medlem     

Vara

1. Anette Nødset   Roger Igland
2. John Ove Bratseth Rita Janne Igland
3. Nina Grotle       Arnar Førde
4. Kjell Bakke Anita Langeland
5. Eli Hauge   Odd Jonny Torvanger
6. Anita Solbakken Nygård    Kjartan Torvanger
7. Einar Hauge       May Gunn Eikeset Røys
8. Jorunn Igland Naustdal      Gerda Frøyen
9. Arvid Smedvik            Elin Hagevik

10. Kåre Magne Moe             

Reidun Solberg
   
Arbeidsutvalet skal sjølv velge leiar,nestleiar og to medlemar til samarbeidsutvalet. Leiaren skal vere ein av desse.
Dei av medlemane i det nye arbeidsutvalet som var til stades på møtet, fekk utdelt "Handbok for klassekontakter". Denne inneheld m.a. opplæringslov med forskrift, diverse informasjon om arbeidet som klassekontakter, klasseforeldremøte og konferansetimar. Handboka skal følgje klassekontaktene og vil bli supplert med ny informasjon etter kvart.
   
 

ARBEIDSUTVALSMØTE

02.02.2000

Saker:
1 Orientering:
- Ei kort synfaring på nytt skulekjøken
- Litt om budsjett 2000
2. Lag og organisasjonar inn i skulen
Vedtak:
Rektor og leiar skriv brev til lag og organisasjonar om korleis ein ynskjer samarbeidet om ulike aktivitetar bør organiserast. AU ynskjer ikkje at klassane vert nytta til "påmeldingsarena" for ulike aktivitetar. Dette kan skape ekstra press på enkeltelevar og konfliktar i heimane
3. Skuleskyss for småskulen
Vedtak:
A. AU meiner at skulevegen langs RV 616 og fylkesveg Grotle -  Smedvik er til dels særs trafikkfarleg:
- Smal veg
- Ikkje gang og sykkelveg
- Aukande trafikk av større køyrety
B. Samla gjer dette at AU meiner at det må opprettast skuleskyss for alle elevar i småskulen sjølv om avstanden er mindre enn 4 km.

C. I tillegg vil AU peike på trongen for gang og sykkelveg frå Stasjonen til Hauge skule

D. Leiaren sender skriv til skule og barnehageseksjonen der ein tek opp trafikktilhøva til og frå skulen. I brevet skal ein på vegne av AU be om at det vert føreteke ei kartlegging og utgreiing med sikte på det blir oppretta skuleskyss for elevar i småskulen.
4. Eventuell foreldredugnad
AU drøfta spørsmålet om eventuell foreldredugnad,og på kva område foreldra kunne gjere ein innsats:
Uteområdet - skuleplassen
Uteområdet - planting
Uteområdet - sykkelskur
Rektor orienterte om midlar frå banken og at desse burde/ville bli nytta til elevretta tiltak
Vedtak:
AU ynskjer å få utgreia kostnader med oppattbygginga av sykkelskur for om mogleg å gjere dette på dugnad for ein kostnad som gjer at AU kan skaffemidlar som kan nyttast til andre føremål på skulen. Rektor syter for utgreiing
5. Aksjon rusmisbruk

AU fekk utdelt Bremanger kommune sin "Tiltaksplan mot rusmisbruk" vedteken i Oppvekstutvalet 01.02.00.
Vedtak:
AU vil seinare drøfte korleis utvalet vil engasjere seg i realiseringa av planen
 

ARBEIDSUTVALSMØTE

22.05.00

Saker:
1. Orientering
Under sak 1 vart det reist spørsmål om disponering av "millenium-midlar" frå Sparebanken. Skulen har enno ikkje disponert desse midlane, og arbeidsutvalet ber om at prosessen snarast kjem i gang

2. Ombygging av gamle skulekjøkken
Arbeidsutvalet vil gje uttale til kommunestyret der arbeidet med ombygging av gamle skulekjøkken vert starta snarast. Eit minstekrav må vere å utføre arbeidet som er konkretisert og kostnadsrekna i skriv av 27.05.00 frå rektor ved skulen. Dette må kunne gjerast innanfor rammene av tidlegare vedtak, utan forseinking og uvissa knytta til ny handsaming av økonomiplan. Arbeidsutvalet ser dette prosjektet som ei vidareføring av planane og arealdisponering ved innføring av R97. Arbeidet skulle ideelt ha vore utført innan skulestart 1997

3. Sykkelskur
Arbeidsutvalet sender skriv til kommunestyret med krav om at skuret vert bygd opp att straks.

4. Sikring av asbesthaldige plater

Arbeidsutvalet ber leiinga ved skulen om å sende orientering og informasjon til foreldre/føresette om tiltak i høve asbesthaldige plater på skulen

5. Dugnad
Arbeidsutvalet vil organisere dugnad for vedlikehald og montering av nytt utstyr på skulen sitt ute-område. Ein treng melding frå skulen om konkrete tiltak og oppgåver, og gjerne kor mange personar det er trong for. Arbeidsutvalet reknar med at skulen har midlar til godtgjerdsle for bruk av maskiner/køyrety i samband med dugnadsarbeidet.


Hauge skule 22.05.00


Arve Ryland

 
 
Kåre Magne Moe