SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule



 

AVSLUTNINGSFEST I 10.KL

Skriftleg eksamen i norsk og munnleg eksamen i engelsk og natur og miljøfag, var over. Nokre dagar på klassetur til Lillehammer hadde det også vore tid til mellom dei to eksamena. 9 år på grunnskule var dermed forbi, og den første avgangsklassen etter den nye grunnskulereforma, reform 97, skulle forlate Hauge skule. 

Foreldre og lærarar var inviterte til avslutningsfest. Det vart to kjekke timar.

Tonje ønskte alle velkomne og Odd Are tok over med ei tale til Rolf som har vore klassestyraren på ungdomssteget. The "Børls" hadde skreve om ein Stevie Wonder melodi og fekk på denne måten fram at kor glad  klassen var i  læraren sin.

Ryland sa  i si tale at han hadde hatt ei kjekk tid saman med klassen, og ynskte dei lykke til vidare i livet. Han oppfordra dei også om å komme tilbake til heimbygda.

Rolf kunne også love at  ikkje kom til å bli like mykje stryk på norskeksamen  som det var på  lærarskulane. 

Av foreldra fekk Rolf og alle elevane  eit kvart sitt lys. 

Mellom tale og gåver,  var det god tid til å prate og  smake på den gode maten som foreldra hadde laga til. Til slutt var det klassebilete og eit vemodig farvel med kvarandre

10 års treff i 2010!

Det skal pyntast...
 ..og lagast god mat

Isnt he lovely isnt he wonderful......
Ei takk til Rolfen frå foreldra

Siste bilde med gjengen:









 
Kåre Magne Moe