SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

VELLUKKA DUGNAD – TAKK TIL DUGNADSGJENGEN
Mai 2006
Tre dagar på rad denne veka var det dugnad på uteområdet. Bedda vart spadde opp, jord og plantar kom på plass - grøne fingar vart svarte – men resultatet vart ein trivelegare skule. Ein forelder kom med avleggjarar (staudar) frå eigen hage. Nokre tre og buskar vart og kutta litt ned. No gjeld det at vi saman med elevane held dette i orden utover våren og sommaren.
Muren lags planen var måla, benkane og måla med – mål som ein snill sambygding gav oss nye nett til! Fleire elevar møtte og deltok ivrig i målingsarbeidet.





Stor innsats var det og på ballbingen. Denne vart beisa to strøk – basket- og volleyballstativa kom endeleg opp og dekket vart påfylt siste sandlaget. Ein av foreldra kom med nybakte bakverk dei som deltok sett stor pris på i kaffipausa.





Takk til alle dykk – store og små – som har delteke i dugnaden denne gongen. Utan dykkar innsats hadde ikkje skulen fått dette til!



Vi har meir som skal gjerast ute – så andre kan få sleppe til på nye dugnader seinare.
 
 
 
Kåre Magne Moe