SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan
 
SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Firdaposten
Svelgen Skule
Davik Skule



 
 

Firdaposten:
Serverer sunn mat i storefri

BREMANGER: Frida Galaasen (16) har starta si eiga elevbedrift. Kvar tysdag og annankvar torsdag lagar ho til og sel torskeburgerar med brød og salat i matfriminuttet på Hauge skule. At tiltaket er populært, er det ingen tvil om!

Både elevar og lærarar står i kø når klokka ringer ut etter tredje time.

Torskeburgerane er populær mat for elevane både i åttane og tiande klasse, i niande klasse er det ingen som et fisk. Men det er lærarane som er dei ivrigaste, det er ofte dei som står først i køa, seier Frida og ler.

POPULÆRT: Elevane står i kø for å sikre seg ein torskeburger. ( foto: Annbjørg Hauge Nygård)

Skriv seg på liste

Då Firdaposten var på besøk innom skulekjøkenet tysdag føremiddag, hadde Frida og medhjelparen hennar, assistent Veronica Bratseth, det meste klart. På førehand hadde dei lagt ut ei liste der dei som ville ha burgerar denne dagen kunne skrive seg på, slik at dei to på kjøkenet kunne planlegge kor mykje dei skulle lage til. Tjuefem namn stod på lista denne dagen, før haustferien talde lista heile femti namn, så då var det rimeleg hektisk å få alt ferdig i tide.

- Vi må nesten vite på førehand kor mange som vil ha torskeburgerar til ei kvar tid, slik at vi ikkje blir sitjande att med masse mat, og går i underskot, fortel Frida.

( foto: Annbjørg Hauge Nygård

Skulesamarbeid

Frida Galaasen er i år elev ved Flora vidaregåande skule, på linja sal og service. Ho pendlar frå Bremanger til Florø tre dagar i veka, dei andre to dagane får ho undervisning ved Hauge skule. Frida tykkjer dette fungerer greitt.

- Det hadde blitt travelt å pendle kvar dag, seier ho, medan ho gjer seg klar til å servere den første kunden.

I tillegg til å ta seg av elevbedrifta, får ho undervisning i teoretiske fag som norsk, matematikk, engelsk og samfunnsfag, og i praktiske fag som gymnastikk og bading.

ALT KLART: ( foto: Annbjørg Hauge Nygård)

Kosar seg i arbeidet

I Florø er Frida medeigar i ei anna elevbedrift, som lagar pizza kvar måndag.

- Det vi eventuelt får i overskot på elevbedriftene, skal gå til sosiale tiltak i klassa vår. Kanskje ein skuletur, seier Frida håpefullt.

Ho storkosar seg i arbeidet, og ekstra kjekt er det når elevane og lærarane støttar så godt opp om bedrifta som dei gjer.

- Det var rektor som oppmoda meg om å servere litt sunnare mat enn det som er å få kjøpt i kantina, fortel ho.

Og på spørsmål til elevane om dei tykkjer maten smakar, er svaret eintydig: kjempegodt!!!

Annbjørg Hauge Nygård
57 79 59 80
bremanger@firdaposten.no

 
 

 
Kåre Magne Moe