SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

FORELDREUNDERSØKING

Til foreldre og føresette

FORELDREUNDERSØKING

Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med KS, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalget for grunnskulen og Elevorganisasjonen utvikla ei brukarundersøking for foreldre og føresette til born i grunnskulen.

Alle skulane i Bremanger skal gjennomføre denne undersøkinga. Ved å svare på spørsmåla, gir de ei vurdering av læringsmiljøet på skulen og samarbeidet mellom heim og skule.

Du kan få vite meir ved å gå inn på http://www.udir.no/undersokelser

Her kan du også lese spørsmåla som du vil få når du logger deg på.

Vi ber om at foreldre/føresette gjennomfører denne undersøkinga innan måndag 13.februar. Det er viktig for oss at alle deltek.


Gjennomføring:
Foreldreundersøkinga er anonym må gjennomførast på internett.

•  Gå inn på denne nettadressa: http://www.analyzethis.no/ud/foreldre/login.aspx

•  Skriv inn Bruker ID (Ligg i konvolutten- Ein brukarID for kvart born du har i skulen)

•  Svar på spørsmåla

Dei som ikkje har tilgang til internett eller vil ha rettleiing når de gjennomfører undersøkinga, kan møte på skulen (datarommet) torsdag 9.februar. kl. 19.00-20.00.

Du kan også ringe Kåre Magne om du treng hjelp.(959 82 948)

Med helsing

Hauge skule
Aage Kvendseth
rektor


 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kåre Magne Moe