SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Utviklingsplan
Bruksplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule



FØRSTEHJELPSKURS
Kvart år må dei tillsette som underviser i symjing, gjennomgå eit førstehjelpskurs i gjennoppliving. Dette gjeld både teoretisk og praktisk opplæring. Torsdag 3.februar vart kurset gjennomført. Den teoretiske delen var det Kirsten som tok seg av.

I bassenget var det praktiske øvingar som Liv Torvanger hadde ansvaret for. Her skulle deltakarane dukke etter gjenstandar og føre i land personar


GÅVE FRÅ SPAREBANKEN
Det var  i mars at Hauge skule fekk besøk av avdelingsbanksjef Steinar Ryland og fillialsjef Anne Lise Ødegård. Det var Hauge skule sin tur til å få utdelt gåvebrev frå Flora Bremanger sparebank. Gåva på 56000 kr og eit måleri av Ludvik Eikås, vart overekt til elevrådet representert ved Odd Are Håvardstun og Tonje Ask. Midlane skal brukast til elevretta tiltak og ikkje inngå i ordinær drift.

Elevar og føresette vil bli teken med i å utarbeide plan for bruk av midlane.Aktuell bruk kan vere eit meir aktivitetskapande uteområde.

Vi takkar sparebanken for gåva.

 
NYTT SKULEKJØKEN
I mai kunne endeleg skulen ta i bruk det heilt nye og flotte skulekjøkenet. Arbeidet tok litt lenger tid enn planlagt, og vart nokre kroner dyrare enn forventa.

Skulen og bygda har fått eit  skulekjøken som vil bli flittig brukt. Bjørg og Magnhild held her på med nedvaskinga.


 
Kåre Magne Moe