SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



   
HANDLINGSPLAN 
Programområde omfattar tenesteområda: 2020 Grunnskule, 2050 SFO, 2221 Drift av skulelokale, 2222 Skuleskyss/ekskursjonar
PROGRAMOMRÅDE: Hauge skule.
1. Mål for verksemda
1.1.      Endringar i oppgåver m.m.
Ingen store endringar.
1.2       Overordna mål
Skulen skal leggje vekt på omsorg og trivsel og skape eit godt læringsmiljø med tilpassa opplæring for alle elevar
1.3       Handlingsmål
  1. Utvikle eit trygt, inspirerande og inkluderande læringsmiljø inne og ute.
  2. Betre inneklimaet på skulen.
  3. Ein skule med nulltoleranse mot mobbing.
  4. Auka læringsutbyte gjennom meir tilpassa opplæring  og mindre trong for spes.ped.
  5. Vere ein uteaktiv skule og gje betre fysisk fostring for elevane.
  6. Heve kvaliteten på lese- og skriveopplæringa og auke leselysten hos elevane.
  7. Slå saman folkebibliotek og skulebibliotek
  8. Utvikle entrepenørskapsevnen til elevane og etablere elevbedrifter.
  9. Realisere Hauge aktivitetspark.
  10. Gjere elevane kjende med lokalsamfunn, lokal kultur og næringsliv.
  11. Engasjere elevar, foreldre og tilsette i arbeidsmiljøarbeidet og i samarbeid heim skule. 
  12. Fornye kontorarbeidsplassar til lærarar og andre tilsette.
  13. Oppdatere lærarkompetansen og styrke den pedagogiske bruken av IKT i opplæringa.
  14. Skape ein god og funksjonell arbeidsplass for elevar, lærarar og andre  tilsette.
1.4.       Vektlegging/kommentarar til mål
I komande 4-årsperiode bør det skje mykje på Hauge skule. Skulebygget bør rehabiliterast slik at inneklimaet og arbeidsmiljøet før elevar og tilsette vert betre. Hauge aktivitetspark bør realiserast og fleirbrukshallen vil gje skulen eit løft i så vel kroppsøvingsfaget som i arbeidet med musikk og kultur. Vidare bør standarden på kontorarbeidsplassane for lærarane verte betra. Bruken av IKT  i opplæringa bør styrkast ved å oppdatere både  lærarkompetansen og IKT-utstyret. Skulen ønskjer tilgang til breiband noko som vil gjere det lettare t.d. å opprette kontakt med skular i andre land.
I perioden vil vi vidareføre arbeidet med å styrke lese- og skriveopplæringa m.a. gjennom prosjekt ”Leselyst” og ved få auke tilgang til folkebiblioteket i skuletida. Vidare vil vi halde fram med satsinga vår på variert fysisk fostring. Hauge skule vil og setje større fokus på entrepenørskap i opplæringa, spesielt på mellomsteget.
2. PLANLAGDE AKTIVITETSENDRINGAR/TILTAK
2.1       Ikkjeøkonomiske
Vi vil i 2004 fullføre pilotprosjektet med eit eige arbeidsmiljøutval ved skulen der både elevar, foreldre og tilsette deltek og vurdere om dette skal vidareførast. Prosjektet er finansiert av AMU.
2.2       Drift

 

Budsjett

2004

Budsjett

2005

Budsjett

2006

Budsjett

2007

Netto driftsutgifter

10.439.000

10.439.000

10.439.000

10.439.000

Kommentarar:
Utfordringa er den same som tidlegare – å ha nok midlar til dei stillingane rammetimtalsmodellen utløyser, til pedagogisk utviklingsarbeid, til innkjøp av moderne læremiddel, til det daglege vedlikehaldet  og  til drifta elles.
2.3              Investeringar
Naudsynte tiltak – mange relaterte til   inneklimakrav  jfr. Arbeidstilsynet Budsjett 
2004
Budsjett 
2005
Budsjett 2006 Busjett 
2007
1. Reparere/tette tak ungdomsskulen  200.000      
2 Nytt ventilasjonsanlegg
/vindauge /dør /solavskjerminng/
betre lys på ungdomsskulen
1000000 1000000 500.000  
3 Renovere sløyd og naturfagavdeling inklusive nye golv og nytt røyrsystem 500.000 400.000    
4 Fjerne teppegolv/leggje belegg 60000 50000    
5 Hauge aktivitetspark - Eigendel 100000 100000 50000 50000
6 Arbeidsplassar for lærarane 100000 100000 50000 50000
7 PC-ar/Breiband/Skrivarar/Digital Video m.m 200000 100000 100000 50000
8 Tak på sykkelskur/renner/vegg skur 100000 50000    
9. Renovering av mediateket 200000 100000 100000 50000

10. Persienner/nye gardiner  b/u

30000 20000
11. Oppussing av fasade barneskulen 50000 100000 50000  
12. Oppussing av bassenget/ lyddempe   50000 70000 20000

13. Dobbeltvindauge og skohyller i gang på barneskule

60000 50000 50000  
14. Nye toalettavdeling på u-skulen   100000    
15. Ny kroppsøvingsavdeling Fleirbrukshall løyser dette 

16. Nye pultar og stolar i fleire rom

50000 50000    
Totalt investeringsbehov 2500000 2200000 870000 270000
 
Kåre Magne Moe