SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

EVALUERING AV SAMARBEID HEIM-SKULE


40 % av foreldra leverte svar. Dei aller fleste var i all hovudsak nøgde med heim – skule-samarbeidet. Sjølv om svarprosenten var låg, fekk vi nyttige tilbakemeldingar på område vi kan verte betre. Det var peika på følgjande i nokre av svara:

Heimesida:
•  at vi bør leggje ut meir informasjon og fleire bilete
•  at heimsida har vorte betre i haust
•  at somme ikkje har sett/har tilgang til heimesida

Infoheftet:
•  at nokre sakna info om SFO-ordninga
•  at dette er eit bra/nyttig hefte

Konferansetimane:
•  fleire meinte det var sett av for lita tid
•  at faglærarar bør vere tilstades og
•  at dei kjem for seint om hausten
•  at tilbakemelding om klassemiljø er like viktig som om fag

Foreldrerådet:
•  Merkar dei lite/markere seg/kva gjer dei på? Informasjon!
•  Same saker kvart år t.d. uteområdet.
•  Kva har FAU gjort, anna enn på julefestane?
•  Meir informasjonsflyt/referata på nettsida er nyttig for alle.
•  Vere meir synlege.

Heim – skule samarbeidet:
•  Kan ta meir kontakt med heim når det er noko spesielt
•  Ingen er perfekt, verken lærar eller foreldre
•  Dårleg info om kva dagar dei ulike årskulla skulle gå 6 timar
•  Prøver bør sendast med heim til underskrift
•  Samarbeidet er ok, men det kunne vore meir skriftleg informasjon
•  Korte fristar

Det store fleirtalet var tydelegvis godt nøgde med det meste og hadde svar A på spørsmåla. Svara vert no overleverte til FAU og til kontaktlærarane. Nokre av svara vil eigne seg til drøfting på FAU-møte og på foreldremøte. Leiinga vil ta tilbakemeldingane opp med lærarane for å sjå på kva skulen kan gjere for å imøtekome dei punkta vi bør verte betre på.

Vi vil takke alle som tok seg tid til å gje oss tilbakemelding.

 

 

 
Kåre Magne Moe