SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule



 
 

TIL HEIMEN

Kjære foreldre/føresette!De har no fått eit nytt informasjonshefte frå skulen i hende. Dette er eit forsøk på å gje dykk alle litt felles informasjon om Hauge skule.

De som er foreldre/føresette, er våre viktigaste samarbeidspartnarar i samband med vår felles oppgåve: Å gjere eleven til "gangs menneske i heim og samfunn". De skal dessutan t.d. gjennom foreldremøta, foreldrerådet og samarbeidutvalet vere med å fremje eit godt læringsmiljø ved skulen og knytte skule og lokalsamfunn tettare saman. De er og sentrale medspelarar for lærarane når det gjeld å utvikle eit godt skule- og klassemiljø. Utan dykkar aktive medverknad og engasjement, vil vi ikkje nå dei måla som er sette for den einskilde eleven og skulen.  Vi forventar sjølvsagt at de følgjer opp skulegongen til barnet/barna dykkar så godt de kan og at de ikkje nøler med å seie frå viss dykkar barn ikkje har det godt på skulen eller skulevegen.

For første år på lenge startar vi opp skuleåret med berre utdanna lærarar. Anita Midtbø og Egil Melvær er tilsette som nye lærarar ved skulen i kvar sitt vikariat. Vi har frå 01.08 og fått ein ny reinhaldar ved skulen. Underteikna er no fast tilsett som rektor og driftssjef.

Ni av lærarane er no i gong med  etterutdanning innan data (LærarIKT) og to lærarar har teke til med  vidareutdanning i matematikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Elles har vi inngått ein avtale med kulturskulen om kjøp av timar til musikkundervisning og til aktivitetar som er knytte opp mot arbeidet med å fremje eit  positivt skulemiljø. Vi har og danselærar frå kulturskulen. Vidare er vi med i ”Den kulturelle skulesekken".  Dette vil gje elevane tilgang til spanande kulturopplevingar gjennom året.

Vi er og i gong med tre prosjekt. Det eine gjeld uteområdet, der Anette Nødset Rosø er prosjektleiar. Rolf Eikeset skal leie eit arbeidsmiljøprosjekt vi har fått økonomisk støtte frå Bremanger kommune til å gjennomføre. Det går mellom anna ut på å engasjere elevane i arbeidet med å betre arbeidsmiljøet ved skulen i tråd den nye § 9a i Opplæringslova. Elevane i 7. skal elles  delta i eit prosjekt om å lage nettavis som de etter kvart vil sjå på heimesida vår.

Vi håpar at det vert sett av midlar på investeringsbudsjettet for komande år slik at vi kan betre inneklimaet ved skulen og til at arbeidet med fleirbrukshallen kjem i gong.

Saman med alle tilsette ved Hauge skule ser eg fram til eit vidare godt samarbeid!
Med helsing
Aage Kvendseth    - rektor/driftssjef-                       
Kåre Magne - inspektør-

2. Kontaktlærarar, foreldrekontaktar og elevtal  2003-2004

1.   Årskull:  Monica Liset Hauge og Anne Margrete Håvardstun   17 elevar

      Foreldrekontaktar: Åge Senneset (for 2 år) og Ingunn Dahle  Nigardsøy ( for 1 år)

2.   Årskull: Gerd Lillian Torvanger                                       13 elevar

Foreldrekontaktar: Annette Svarstad og Kirsti Førde

3.   Årskull: Monicha Terdal    og Liv Josefine Førde             16 elevar

Foreldrekontaktar:  Klara Bakke og Trond Lyngbø

4.  Årskull: Reidun Solberg                                                10 elevar

Foreldrekontaktar: Torill Ryland og Kjell Rune Lågeide

5.   Årskull: Anita Midtbø                                                10 elevar

      Foreldrekontaktar: Evy Back og Liv Hauge Ryland

6.   Årskull: Ruth Marit Igland                                                  11 elevar

Foreldrekontaktar:  Nina Grotle og Evy Karin Terdal Moe

7.   Årskull: Kirsten Grotle                                                              15 elevar

Foreldrekontaktar: Unni Ferstad og Anita Svarstad

8.   Årskull: Rolf Ryland og Liv Torvanger                                      24 elevar    

Foreldrekontaktar: Reidun Grotle og Johanne Lillerovde Andal

9.   Årskull: Bodil Ask og Egil Melvær                                          23 elevar 

Foreldrekontaktar: Liv Irene Frøyen og Hildegard S Nygård

10. Årskull: Jan Karsten Nygård og Ragnar Torvanger

      Foreldrekontaktar: Elin Merete Førde og Alf Haakon Harlem   23 elevar 

I alt:                                                                       162 elevar    

3. Andre tilsette lærarar

·        Rolf Eikeset

·        Ivar Qvuale Hauge

·        Aase Vadøy Hauge

·        Annette Nødset Rosø

·        Arve Ryland

·        Jill Strand

·        Mette Grøneng Bortne (permisjon til 18.05.04)

·        Oddbjørg Råket (permisjon til 31.07.04)

 

4. Andre tilsette i undervisningsstilling

·        Elisabeth Hamre (musikk)

·        Norvall Klungresæter (musikk)

5. Andre tilsette ved  Hauge skule

·        Lene Igland (assistent)

·        Siv Petra Grotle (assistent)

·        Bjørg Eide (assistent)

·        Anita Nygård (assistent - permisjon til 01.08.04)

·        Mary Moe (førskulelærar)

·        Helge Førde (barnevernspedagog)

·        Magnhild Nigardsøy (reinhaldar)      

·        Bjørg Igland (reinhaldar)

·        Ingrid Hauge (reinhaldar)

·        Åshild Farstad  Nilsen (reinhaldar)

·        Svein Tore Pettersen (vedlikehaldsarbeidar)

·        Helen Førde er vikar på tilkalling

6. Vaktmeister for Hauge skule

*    Terje Hauge  (tilsett i teknisk)                        Telefon: 57796558

7. Rådsorgana

Samarbeidsutvalet
Leiar:                          Monica Liset Hauge (frå lærarane)
Nestleiar:                    Torunn Kløvtveit      (frå andre tilsette)            
Sekretær:                   Aage Kvendseth
Elevar:                        Siri T Haugland og Anders Igland
                                    Svein Arne  Torvanger og Jan Erik N. Hauge.

Frå AU i foreldrerådet:            Elin Merete Førde og Trond Lyngbø
Lærarar:               Annette Nødset Rosø              Vara: ArveRyl
and  
                              Egil Melvær (vara for Monica)
Kultur- og oppvekstutvalet:      Reidar  Ytre - Hauge                Vara: Bjørn Nygård

Elevrådet i  ungdomsskulen:
Leiar:  Svein Arne Torvanger
Nestleiar: Jan Erik N. Hauge
Skrivar:  Stine Hauge Eikeset

Elevrådet i  5. – 7. klasse
Leiar:  Siri T. Haugland
Nestleiar: Anders Igland
Skrivar: Lisa M. Hauge

Arbeidsutvalet i foreldrerådet

Leiar:               Elin Merete Førde                                      Vara: Alf Haakon Harlem                        

Nestleiar:             Trond Lyngbø                                                Vara: Klara Bakke

Sekretær:              Liv Irene Frøyen                                        Vara: Hildegard S. Nygård

Medlemmar:    

Ingunn Dahle Nigardsøy                                                        Vara: Åge Senneset

Annette Svarstad                                                                      Vara: Kirsti Førde

Kjell Rune Lågeide                                                                        Vara: Torill Ryland

Liv Hauge Ryland                                                             Vara: Evy Back

Evy-Karin Terdal Moe                                                      Vara: Nina Grotle

Unni Ferstad                                                                            Vara: Anita Svarstad

Johanne Lillerovde Andal                                                   Vara: Reidun Grot

Nyttig adresse for foreldre: www.foreldreveiledning.dep.no

8. Anna informasjon frå Hauge skule

Utviklingsplan 2003- 2004
Hauge skule har følgjande satsingsområde:

-                     Læringsmiljøet

-         Ungdomssteget

-         Tilpassa opplæring

-         Den uteaktive skule

-         Pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

-         Lese- og skriveopplæring

-         Matematikk

-         Skuleleiing

-         Entrepenørskap

Planen ligg i sin heilskap på heimesida vår.

Utstyr eleven skal ha med/har ansvar for.
Vi ber om at foreldre/føresette syter for at eleven alltid har med det utstyret ho/han treng på skulen og bøker/utstyr som dei har fått ulevert på skulen. Det er alt frå blyant og viskelær, til kalkulator, passar, linjal, transportør og lærebøker. Viss elevane mistar/øydelegg noko av skulen sitt utstyr, må dei erstatte det. Vi har følgjande prisliste pr i dag: Passar kr 25, gradskive kr 15, kalkulator kr 65, linjal kr 10.

Arbeidsmiljøprosjekt
For  å prøve å realisere måla i den nye paragrafen i opplæringslova om elevane sitt arbeidsmiljø, har vi starta eit prosjekt der vi skal ha eit eige arbeidsmiljøutval ved skulen der elevane deltek. Rolf Eikeset skal leie prosjektet. Han har informert elevane om prosjektet.. Foreldra vil og få meir informasjon gjennom foreldrerådet. Dei tilsette og foreldra skal og ha representantar i utvalet.

Handlingsplan mot mobbing
Som de fleste av dykk veit, laga vi beredskapsplan mot mobbing tidlegare dette året. Denne planen skal vere sendt med eleven heim i vår. Vi har og lagt planen ut på skulen si heimeside.  Heim og skule må samarbeide aktivt for å nå måla om å førebyggje og stoppe mobbing. 

Den kulturelle skulesekken
Hauge skule er no med i satsinga ”den kulturelle skulesekken”. Det inneber mellom anna at elevane vil få vere med på kulturopplevingar gjennom året. Dette vil elevane få melding om etter kvart.

Sykling til/frå skulen
Både foreldra og skulen har ansvar for at barna skal ferdast trygt på skulevegen. Barn i småskulen er ikkje i stand til å lese/tolke trafikkbiletet. Dei er difor meir  utsette for ulukker i trafikken enn eldre barn. Vi ber om at  tek omsyn til dette når de vurder om barnet dykkar skal sykle til skulen eller ikkje. Hjelm bør dei bruke om dei syklar til skulen. Når skuledagen er slutt, opplever vi at barn av og til syklar rundt på skuleområdet og ute på vegen. Dei må i regelen få melding om å sykle rett heim fordi det kan oppstå farlege situasjonar på denne måten.

Grunnskuleveka  3. – 7. november

Teamet i år er ”Ingen utanfor” – saman om eit læringsmiljø utan mobbing. Planlegging og gjennomføring er eit felles ansvar for skulen m.a. gjennom kontaktlærar og kontaktforeldra og rådsorgana. Nærare informasjon vert gjeve via kontaktlærarane. Heile skulen vil delta med eigne og felles opplegg.

Positivt skulemiljø - PSM- og Norsk Kulturskuleråd

Skuleåret 02/03 var siste skuleår Hauge skule (saman med Frøyen skule) var med i Norsk Kulturskuleråd si satsing på positivt skulemiljø. Denne satsinga er no slutt.  Skulen har laga eigen ideplan for PSM-arbeid - ein plan som dei ulike stega eller lærarteama vil tilpasse eigne aktivitetar ut i frå. Desse aktivitetane er innan områda: Bilete, dans og rørsle, drama, song, teater/kulturkveld etc. Diverre har skulen svært avgrensa økonomiske midlar til slik satsing.

Teamorganisering

Ved Hauge skule  samarbeider lærarane i team. Tre teamleiar har ansvaret for kvar sitt team. Dei er no:

-         Monica Terdal           (1. – 4.)

-         Ruth Marit Igland      (5. – 7.)

-         Jan Karsten Nygård   (8.- 10.)

Utomhusplanarbeidet – prosjekt  Hauge aktivitetspark

Målet er å ha ferdige planar og budsjett før jul for "Hauge aktivitetspark". Det vil seie eit heit nytt uteområde rundt skulen. Dette har vore drøfta m.a. i skulen si plannemnd  og  i samarbeidsutvalet i vår. Skulen har samarbeidd med Katrine Myklestad i Nordplan. Planskissa er no nesten klar, men den har vorte noko justert sidan sist, m.a. med ein ballbinge. Anette Nødset Rosø er tilsett som prosjektleiar. Som første steg er det m.a. tenkt ein ballbinge/balløkke. Seinare håpar vi å få til eit såkalla ”flemmen-anlegg” – m.a. med store slengdisser slik dei har m.a. på Davik skule. Til dette anlegget vil vi trenge mange bildekk/traktordekk. Så ta vare på dekk om de har nokre gamle liggjande!

Det vert lagt opp til ein god del dugnadsarbeid etter kvart.  Målet vårt er å kunne søkje om tippe-midlar til prosjektet i januar 2004.  Vi er og avhengig av kommunal eigenandel og forskottering av tippemidlane og gåver.

Tillitsvalde og verneombod

Bodil Ask er arbeidsplasstillitsvald i Utdanningsforbundet Bremanger for lærarane. Lene Igland er arbeidsplasstillitsvald i Fagforbundet. Verneombod for Hauge skule er Aase Vadøy Hauge. Vara for henne er Rolf Eikeset.

Skulen har heimeside på internett: http://www.haugeskule.gs.sf.no
Der vil de etter kvart  finne oppdatert fleire opplysningar om skulen, aktivitetar, bilete, utviklingsplanen  etc.

Nettavis

Vi har fått fylkeskommunale midlar til eit IKT-prosjekt. Elevane i 7. starta på dette i vår. Den nye 7. vil halde fram prosjektet med Kirsten  Grotle som lærar. Prosjektet går ut på å lage ei nettavis. Denne vert å finne på skulen si heimeside.

Skulekor

Vi har starta eit skulekor på mellomsteget. Korleiar er Monica Liset Hauge. Koret vi ha øving to gongar i månaden i skuletida.  Dei vil seinare late høyre frå seg..

Ordenreglane kan du lese her
 
Kåre Magne Moe