SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule



 
 

INFORMASJON TIL HEIMEN
2004-2005

Kjære foreldre/føresette!

Her kjem eit nytt informasjonshefte frå skulen for å gje dykk alle litt felles informasjon.

De som er foreldre/føresette, er våre viktigaste samarbeidspartnarar i samband med vår felles oppgåve: Å gjere eleven til "gangs menneske i heim og samfunn". De skal dessutan gjennom foreldremøta, foreldrerådet og samarbeidutvalet vere med å fremje eit godt læringsmiljø ved skulen og knytte skulen og lokalsamfunnet tettare saman. De er og sentrale medspelarar for lærarane når det gjeld å utvikle eit godt skulemiljø for elevane. Utan dykkar aktive medverknad og engasjement, vil vi ikkje nå dei måla som er sette for den einskilde eleven og skulen. Vi forventar sjølvsagt at de dagleg følgjer opp skulegongen til barnet/barna dykkar, og at de ikkje nøler med å seie frå til læraren viss dykkar barn ikkje har det godt på skulen eller skulevegen.

Vi har elles inngått ein avtale med kulturskulen om kjøp av timar til musikkundervisning og til aktivitetar som er knytte opp mot arbeidet med å fremje eit positivt skulemiljø og utvikle kulturaktivitetane våre. Vidare er vi med i ”Den kulturelle skulesekken". Dette vil gje elevane tilgang til spanande kulturopplevingar med musikk og dans gjennom året.

Vi er framleis i gong med tre prosjekt. Det eine gjeld uteområdet, der Annette Nødset Rosø er prosjektleiar. Vi vil denne hausten opprette ei arbeidsgruppe knytt til prosjektet. Arbeidsutvalet i Foreldrerådet har engasjert seg sterkt i dette før sommaren ved mellom anna starta ei krone-rulling som vi håpar de sluttar opp om. De vert oppmoda om å betale inn t.d. kroner 200 til deira konto 3705.07.56891. Så langt har vi passert kr 20.000.

Elevane i 7. skal elles etter kvart vidareføre prosjektet om å lage nettavis om noko av det som skjer på skulen.

Hauge skule har dessutan kome med i det nasjonale realfagprosjektet: ”Matematikk til nytte og glede” der 3 lærarar og rektor skal delta. Målet er å skape ei variert, konkretisert og meir spanande og tilpassa matematikkundervisning. I denne samanheng og er foreldra sine haldingar til faget og viktige for den motivasjonen vi prøver å skape for faget.

Når det gjeld arbeidsmiljøet vårt, har vi fått skifta ut dei fleste teppegolva i sommar. Dette har alt betra inneklimaet for alle. Dei resterande teppegolva skal fjernast i haustferien. Hauge skule har enno mykje innan helse, miljø og tryggleik som berre kan løysast via inveseringsbudsjettet.

Saman med alle tilsette ved Hauge skule ser eg fram til eit vidare godt samarbeid!

Med helsing

Aage Kvendseth
-rektor/driftssjef

Kåre Magne Moe
-inspektør-

1. Leiing og administrasjon ved Hauge skule

Rektor/driftssjef : Aage Kvendseth
Telefon: 57796555 Faks: 57796552

Inspektør og IKT-rettleiar : Kåre Magne Moe.
Telefon: 57796556 Mob.959 82 948

Sekretær: Torunn Kløvtveit
Telefon 57796550. Faks: 57796552.

Rådgjevar: Bodil Ask
Telefon: 57796562

Personalrom: Telefon 57796563 Faks: 57796551.

2. Kontaktlærarar, foreldrekontaktar og elevtal 2004-2005

1. Årskull: Reidun Solberg. 10 elevar
Foreldrekontaktar: Roger Klungreset (1) Anne Sofie H. Igland (2)

2. Årskull: Monica Liset Hauge og Anne Margrete Håvardstun 16 elevar
Foreldrekontaktar: Åge Senneset (1) og Alice T. Haugland (2)

3. Årskull: Gerd Lillian Torvanger 13 elevar
Foreldrekontaktar: Kirsti Svarstad (1) og Bente Fosse (2)

4. Årskull: Monicha Terdal og Liv Josefine Førde 16 elevar
Foreldrekontaktar: Klara Bakke (1) og Oddvin Hauge (2)

5. Årskull: Mette Grøneng Bortne 10 elevar
Foreldrekontaktar: Kjell Rune Lågeide (1) Marita Rogne (2)

6. Årskull: Kirsten Grotle 10 elevar
Foreldrekontaktar: Evy Back (2) og Siv Førde (1)

7. Årskull: Ruth Marit Igland 11 elevar
Foreldrekontaktar: Nina Grotle (1) og Siv Petra Grotle (2)

8. Arve Ryland og Oddbjørg Råket 22 elevar
Foreldrekontaktar: Unni Ferstad (1) og Rune Sundsøy (2)

9. Årskull: Rolf Ryland og Liv Torvanger 23 elevar
Foreldrekontaktar: Jorunn Schramm (2) Jarle Hauge (1)

10. Årskull: Bodil Ask og Egil Melvær 25 elevar
Foreldrekontaktar: Hildegard S Nygård og Olav Hauge

I alt: 156 elevar

3. Andre tilsette lærarar

Rolf Eikeset
Ivar Qvale Hauge
Åse Vadøy Hauge
Annette Nødset Rosør
Brit Galaasen
Jill Strand (permisjon H-04)
Ragnar Torvanger
Jan Karsten Nygård
Jostein Nygård

4. Andre tilsette i undervisningsstilling

•  Elisabeth Hamre (musikk)
•  Norvall Klungresæter (musikk)

5. Andre tilsette ved Hauge skule

•  Bjørg Eide (assistent)
•  Mary Moe (førskulelærar)
•  Helge Førde (barnevernspedagog)
•  Anita Solbakken Nygård (Permisjon frå assistentstilling)
•  Siv Petra Grotle (Permisjon frå assistentstilling)
•  Magnhild Nigardsøy (reinhaldar)
•  Bjørg Igland (reinhaldar)
•  Ingrid Hauge (reinhaldar)
•  Linda Nygård (reinhaldar I)
•  Svein Tore Pettersen (vedlikehaldsarbeidar)

6 •  Vaktmeister for Hauge skule

* Terje Hauge (tilsett i teknisk) Telefon: 57796558

 

7. Rådsorgana

Samarbeidsutvalet:

Leiar: Alice T. Haugland (FAU)
Nestleiar: Jarle Hauge (FAU)
Sekretær: Aage Kvendseth
Elevar: Maria Bratseth og Solveig Svarstad
Andre tilsette: Torunn Kløvtveit
Lærarar: Monica Hauge vara: Egil Melvær Annette Nødset Rosø vara: Arve Ryland Kultur- og oppvekstutvalet: Gerda Frøyen Vara: Øystein Kolset

Elevrådet i ungdomsskulen:

Leiar: Maria Bratseth - repr. i Ungdomsrådet
Nestleiar: Solveig Svarstad- rep. i Ungdomsrådet
Skrivar: Henriette Moe

Medlemmar: Åsmund Vadøy
Varamedlemmar: Viviane Yngrid Felix Silva, Jan Erik Hauge, Stine Eikeset

Kontaktlærar: Annette Nødset Rosø

Elevrådet i 5. – 7. klasse

Leiar: Håvard Førde
Nestleiar: Maria Igland
Skrivar: Annie Bratseth
Medlemmar: Ida Ryland, Simen Hamre, Sondre Førde.

Kontaktlærar: Annette Nødset Rosø

Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU)

Leiar: Jarle Hauge vara til FAU: Jorunn Schramm
Nestleiar: Alice T. Haugland vara til FAU: Åge Senneset
Sekretær: Siv Petra Grotle vara til FAU: Nina Grotle

Medlemmar: Anne Sofie H Igland vara: Roger Klungreset
Bente Fosse vara: Kirsti Svarstad.
Oddvin Hauge vara: Klara Bakke
Marita Rogne vara: Kjell Rune Lågeide
Evy Back vara: Siv Førde
Rune Sundsøy vara: Unni Ferstad
Olav Hauge vara: Hildegard S. Nygård.

Jarle Hauge og Alice T. Haugland vert medlemmar av skulen sitt samarbeidsutval.

Nyttige adresser for foreldre: www.foreldreveiledning.dep.no og www.foreldrenettet.no

 

8. Anna informasjon frå Hauge skule

Utviklingsplan 2004- 2005

Hauge skule har følgjande satsingsområde:

•  Læringsmiljøet
•  Ungdomssteget
•  Tysk
•  Den uteaktive skule
•  Pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
•  Lese- og skriveopplæring
•  Matematikk
•  Entrepenørskap

Planen ligg i sin heilskap på heimesida vår.

Utstyr eleven skal ha med/har ansvar for.

Vi ber om at foreldre/føresette syter for at eleven alltid har med det utstyret ho/han treng på skulen og bøker/utstyr som dei har fått ulevert på skulen. Det er alt frå blyant og viskelær, til kalkulator, passar, linjal, transportør og lærebøker. Viss elevane mistar/øydelegg noko av skulen sitt utstyr, må dei erstatte det. Vi har følgjande prisliste pr i dag:
Passar kr 25, gradskive kr 15, kalkulator kr 65, linjal kr 10.

Vi ber og om at de tek godt vare på lærebøkene.

Handlingsplan mot mobbing


Som de fleste av dykk veit, laga vi beredskapsplan mot mobbing tidlegare dette året. Denne planen skal vere sendt med eleven heim i vår. Vi har og lagt planen ut på skulen si heimeside. Heim og skule må samarbeide aktivt for å nå måla om å førebyggje og stoppe mobbing.

Den kulturelle skulesekken

Hauge skule er no med i satsinga ”den kulturelle skulesekken”. Det inneber mellom anna at elevane vil få vere med på kulturopplevingar gjennom året. Dette vil elevane få melding om når eit kulturinnslag nærmar seg.

Sykling til/frå skulen

Både foreldra og skulen har ansvar for at barna skal ferdast trygt på skulevegen. Lærarane vil og ha trafikk som tema.Barn i småskulen er ikkje i stand til å lese/tolke trafikkbiletet. Dei er difor meir utsette for ulukker i trafikken enn eldre barn. Vi ber om at tek omsyn til dette når de vurder om barnet dykkar skal sykle til skulen eller ikkje. Eleven bør bruke hjelm om dei syklar til skulen. Dette er sjølvsagt heimen sitt ansvar. Når skuledagen er slutt, opplever vi at barn av og til syklar rundt på skuleområdet og ute på vegen. Dei må i regelen få melding om å sykle rett heim fordi det kan oppstå farlege situasjonar på denne måten. FAU vil seinare vurdere å tilrå kor gamle elevane bør vere før dei får sykle til skulen. Hauge skule har og teke opp med m.a. ordføraren at det må kome gang- og sykkelveg på Hauge for å betre trafikktryggleiken på skulevegen.

Grunnskuleveka 1. – 5. november

Grunnskuleveka skal medverke til å auke samarbeidt mellom elevar, foreldre, lærarar, skuleleiarar og lokalsamfunn. Tittelen på veka i år er: heim@skule - bruk av digitale verktøy for å styrke samarbeidet heim-skule. Også for Hauge skule er det eit mål å bruke IKT-verktøy meir i kontakten heim-skule. FAU er invitert til å ta initiativ til markering.

Positivt skulemiljø

Skuleåret 02/03 var siste skuleår Hauge skule var med i Norsk Kulturskuleråd si satsing på positivt skulemiljø. Denne satsinga er no slutt. Skulen har laga eigen ideplan for PSM-arbeid - ein plan som dei ulike stega eller lærarteama vil tilpasse eigne aktivitetar ut i frå. Desse aktivitet-ane er innan områda: Bilete, dans og rørsle, drama, song, teater/kulturkveld etc. Målet er å byggje vidare på det lærarane og elevane har lært og skape ein skule der kulturaktivitetar har ein naturleg og viktig plass som ein del av opplæringa.

Teamorganisering


Ved Hauge skule samarbeider lærarane i team. Tre teamleiar har ansvaret for kvar sitt team. Dei vert og ein del av skulen sitt utviklingsteam – saman med rektor og inspektør.
Dei er no:

Gerd Lillian Torvanger (1. – 4.)
Mette Bortne, (5. – 7.),
Ragnar Torvanger (8.- 10.).

Nærmiljøanlegget

Planskissa er no nesten klar, men den har vorte noko justert sidan sist, m.a. med ein ballbinge.Diverre har vi ikkje kom ei mål med denne – mellom anna fordi finansieringa ikkje gjekk i orden. Anette Nødset Rosø fungerer framleis som prosjektleiar. Ho har avsett eit par timar i veka til dette arbeidet. Som første steg er det m.a. tenkt ein ballbinge/balløkke. Seinare håpar vi å få til eit såkalla ”flemmen-anlegg” – m.a. med store slengdisser slik dei har m.a. på Davik skule.

Det vert lagt opp til ein god del dugnadsarbeid etter kvart. Målet vårt er å kunne søkje om tippe-midlar til prosjektet i januar 2005 og å dele det oppi fleire mindre prosjekt. Vi er og avhengig av kommunal eigenandel og forskottering av tippemidlane og ikkje minst gåver.

Skulen har heimeside på internett:

http://www.haugeskule.gs.sf.no

Der vil de etter kvart finne oppdatert fleire opplysningar om skulen, aktivitetar, bilete, utviklingsplanen og lenke til m.a. nettavisa vår.

NB! Hærverk/tagging/tilgrising av skulen på kveldstid/i helgar/feriar.

Regelmessig opplever vi at det er tagga/måla/skrive/tilgrisa/øydelagt noko på skulen etter skuletid, men spesielt i helgane. Vi ber om at de alle hjelper til å hindre slikt skjemmande hærverk.Når vi ikkje finn ut kven som øydelegg etc, vert dette og ein ekstra kostnad for skulen – pengar vi skulle ha nytta til noko positivt for elevane.


ORDENS- OG TRIVSELSREGLAR FOR HAUGE SKULE

  For at skulen vår skal vere ein triveleg stad å vere og ein stad å lære - for alle, må vi saman syne omtanke for og ta omsyn til kvarandre.

•  Vi oppfører oss slik at vi ikkje skader, plagar eller mobbar nokon, men er hjelpsame, vennlege og høflege mot kvarandre i samsvar med god folkeskikk både i skuletida og på skulevegen.

•  Vi har saman ansvar for å ta vare på bygningar, inventar, læremiddel og private eignelutar. Øydelegg vi noko med overlegg, må vi reparere det eller erstatte det.

•  Alle møter presis til timar/økter/avtalte tidspunkt.

•  Vi driv med ballspel på tilviste banar/område.

•  Vi parkerer syklar og bilar på tilviste stader.

•  Vi forlet ikkje skulen sitt område i matpausen/skuletida utan løyve.

•  Elevane har ikkje lov å røyke eller å nyte rusmiddel i skuletida, på elevkveldar eller på andre skulearrangement. Mobiltelefon skal vere avslått i timane.

•  Rektor skal godkjenne alle arrangement på skulen og orientere arrangørane om kva reglar som gjeld på skulen sitt område.

•  NB! Ved brot på ordensreglementet vil skulen kunne nytte disiplinærtiltak i samsvar med opplæringslova, t.d. bortvising.

SAMAN ER VI ALLE ANSVARLEGE FOR Å GJERE VÅRT TIL Å FREMJE EIT TRYGT OG TRIVELEG LÆRINGSMILJØ VED SKULEN VÅR.

Godkjend av Samarbeidsutvalet 03


9. Nokre andre reglar ved skulen

Røyking og butikkgåing i skuletida

Elevane har ikkje har lov å røyke på skulen/i skuletida. Leiinga og lærarane vil vere strenge med å gje løyve til å gå på butikken. Vi vonar de ser med forståing på dette og at de som foreldre samarbeider med skulen om å unngå dette. Gjenteken røyking i skuletida vil kunne føre til nedsett ordenskarakter.

Kantine som elevbedrift

Alle elevar bør starta dagen med å ete frukost heime før dei kjem på skulen, og dei bør ha med seg matpakke på skulen. I elevkantina for ungdomsskulen vil elevar på ungdomssteget kunne kjøpe relativt sunn mat og drikke i langfriminuttet. Kantinedrift er i seg sjølv ein læresituasjon for elevane, men kantina er tenkt å ha ein miljøskapande funksjon. Oppdraget å drive elevbedrifta er gitt til dei som kvart år går i 9. Dei disponerer og overskotet til t.d. ein avslutningstur. Elevane på mellomsteget har i ein prøveperiode no høve til å handle i kantina kvar tysdag.

Knivar etc.


Knivar eller andre farlege gjenstandar skal elevane ikkje ha med seg på skulen. Har dei det, vil dei verte inndregne.

Bruk av mobiltelefon/kameratelefon på skulen

Skulen har stramma inn mobilbruken i skuletida. Sist skuleår retta det store fleirtalet av elevane seg etter reglane. Elevane er informerte om kva reglar som gjeld for bruk av mobiltelefon i skuletida. Elevar som likevel har mobiltelefonen på i timane, vil få denne inndregen av læraren. Læraren leverer telefonen til inspektøren. Telefonen vert oppbevart på kontoret til dagen etter ved skuleslutt. Foreldre har høve til å kontakte inspektøren for å hente/be om at mobiltelefonen vert utlevert tidlegare. Vert telefonen teken ein fredag, vert den i regelen først utlevert måndag. Gjentekne brot på denne ordninga vil føre til nedsett ordenskarakter og til at telefon må hentast av foreldra. Elevar som har kameratelefon har ikkje lov til å ta bilete på skulen utan å få løyve til dette av læraren. Ofte har elevane ikkje bruk for telefonen i skuletida. Den kan difor vanlegvis like godt oppbevarast heime. Dette reknar vi med de som foreldre/føresette diskuterer med eleven dykkar.

Skadar/hærverk, erstatning og "anti-hærverksmidlar"

Foreldra har etter skadeerstatningslova (§1-1) ansvar for skadar som ein elev gjer med forsett eller uaktsamt mot t.d. inventar, bygningar, skulebøker.

I samråd med m.a. anna elevrådet i ungdomsskulen, har eg som rektor elles oppretta eit "anti-hærverksfond" på kr 3000 pr år. Når personalet, elevar eller vaktmeister melder frå om hærverk/skadar ingen tek på seg ansvaret for, vert skaden "betalt" med anti-hærverksmidlane. Vert det ikkje gjort hærverk eller skadar, vil elevrådet/

 

 

 
Kåre Magne Moe