SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule



 
 
INFORMASJON TIL HEIMEN Skuleåret 2005-2006

TIL HEIMEN - Kjære foreldre/føresette!

Eit ny skuleår er kome godt i gang, og vi sender ut ei ny utgåve av informasjonsheftet frå skulen.
De som er foreldre/føresette, er våre viktigaste samarbeidspartnarar. De skal dessutan gjennom foreldremøta, arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) og gjennom samarbeidsutvalet (SU) vere med å fremje eit godt samarbeid heim – skule, eit godt læringsmiljø ved skulen og å knytte skulen og lokalsamfunnet tettare saman. De er og sentrale medspelarar for lærarane når det gjeld å utvikle eit godt skulemiljø for elevane. Utan dykkar aktive medverknad og engasjement vil vi ikkje nå dei måla som er sette for den einskilde eleven og skulen.

Vi forventar sjølvsagt at de dagleg følgjer opp skulegongen til barnet/barna dykkar, og at de ikkje nøler med å seie frå til læraren viss dykkar barn ikkje har det godt på skulen eller på skulevegen. Det er og svært viktig at de har regelmessig og god kontakt med læraren/lærarane til barnet/barna dykkar og syt for at dei er godt informerte om eleven sin situasjon.
Vi har elles på nytt inngått ein avtale med kulturskulen om kjøp av timar til musikkundervisning og til aktivitetar som er knytte opp mot arbeidet med å fremje eit positivt skulemiljø og utvikle kulturaktivitetane våre.

Ei av utfordringane våre dette skuleåret er å førebu skulen og personalet på den nye skule-reforma, kompetanseløftet. Frå neste skuleår kjem det nye læreplan i alle fag, men vi har teke mål av oss gradvis å innføre den nye planen i matematikk dette året. Vi gjer dette m.a. for å prøve å få til ein betre overgang mellom ny og gamal plan for både elevar og lærarar. Mange lærebøker vil gradvis verte bytta – og nye læremiddel tekne i bruk. Den nye KRL-planen er elles vedteken og gjeld frå denne hausten. Det fekk vi melding om ved skulestart.

Hauge skule vil delta vidare i det nasjonale realfagprosjektet: ”Matematikk til nytte og glede” der fire lærarar og rektor er med i prosjektgruppa. Målet er å skape ei variert, konkretisert, meir utfordrande og tilpassa matematikkundervisning. Vårt nye ”matematikken sitt rom” vil stå sentralt i denne satsinga. Vi vil og peike på at foreldra sine haldingar til matematikkfaget har mykje å seie for den motivasjonen elevane har til faget. Tillet økonomien det, kan det elles tenkast vi set i gong med nytt/nye ”mattekurs” for foreldre denne hausten.Vi gler oss elles saman med elevane over den nye ballbingen vår. Takk til alle dykk som var med å gjorde ein framifrå dugnadsinnsats! Vi gir oss ikkje med dette – no set vi oss nye mål for uteområdet! Skulen skal denne hausten elles setje fokus på å finne fram til ein ny visjon for skulen og byrje arbeidet med å utvikle ein felles forpliktande pedagogisk plattform . Råds-organa vil og delta i dette arbeidet i løpet av året..

Saman med alle tilsette ved Hauge skule ser vi fram til eit vidare godt samarbeid!

Med helsing
Aage Kvendseth - Kåre Magne Moe
rektor/driftssjef- inspektør-

1. Leiing og administrasjon ved Hauge skule

Rektor (driftssjef) : Aage Kvendseth
Telefon: 57796555. Faks: 57796552

Inspektør/IKT-rettleiar : Kåre Magne Moe.
Telefon: 57796556

Sekretær: Torunn Kløvtveit (Vikar: Eli Siv Ytre-Hauge)
Telefon 57796550. Faks: 57796552.

Rådgjevar: Bodil Ask
Telefon: 57796562

Personalrom:
Telefon 577965563

2. Kontaktlærarar, foreldrekontaktar og elevtal 2005-2005
1. Årskull: Egil Melvær. 12 elevar
Foreldrekontaktar: Laila M Grotle (1) Monicha Terdal (2)

2. Årskull: Reidun Solberg. 10 elevar
Foreldrekontaktar: Roger Klungreset (1) May Elin Lyngbø (2)

3. Årskull: Helen Førde og May Britt Degnepoll 16 elevar
Foreldrekontaktar: Alice T. Haugland (1) og Oddvar. Hauge (2)

4. Årskull: Gerd Lillian Torvanger 14 elevar
Foreldrekontaktar: Bente Fosse (1) og Rita Janne Igland (2)

5. Årskull: Ruth Marit Igland 16 elevar
Foreldrekontaktar: Oddvin Hauge (1) og Elisabeth Kløvtveit (2)

6. Årskull: Mette Grøneng Bortne 11 elevar
Foreldrekontaktar: Marita Rogne (1) og Tone Lise Førde (2)

7. Årskull: Kirsten Grotle 10 elevar
Foreldrekontaktar: Siv Førde (1) og Liv Turid Klakegg (2)

8. Årskull: Bodil Ask og Jan Karsten Nygård 23 elevar
Foreldrekontaktar: Siv Petra Grotle (1) og Bjarne Pedersen (2)

9. Arve Ryland og Oddbjørg Råket 21 elevar
Foreldrekontaktar: Rune Sundsøy (2) og Roger Igland (1)

10. Årskull: Rolf Ryland og Liv Torvanger 23 elevar
Foreldrekontaktar: Jorunn Schramm (1) Jorunn I Naustdal (2)
I alt:
156 elevar

3. Andre tilsette lærarar
Rolf Eikeset
Ivar Qvale Hauge (permisjon)
Åse Vadøy Hauge (permisjon)
Annette Nødset Rosø
Jill Strand (permisjon H-05)
Ragnar Torvanger
Anita Solbakken Nygård (vikariat)
May.Britt Degnepoll (vikariat)
Liv Josefine Førde
Brit Galaasen
Anne Margrethe V. Håvardstun
Jostein Nygård
Ann-Christin Grotle (vikariat)
Monica Liseth Hauge (permisjon)
Monicha Terdal (permisjon)

4. Frå Kulturskulen
•  Elisabeth Solbakken (musikk)
•  Norvall Klungresæter (musikk)

5. Andre tilsette ved Hauge skule
Bjørg Eide (assistent)
Mary Moe (førskulelærar)
Magne Elde (assistent)
Veronica Bratseth (assistent)
Helge Førde (barnevernspedagog) (permisjon)
Siv Petra Grotle (Permisjon frå assistentstilling)

Magnhild Nigardsøy (reinhaldar)
Bjørg Igland (reinhaldar)
Ingrid Hauge (reinhaldar)
Linda Nygård (reinhaldar I)

Svein Tore Pettersen (vedlikehaldsarbeidar)

Hanne Rylandsholm, Rebecca Hauge, Siw Cathrin Andal (lærlingar)

6. Vaktmeister for Hauge skule
* Terje Hauge (tilsett i teknisk) Telefon: 57796558

 


7. Rådsorgana
Samarbeidsutvalet:
Leiar: Anita S. Nygård
Nestleiar: May-Britt Degnepoll
Sekretær: Aage Kvendseth
Elevar: Maria Bratseth og Mona Sundsøy
Andre tilsette: Bjørg Igland
Lærarar: May-Britt Degnepoll Vara: Ruth Marit Igland
Anita S. Nygård Vara: Helen Førde.

Kultur- og oppvekstutvalet: Gerda Frøyen Vara: Øystein Kolset.

Elevrådet i ungdomsskulen:
Leiar: Maria Bratseth - repr. i Ungdomsrådet
Nestleiar: Fredrik Andal
Skrivar: Mari Røys
Medlemmar: Mona Sundsøy ( og rep. i Ungdomsrådet) , Jane Bakke,
Leif-Erik Senneset.
Kontaktlærar: Bodil Ask

Elevrådet i 5. – 7.

Leiar: Susanne Midtbø
Nestleiar: Simen Hamre
Skrivar: Johanne Nygård
Medlemmar (vara) Hans Kristian R. Pedersen
Kontaktlærar: Bodil Ask

Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU)
Leiar: Elisabeth Kløvtveit
Nestleiar: Oddvar Hauge
Sekretær: Siv Petra Grotle

Medlemmar:
Laila M. Grotle vara: Monicha Terdal
May Linn Lyngbø vara: Roger Klungreset
Bente Fosse vara: Rita Janne Igland
Oddvar Hauge vara: Alice T. Haugland
Elisabeth Kløvtveit vara: Oddvin Hauge
Marita Rogne vara: Tone Lise Førde
Siv Førde vara: Liv Turid Klakegg
Siv Petra Grotle vara: Bjarne Pedersen
Rune Sundsøy vara: Roger Igland
Jorunn I Naustdal vara: Jorunn Schramm
Elisabeth Kløvtveit og Oddvar Hauge vert medlemmar av skulen sitt samarbeidsutval.

Nyttige adresser for foreldre: www.foreldreveiledning.dep.no og www.foreldrenettet.no

 

8. Anna informasjon frå Hauge skule

Utviklingsplan 2005- 2006

Hauge skule har følgjande satsingsområde:
•  Læringsmiljøet
•  Ungdomssteget
•  Tysk/ 2. framandspråk – kunne tilby spansk i 2006?
•  Den uteaktive skule
•  Pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
•  Lese- og skriveopplæring
•  Matematikk
•  Entrepenørskap
Planen ligg i sin heilskap på heimesida vår.

Utstyr eleven skal ha med/har ansvar for.
Vi ber om at foreldre/føresette ser til at eleven alltid har med det utstyret ho/han treng på skulen og bøker/utstyr som dei har fått ulevert på skulen. Det er alt frå blyant og viskelær, til kalkulator, passar, linjal, transportør og lærebøker. Viss elevane mistar/øydelegg noko av skulen sitt utstyr, må dei erstatte det. Vi har følgjande prisliste pr i dag: Passar kr 25, gradskive kr 15, kalkulator kr 65, linjal kr 10. Vi ber og om at de tek godt vare på utstyr og lærebøker.

Handlingsplan mot mobbing
Som mange av dykk veit, laga vi beredskapsplan mot mobbing for eit par år sidan. Vi har lagt planen ut på skulen si heimeside. Heim og skule, lærarar og elevar, må samarbeide aktivt for å nå måla om å førebyggje og stoppe all mobbing. Dette skuleåret skal vi evaluere og eventuelt revidere denne planen. Elevrådet har alt hatt dette som sak.

Den kulturelle skulesekken
Hauge skule har framleis gleda av å vere med i satsinga ”den kulturelle skulesekken”. Det inneber mellom anna at elevane vil få oppleve små og store kulturopplevingar gjennom året. Bodil Ask er skulen sin kulturkontakt.

Sykling til/frå skulen
Både foreldra og skulen har ansvar for at barna skal ferdast trygt på skulevegen. Lærarane vil og ha trafikk som tema.
Barn i småskulen er ikkje i stand til å lese/tolke trafikkbiletet. Dei er difor meir utsette for ulukker i trafikken enn eldre barn. Vi ber om at de tek omsyn til dette når de vurderer om barnet dykkar skal sykle til skulen eller ikkje. Elevane bør bruke hjelm når dei syklar til skulen. Dette er sjølvsagt heimen sitt ansvar. Når skuledagen er slutt, opplever vi av og til at barn av og til syklar rundt på skuleområdet og ute på vegen. Dei må i regelen få melding om å sykle rett heim etter skulen fordi det lett kan oppstå trafikkfarlege situasjonar på denne måten.

Hauge skule har og teke opp med kommunen at det t.d. må kome gang- og sykkelveg på Hauge for å betre trafikktryggleiken på skulevegen.

Når mange foreldre køyrer eleven til skulen, kan det elles lett oppstå trafikkfarlege situasjonar ved skulen.Ver merksame på det.

Grunnskuleveka 7. – 11. oktober
Grunnskuleveka skal medverke til å auke samarbeidet mellom elevar, foreldre, lærarar, skuleleiarar og lokalsamfunn. Arbeidsutvalet i foreldrerådet bør engasjere seg i dette.

Teamorganisering
Ved Hauge skule samarbeider lærarane i team. Tre teamleiar har ansvaret for kvart sitt team. Dei vert og ein del av skulen sitt utviklingsteam – saman med rektor og inspektør. Dei er no:
Reidun Solberg (1. – 4.), Kirsten Grotle (5. – 7.) og Arve Ryland (8.- 10.).

Skulen har heimeside på internett: http://www.haugeskule.gs.sf.no
Der vil de m.a. etter kvart finne oppdaterte opplysningar om skulen, aktivitetar, bilete og lenke til t.d. nettavisa vår.

Hærverk/tagging/tilgrising av skulen på kveldstid/i helgar/feriar.
Av og til opplever vi at det vert øydelagt noko på skulen etter skuletid, oftast i helgane. Når vi ikkje finn ut kven som har øydelagt noko, vert dette ein ekstra kostnad for skulen. Dette er pengar vi skulle ha nytta til noko positivt for elevane. Heldigvis har det ikkje vore mykje hærverk det siste året. La oss difor saman ta godt vare på skulen vår og den nye ballbingen.

Fleirbrukshallen
Skulen har snakka med entrepenøren om tryggleiken til elevane i byggjeperioden. Gjerder /avsperringar etc skal difor respekterast av alle. Grunnarbeidet er som kjent i gong. Om ei tid vil det verte ein del borring. Dette vil føre med seg ein del støy i skuletida.

Namn på skulen
Hauge skule har i alle år stått utan namn. Ein dag i sommar var det nokon som spurde om dette var Bremanger fryseri.. Vi har no tinga bokstavane til namnet, samarbeidsutvalet har løyvd pengar, og vaktmeister skal ”skilte” så snart dette let seg gjere.


ORDENS- OG TRIVSELSREGLAR FOR HAUGE SKULE

•  For at skulen vår skal vere ein triveleg stad å vere og ein stad å lære - for alle, må vi saman syne omtanke for og ta omsyn til kvarandre.

•  Vi oppfører oss slik at vi ikkje skader, plagar eller mobbar nokon, men er hjelpsame, vennlege og høflege mot kvarandre i samsvar med god folkeskikk både i skuletida og på skulevegen.

•  Vi har saman ansvar for å ta vare på bygningar, inventar, læremiddel og private eignelutar. Øydelegg vi noko med overlegg, må vi reparere det eller erstatte det.

•  Alle møter presis til timar/økter/avtalte tidspunkt.

•  Vi driv med ballspel på tilviste banar/område.

•  Vi parkerer syklar og bilar på tilviste stader.

•  Vi forlet ikkje skulen sitt område i matpausen/skuletida utan løyve.

•  Elevane har ikkje lov å røyke eller å nyte rusmiddel i skuletida, på elevkveldar eller på andre skulearrangement. Mobiltelefon skal vere avslått i timane på ungdomssteget. Elevar på barnesteget skal ikkje ha med mobiltelefon/MP3-spelar eller liknande på skulen.

•  Rektor skal godkjenne alle arrangement på skulen og orientere arrangørane om kva reglar som gjeld på skulen sitt område.

•  NB! Ved brot på ordensreglementet vil skulen kunne nytte disiplinærtiltak i samsvar med opplæringslova og rundskriv 7, 2005,
”Om ordensreglement”, t.d. bortvising.

SAMAN ER VI ALLE ANSVARLEGE FOR Å GJERE VÅRT TIL Å FREMJE EIT TRYGT OG TRIVELEG LÆRINGSMILJØ VED SKULEN VÅR.

Godkjend av Samarbeidsutvalet V-05



9. Andre reglar ved skulen

Røyking og butikkgåing i skuletida
Elevane har sjølvsagt ikkje har lov å røyke på skulen/i skuletida. Gjenteken røyking i skuletida vil kunne føre til nedsett ordenskarakter. Heldigvis er det no færre elevar ved skulen som røyker. Leiinga og lærarane vil vere strenge med å gje løyve til å gå på butikken. Vi vonar de som foreldre framleis ser med forståing på dette.

Kantine som elevbedrift
Alle elevar bør sjølvsagt starte dagen med å ete frukost heime før dei kjem på skulen, og dei bør ha med seg matpakke på skulen. I elevkantina på ungdomsskulen vil elevar kunne kjøpe relativt sunn mat og/eller drikke i langfriminuttet. Kantinedrift er i seg sjølv ein læresituasjon for ungdomsskuleelevane, men kantina er og tenkt å ha ein miljøskapande funksjon. Oppdraget å drive denne elevbedrifta er gitt til dei som kvart år går i 9. Dei disponerer og overskotet til t.d. ein avslutningstur. Elevane på mellomsteget har høve til å handle i kantina kvar tysdag. Målet er at kantina skal selje sunn mat og drikk.

Knivar etc.
Knivar eller andre farlege gjenstandar skal elevane ikkje ha med seg på skulen. Har dei det, vil desse verte inndregne.

Bruk av mobiltelefon/kameratelefon på skulen
Skulen har stramma inn mobilbruken i skuletida. Sist skuleår retta det store fleirtalet av elevane seg etter reglane. Elevane er informerte om kva reglar som gjeld for bruk av mobiltelefon i skuletida, reglar FAU ved skulen har råda til vert innførte. Elevar i barneskulen har ikkje lov til å ta med seg mobiltelefon/MP3-spelar på skulen. Elevar som likevel har mobiltelefonen på i timane, vil få denne inndregen av læraren. Læraren leverer telefonen til inspektøren. Telefonen vert oppbevart på skulen til dagen etter ved skuleslutt.

Foreldre har høve til å kontakte inspektøren for å hente/be om at mobiltelefonen vert utlevert tidlegare. Vert telefonen teken ein fredag, vert den i regelen først utlevert måndag. Gjentekne brot på denne ordninga vil føre til nedsett ordenskarakter og til at telefon må hentast av foreldra.

Elevar som har med kameratelefon på skulen, har ikkje lov til å ta bilete på skulen utan å få løyve til dette av læraren.

Kanskje har ikkje elevane bruk for telefonen i skuletida. Dette reknar vi med de som foreldre /føresette diskuterer med eleven dykkar.

Skadar/hærverk, erstatning og "anti-hærverksmidlar"
Foreldra har etter skadeerstatningslova (§1-1) ansvar for skadar som ein elev gjer ”med forsett” eller uaktsamt mot t.d. inventar, bygningar, skulebøker.

I samråd med m.a. anna elevrådet i ungdomsskulen, har eg som rektor elles oppretta eit "anti-hærverksfond" på kr 3000 pr år. Når personalet, elevar eller vaktmeister melder frå om hærverk/skadar ingen elev tek på seg ansvaret for, vert skaden "betalt" med anti-hærverks-midlane. Vert det ikkje gjort hærverk eller skadar, vil elevrådet/elevråda kvart halvår disponere pengane som er att til fellestiltak for elevane. Elevrådet på mellomsteget kan disponere inntil kr 1500 pr år.

Kroppsøving og dusjing
Det har vore nokre diskusjonar med elevar/foreldre om dusjing etter kroppsøvingstimar. Skulen kan ikkje påleggje elevar å dusje. Likevel er det å dusje etter kroppsøvingstimar framleis det vanlege. Etter timar i bassenget er dette sjølvsagt regelen.

På vår skule gjer vi det slik etter kroppsøvingstimane:
•  Dei minste elevane dusjar ikkje.
•  Elevar frå 3. og 4. klasse bør lære seg til å dusje. Lærar seier når dette er naudsynt.
•  Alle elvar på mellom- og ungdomssteget skal dusje, så sant ikkje anna melding er gitt.

Denne saka har sjølvsagt mange sider. Det kan ikkje vere slik at kvar elev frå gong til gong avgjer om han/ho vil dusje. Viss ein skal unntakast frå å dusje, skal dette vere ein avtale mellom elev, foreldre og lærar. Avtalen baserer seg på dei årsakene som vert lagt til grunn for at eleven ikkje kan dusje.

Dette temaet kan de godt drøfte på foreldremøte/ i rådsorgana.


INFORMASJON OM MÅLA FOR SKULEN I BREMANGER

Bremanger kommunestyre vedtok i juni følgjande mål i si Utviklings- og kompetanseplan for skulane i kommunen:

MÅLSETJING
1.1. Overordna mål
Skulen skal leggje vekt på trivsel, læringsstrategiar og kompetanse. Skulen skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø med ei tilpassa opplæring for alle elevane.

1.2. Delmål/konkretisering
  • Alle elevar trivst på skulen
  • Vi tillet ikkje mobbing ved skulane i Bremanger
  • Alle elevar blir stimulerte til å utnytte evnene sine på best mogeleg vis
  • Alle elevane i kommunen får tilbod om fysisk aktivitet kvar dag
  • Elevane får opplæring i gode og tidsmessige lokale
  • Uteområdet inspirerer til fysisk aktivitet og læring
  • Skulen har eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø for elevar og tilsette
  • Tilsette har arbeids- og utviklingsvilkår som gjer at dei trivst
  • Dei tilsette har god formell og reell kompetanse
  • Bremanger har kunnskaps- og kompetansesøkande skular
  • Foreldra er nøgde med det skuletilbodet kommunen gir
  • Heim og skule har jamnleg, konstruktivt og forpliktande samarbeid”.

    Skal Hauge skule nå desse måla, er vi og avhengige av eit godt fokus på dette i rådsorgana våre.




    Fruktordninga kjem i gang.
    På møtet i foreldrerådet vart det teke opp ei sak om fruktordning. Vi viser til utdelt infoskriv til alle heimar om denne ordninga. Kartlegginga synte at det var stor interesse for dette. Skulen registrerer seg difor som deltakar i ordning, og vi ber dei som er interesserte no gå inn på nettsida og melde dykk /eleven/elevane på. Adressa er: www.skolefrukt.no

    Lysanlegg og lyskanon i musikkrommet
    Saman med kulturskulen har vi kjøpt og installert eit ”surround”-lydanlegg som er kobla saman med DVD/VHS-spelar og lyskanonen. Dette anlegget vart godt motteke – og det kan brukast i fleire fag enn musikk, t.d. i opplæringa i tysk og engelsk.

    Skuleruta for 2005 – 2006

    Skuleruta kan du lese her




 

 
Kåre Magne Moe