SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Firdaposten
Svelgen Skule
Davik Skule



 

TIL HEIMEN

Kjære foreldre/føresette!

De har no fått eit lite informasjonshefte frå skulen i hende. Dette er eit første forsøk på å gje dykk alle litt felles informasjon om Hauge skule.

De er vår viktigaste samarbeidspartnar i samband med vår felles oppgåve: Å gjere eleven til "gangs menneske i heim og samfunn". De skal dessutan t.d. gjennom foreldrerådet vere med å fremje eit godt læringsmiljø ved skulen og knytte skule og lokalsamfunn tettare saman.

Biletet på forsida er vinnarutkastet til ny skulefane. Fana er no under utforming av  Eldrid Røyset Førde med utgangspunkt i eit bilete laga av 2. klasse skuleåret 2001-2002. Biletet på fana skal m.a. fortelje om ein skule med positivt skulemiljø, om ein fargerik og blømande skule rundt visdomen sitt tre, Yggdrasil. Vi vonar den nye fana skal vere klar til 17. mai 2003.

Dessverre har vi i haust, av ulike grunnar,  mangla nokre lærarar. Takka vere ekstrainnsats av personalet og fleksible vikarar, har vi langt på veg greidd å gje elevane det opplæringstilbodet dei har krav på. Vi har no lyst ut ei stilling.

På vegne av alle tilsette ved Hauge skule ser eg fram til eit vidare godt samarbeid!

Helsing

Aage Kvendseth

Rektor/driftssjef

 

1. Leiing og administrasjon ved Hauge skule

Rektor/driftssjef (vikar til 01.02.03):            Aage Kvendseth              
Telefon: 57796555.

Inspektør (vikar til 31.07.03):                    
IKT-rettleiar                                                    Kåre Magne Moe.
Telefon: 57796556

Sekretær:                                                         Torunn Kløvtveit
Telefon 57796550. Faks: 57796552.

Rådgjevar/kontaktlærar for elevrådet:              Bodil Ask
Telefon: 57796562           

Personalrom:                                                    Telefon 57796563 Faks: 57796551

2. Klassestyrarar, klassekontaktar og elevtal  2002-2003

1.      klasse: Gerd Lillian Torvanger                                      13 elevar (5 j/8 g)
Klassekontakt: Anette Svarstad   og Kirsti Førde

2.      klasse: Monicha Terdal                                                   18 elevar (9 j/9 g)
Klassekontakt: Anne Karin Svarstad  og Robert Nygård

3.      klasse: Reidun Solberg                                                11 elevar (3 j/8 g)
Klassekontakt: Annbjørg Hauge Nygård og  Vilfred Gangsø

4.      klasse: Jeanette K Grotle                                                10 elevar (6 j/4 g) Klassekontakt: Mary Jane Varpe og Odd Jonny Torvanger

5.      klasse: Ruth Marit Igland                                                12 elevar (4 j/8 g)
Klassekontakt: Anne Sofie Hauge Igland og Jostein Kristiansen

6.      klasse: Kristine Landaas                                               15 elevar(11j/4 g)
Klassekontakt: Inger Igland Kvamme og Tove Gotvassli Hauge

7.      klasse: Kirsten Grotle:                                                 13 elevar(12j/1 g)    Klassekontakt: Reidun Grotle og May Britt Bratseth
                                     

8.      klasse: Gruppe A: Bodil Ask                             14 elevar  (9j/g)                  
        
           Gruppe B:  Jill Strand                       10 elevar  (5j/5 g)
Klassekontakt :  Liv Irene Færestrand Frøyen  og Rita Janne H. Igland

9.      klasse: Jan Karsten Nygård                                    22 elevar  (8j/14g)
Klassekontakt: Alf Håkon Harlem og Sissel Klungreset

10.  klasse A: Oddbjørg Råket                                             15 elevar  (4j/11g)
Klassekontakt: Bjarne Pedersen og  Evy Lillerovde

10. klasse B: Rolf Ryland                                        16 elevar    (5j/10g)          

Klassekontakt: Karen E. Rylandsholm og Oddvar Hauge
I alt:                                         82 jenter og 87 gutar 
169 elevar

3. Andre tilsette lærarar

·        Liv Torvanger

·        Rolf Eikeset

·        Liv Josefine Førde

·        Ivar Qvale Hauge

·        Åse Vadøy Hauge

·        Annette Nødset (permisjon)

·        Arve Ryland 

·        Helge Førde

·        Ragnar Torvanger

·        Monica Liseth Hauge (permisjon)

·        Mary Moe

·        Anne-Margrethe Håvardstun

·        Mette Grøneng Bortne (permisjon skuleåret 02/03)


4. Andre tilsette i undervisningsstilling

·        May- Britt Deknepoll

·        Anita Solbakken Nygård

·        Elisabeth Hamre

·        Norvall Klungresæter

·        Cathrine Lindhagen

·        Anita Lexau Grotle

5. Andre tilsette ved  Hauge skule

·     Lene Igland Senneset (assistent)

·        Magnhild Nigardsøy (reinhaldar)      

·        Bjørg Igland (reinhaldar)

·        Ingrid Hauge (reinhaldar)

·        Rebecca  Hauge (reinhaldar)

·        Svein Tore Pettersen (vedlikehaldsarbeidar)

*    Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget: Anne-Birthe Smedvik

6. Vaktmeister ved Hauge skule

*    Terje Hauge  (tilsett ved teknisk)                 Telefon: 57796558

8. Anna informasjon frå Hauge skule

Utviklingsplan 2002- 2003 :

Hauge skule har følgjande satsingsområde:

-         PSM : Musikk/bilete/drama/dans 

-         Læringsmiljøet

-         Ungdomssteget

-         Friluftspedagogikk (spes. knytt til Torvangerfjæra)

-         Samtak (frå spesialundervisning til individuell tilpassa opplæring)

-         Pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

-         Lese- og skriveopplæring

-         Matematikk

-         Skuleleiing

-         SAMTAK - tilpassa opplæring

  Skulen og elevane sitt val

Skulen har ein  eigen plan for denne delen av opplæringa. Planen er under revisjon og vil verte lagt ut på heimesida vår. Planen må m.a. tilpassast skulen sin økonomi.

Grunnskuleveka 4. – 8. november

Teamet i år er "Samarbeid heim – skule". Planlegging og gjennomføring er eit felles ansvar for skulen m.a. gjennom klassestyrar og klassekontaktane og rådsorgana.

  Hauge skule er øvingslærarskule 2002-2003

Hauge skule har sagt ja til å vere øvingslærarskule for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er både ei ære, ei utfordring og eit høve til m.a. å lære meir om eigen praksis. Tre lærarar skal i nokre veker i haust eller  til våren ha fire allmennlærar-  eller to førskulelærarstudentar knytt til klassen/steget. Øvingslærarar er Gerd- Lillian Torvanger, Ruth Marit Igland og Kirsten Grotle. Foreldre i dei aktuelle klassane har fått/vil få informasjon om dette gjennom klassestyraren.

Friluftspedagogikk

Hauge skule er med i eit friluftspedagogisk prosjekt under Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkeskulturkontoret. Det går m.a. ut på å vere med å utvikle tverrfaglege læringsopplegg utandørs - ikkje minst for vår del knytt til mellomsteget og Torvangerfjæra og naustet "vårt" der. Ei  prosjektgruppe skal m.a. syte for at våre undervisningsopplegg vert lagt ut på nettsida til prosjektet. Der vil Hauge skule kunne finne idear frå dei andre skulane som deltek.

Kunst- og handverk - samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane

Skulen har hatt besøk av amanuensis Hilde Aga Ulvestad som forelas om estetisk danning gjennom visuelle skapande prosessar. Tanken er at Hauge skule no skal inngå eit samarbeid med høgskulen om t.d. å utvikle kunst- og handverksfaget faget. Lærarar frå Hauge skule kan i sin tur skulere lærarstudentar i Sogndal om t.d. korleis dei arbeider med faget/eit prosjekt i skulen. Samarbeidet er og knytt opp mot arbeidet med å utvikle eit positivt skulemiljø - ikkje minst estetisk.

Positivt skulemiljø - PSM- og Norsk Kulturskuleråd

Inneverande skuleår er siste skuleår Hauge skule (saman med Frøyen skule) er med i Norsk Kulturskuleråd si satsing på positivt skulemiljø. Det er ei satsing som byggjer på både den generelle delen av læreplanen og fagplandelen. Skulen har laga eigen overordna plan for dette - ein plan som dei ulike klassestega eller lærarteama tilpassar eigne aktivitetar ut i frå. Desse aktivitetane er innan områda: Bilete, dans og rørsle, drama, song, teater/kulturkveld etc.

Midlar til å vidareføre dette prosjektet er strok i framlegget til nytt statsbudsjett.

  Brassbandkonsert

Den 25.10. får elevane ved skulen ei stor musikkoppleving. Då kjem det namngjetne Kronengen Brassband  på besøk for å halde ein frisk konsert i gymsalen.

  Teamorganisering

Hauge skule har frå våren 2002 gjennomført at lærarane no samarbeider i team. Tre teamleiar har ansvaret for kvar sitt team. Dei er:

-         Reidun Solberg (1. - 4. klasse)

-         Kirsten Grotle   (5. - 7. klasse)

-         Liv Torvanger   (8.-10. klasse)

Utomhusplanarbeidet

Målet er å ha ferdige planar og budsjett før jul for "Hauge aktivitetspark". Det vil seie eit heit nytt uteområde rundt skulen. Dette har vore drøfta m.a. i skulen si plannemnd  og  i samarbeidsutvalet i vår. Skulen har samarbeidd med Katrine Myklestad i Nordplan. Planskissa er no klar.

  Rektor har no sett opp ønskje om midlar til kommunal eigenandel til dette i investeringsbudsjettet for dei komande åra. Det vert lagt opp til ein god del dugnadsarbeid. Arbeidet med uteområdet har av ulike årsaker diverre vore noko nedprioritert så langt i haust. Målet er å kunne søkje om tippemidlar til prosjektet i januar 2003.

  Rektor og driftssjef

Etter omorganisering i kommunen vart rektor frå 01.08.02 driftssjef ved driftseining Hauge skule. Det inneber m.a. å ha eit utvida personal-,  budsjett- og økonomisansvar, eit ansvar som skulesjefen før hadde.

  Tillitsvalde og verneombod

Liv Torvanger er arbeidsplasstillitsvald i Utdanningsforbundet Bremanger, for lærarane. Lene Senneset Igland er arbeidsplasstillitvald i Norsk Kommuneforbund, for dei kommunalt tilsette. Verneombod for Hauge skule er Ruth Marit Igland.

  Skulen har heimeside på internett: http://www.haugeskule.gs.sf.no

Der vil du etter kvart  t.d. finne oppdatert fleire opplysningar om skulen, aktivitetar, bilete, utviklingsplanen og planen for positivt skulemiljø (PSM).

 

9. Nokre andre reglar ved skulen

Røyking og butikkgåing i skuletida

Elevane har ikkje har lov å røyke på  skulen/i skuletida.  Leiinga og lærarane vil vere strenge med å gje løyve til å gå på butikken. Vi vonar de ser med forståing på dette og samarbeider med skulen om å unngå dette. Gjenteken røyking i skuletida vil føre til nedsett ordenskarakter.

Kantine som elevbedrift

Alle elevar bør starta dagen med å ete frukost heime før dei kjem på skulen, og dei bør ha med seg matpakke på skulen. Når elevkantina for ungdomsskulen kjem i drift i haust, vil elevar på ungdomssteget kunne kjøpe sunn mat og drikke på skulen. Skulen vil gje nærare informasjon om dette seinare. Kantinedrift er i seg sjølv ein læresituasjon for elevane, og kantina er tenkt å ha ein miljøskapande funksjon. Oppdraget å starte elevbedrifta er gitt til 9. klasse. Det vert seinare i haust gjort ei lita ombygging i vestibylen i denne samanheng.

Knivar etc.

Knivar eller andre farlege gjenstandar skal elevane ikkje ha med seg på skulen. Har dei det, vil dei verte inndregne.

Bruk av mobiltelefon på skulen

Fleire lærarar i ungdomsskulen melde frå om at mobiltelefonbruk kunne uroe og øydeleggje for ein god opplæringssituasjon i klassen. Skulen stramma så inn mobilbruken i skuletida.

Elevane har i haust på nytt fått informasjon om kva reglar som gjeld for bruk av mobiltelefon i skuletida. Dei fleste elevane rettar seg etter reglane. Elevar som likevel har mobiltelefonen på i timane, vil få denne inndregen av læraren. Læraren leverer telefonen til inspektøren. Telefonen vert oppbevart på kontoret til dagen etter ved skuleslutt. Foreldre har høve til å kontakte inspektøren for å hente/be om at mobiltelefonen vert utlevert tidlegare. Vert telefonen teken ein fredag, vert den i regelen først utlevert måndag. Gjenteken brot vil føre til nedsett ordenskarakter.

Skadar/hærverk, erstatning og "anti-hærverksmidlar"

Foreldra har etter skadeerstatning lova  (§1-1) ansvar for skadar som ein elev gjer med forsett eller uaktsamt  mot t.d. inventar, bygningar, skulebøker.

I samråd med m.a. anna elevrådet i ungdomsskulen, har leiinga oppretta eit "anti-hærverksfond" på kr 8000 pr år. Når  personalet, elevar eller vaktmeister melder frå om hærverk/skadar ingen tek på seg ansvaret for, vert skaden "betalt" med anti-hærverksmidlane. Vert det ikkje gjort hærverk eller skadar, vil elevrådet/elevråda kvart halvår disponere  pengane til fellestiltak eller utstyr for elevane. I vår kjøpte elevrådet m.a. volleyballar og volleyballnett for restsummen.

Denne summen vert frå no av endra til kr 6000 for ungdomsskulen og kr 2000  for 5. – 7. klasse,

 
Kåre Magne Moe