SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



Tlf: 57796550   E-post: adm@haugeskule.gs.sf.no   Fax: 57 79 65 51
 

Det handlar om sjølve livet

KALVÅG: 15 år gamle Kristin har det vanskeleg om dagen. Ho har krangla med mora. Kristin trur ikkje på Gud, og vil ikkje konfirmere seg, men lovar å tenkje over det ein gong til.

Kristin spør venene sine til råds, og oppdagar at dei er mykje meir engasjerte når det gjeld konfirmasjon enn det ho hadde tenkt seg. Dei fleste har gjort seg opp klåre meiningar, og har gjort sine val i høve til kyrkjeleg konfirmasjon, borgarleg konfirmasjon eller til ikkje å konfirmere seg. Mange av venene hennar seier også ope at dei trur på Gud, noko som overraskar Kristin, det hadde ho nemleg aldri trudd. Veninna Anna fortel at ho så gjerne vil konfirmere seg, men ho er ikkje døypt, og opplever det å måtte døype seg no som vanskeleg. I draume opplever Kristin at Gud snakkar til henne, og det blir avgjerande for valet ho tek. Ho bestemmer seg for å følgje Gud, og ein vakker maidag står både ho og Anna konfirmantar i kyrkja i heimbygda.

Glede og sorg

Tida går, Kristin får seg kjæraste. Rolf er eldre enn Kristin, og konfliktene melder seg omkring sex og samliv. Det blir pause i forholdet, men etter at dei er vaksne og har fått si utdanning, gifter dei seg og får ein liten gut. Kristin og Rolf er usamde om guten skal døypast eller ikkje, og det endar krangel. Rolf er ikkje medlem i statskyrkja, og synst at den grunn det er feil å døype guten. Veninna Anna blir den som løyser konflikten, ho fortel Rolf om den traumatiske opplevinga det var å døype seg i 15-års alderen, og det får Rolf til å seie ja til dåp. Seinare får Kristin og Rolf to barn til, og livet synest godt å leve. Brått blir likevel tilværet snudd på hovudet, mor til Kristin blir sjuk og døyr. Kristin sørgjer, men held fast på trua si om at ho ein gong skal møte mora att, og det hjelper henne vidare.

Imponerande

I korte trekk var dette innhaldet i musikalen ”Kristin”, som konfirmantane i Kalvåg, Bremanger og Berle framførte i Frøya kyrkje søndag. Gjennom drama, musikk, sang og dans fekk vi vere med på ei levande og sterk reise gjennom livet til Kristin, ei reise vi seint vil gløyme. Reisa gjekk innom mange sentrale tema i livet, som dåp, oppvekst, samliv, venskap, familie og sorg, der dei 20 konfirmantane trollbatt familie, vener og bydefolk elles med imponerande skodespelarkunst, songprestasjonar, ballettframsyning, musikalsk tonefølgje og korsong. Det vart ei fantastisk flott samtalegudsteneste, heilt utanom det vanlege.

Annbjørg Hauge Nygård
57 79 59 80
firdaav@online.no

 

 
Kåre Magne Moe