SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule



 
 

REGLEMENT FOR KROPPSØVING:
Forskrift til opplæringslova § 12 – 1:

  • Når skulen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i høve til risikoen for at skade eller ulukke kan skje.
  •  I situasjonar der skulen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskulen, skal det alltid vere ein  tilsynsansvarleg, vaksen person til stades.  Overstig gruppestorleiken 15 skal tilsynet aukast.

TRYGGLEIK:

  • Apparat (klatretau, ringar, bom, trampoline, treningsutstyr og styrkerommet) som kan medføre risiko for skade, må ikkje brukast utan tilsyn
  • Til innefotball bør det brukast ”mjuke” ballar.
  • I 1. – 3. klasse bør det brukast berre ”mjuke” ballar i alle ballspel.
  • I ballspel bør gruppene/laga vere små.
FØREBYGGJE SKADE:
  • For å unngå skade må all idrettsleg aktivitet innleiast med oppvarming.
  • Stuping eller hopping frå bassengkanten skal berre skje på tilvist stad og etter at lærar har gjeve løyve til det.
  • Det er forbod mot å springe i dusj, garderobe og inne i symjehallen.
  • I gymnastikktimane må elevane bruke eigna fottøy.  
HYGIENE
  •   Alle skal dusje før ein går i bassenget.
  • Alle bør dusje etter gymnastikktimane.
  • I gymnastikktimane skal elevane bruke gymnastikktøy. Dette skal takast med heim etter bruk.
  • I bassenget skal alle bruke badehette.


Rektor

 
 
Kåre Magne Moe