SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



02.02.00

3.klasse med eiga kunstutstilling

BREMANGER: Dei var ikkje lite stolte av seg sjølve, elevane i 3.klasse ved Hauge skule. Torsdag inviterte dei nemleg til utstilling av eigne kunstverk, og det i eit ekte kunstgalleri !

For eit par veker sidan fekk klassen invitasjon frå Dag Solberg til å lage utstilling i atelieret til DS-Foto, og den sjangsen let ikkje dei kreative tredjeklassingane gå frå seg. Tenk å få stille ut bileta sine i eit ekte fotogalleri! Dei leita fram det dei hadde av elevarbeid, liggande på skulen og heime, og utan problem kunne dei fylle både to og tre veggar i fotoatelieret. I tillegg fekk dei hjelp av læraren sin, Reidun Solberg, til å øve inn både songar, tekstlesing og eit danseinnslag, for skulle dei ha utstilling, måtte dei også ha program, og invitere publikum til å komme å sjå på.

Torsdag var dagen komen, og spente foreldre, søsken og besteforeldre strøymde på for å sjå kva elevane hadde fått til. Til og med storfint besøk av elevar og lærarar frå Davik, Belgia og Italia fann vegen til den flotte utstillinga, og dei var mektig imponerte over det dei fekk sjå og høyre.

Annbjørg Hauge Nygård
57 79 59 80
firdaav@online.no

Bilete laga av 3.klasse: 

 
Kåre Magne Moe