SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan
Beredskapsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 
STERKT INNTRYKK - DEI KVITE BUSSANE
TYSDAG 29.05.07

 
Foto: Annbjørg Nygård


DET VERKELEGE HELVETE

Ein elev på Hauge Skule hadde lenge sett fram til denne turen til konsentrasjonsleirane i Auschwitz, der så mange hadde vortne drepne. Auschwitz med høge gjerder og lange piggtrådgjerde som strekte seg uendeleg langt bort, og der bygningane talte for seg sjølv.Her hadde det skjedd enormt masse forferdelege ting.

Over hovudporten stod det med store svarte bokstavar ”Arbeit macht frei”, arbeid skaper fridom. Tenk på kor mange folk som hadde gått inn den porten, og som aldri kom ut igjen.


Foto: Annbjørg Nygård

På eitt stort hus stakk det opp ei stor pipe og for mange år sidan kom det masse røyk ut den pipa. Det var der dei brente lika. Nokre fangar som var i leiren under krigen sa at einaste veg ut til fridom var ut gjennom pipa. Krematoria låg rom i rom med gasskammera, der dei gassa ned fleire hundre tusen menneskje. Tenkte dei ikkje på kva dei gjorde? Folk som slo og drap hundre, kanskje tusenvis av fangar dagleg, gjekk berre inn i huset sitt og åt middag etterpå.Lika vart kremerte etterpå, men det var det fangane som gjorde. Dei måtte inn i gasskammera og kanskje hente ein bror eller ei søster, sonen eller ei dotter, pappa eller mamma. Eg trur ikkje det er nokon som kan førestille seg korleis det måtte være å hente nokon du har elska i mange år. Dei kunne ikkje nekte heller for då blei dei skotne.

Vi gjekk bort til ein vegg dei kalla skyttarveggen. Der stilte fangar seg opp på ei rekke, so blei dei skotne. Vi la ned blomar og hadde eit minutt stillheit for alle dei som var blitt drepne.Der fangane sov var det små senger der dei låg som sild i tønne, eller verre. Då begynte vi å tenke på korleis alle desse fangane hadde følt det. Dei hadde blitt fråtekne fridomen sin. Om barna deira vart skotne i leiren medan foreldra såg på, så kunne dei ikkje gjere noko eller seie noko.
Vi ungdomar her i Noreg snakkar om fridom når vi er ferdig på skulen på ettermiddagen, eller når det er helg.


Foto: Annbjørg Nygård

Vi fekk deretter sjå store rom fylt med koffertar, kjelar, fangedrakter og sko. Det som gjorde mest inntrykk på oss var eit rom fullt av hår frå alle fangane. Den lukta som var der var ikkje til å holde ut. Det låg små fletter frå jenter og dei viste oss kva dei lagde av alt håret.
Vi fekk og sjå plassen der fangar blei hengde og piska.

I Auschwitz vart vi sjokkert over kor mange brakker som låg der. Det var brakker så langt auge kunne sjå. Vi fekk sjå plassen der fangane måtte gå på do. Det var ein ekkel plass der alle måtte sitte på rekke og rad. Dei fekk berre sitte der eit minutt eller to. So for dei som hadde diaré var det ikkje bra sidan dei berre fekk gå på do ein gong for dag. Det var ofte mange som hadde diaré.

Dei hadde brakker for barn der det og var ein skule. Sengene der var forferdelege. Barna måtte sove kjempetrongt og fekk nesten ikkje lea seg. Vi trudde at dei ville behandla barna litt betre enn dei vaksne, men det gjorde dei ikkje.


Foto: Annbjørg Nygård

Den siste leiren vi besøkte var kvinneleiren. Dei hadde det akkurat like gale som mennene, kanskje til og med verre. Då tyskarane kom og henta kvinnene, var ein del av dei gravide.300 – 400 barn vart født i den leiren under krigen, men det var ikkje mange som overlevde.

I brakkene var det ofte ikkje tett i vindaugskarmen, så derfor la tyskarane spedbarna der for å stoppe vinden. For å holde varmen, og for å spare på veden, heiv dei til og med spedbarn i peisen. Vi reagerte med sorg og med sinne. Korleis kunne folk være so galne at dei kasta born i peisen? Det må då være eit instinkt at du ikkje skal gjere sånt? Det er heilt ufatteleg at det skjedde. Før vi reiste ned dit visste eg ikkje at folk kunne være så forferdelege.

Vi kan ikkje gjere noko med det som har skjedd, men vi kan forhindre at det skjer igjen. Det finst i dag nynazistiske grupper som seier att dette er noko som jødane bare har funne på.
Aldri må noko sånt skje igjen. Aldri!

Vi syntest det var veldig lærerikt i konsentrasjonsleirane, for å være der det har skjedd er betre enn å lese ein haug med bøker om det.Ingen av desse fangane hadde so mykje som eit snev av fridom. Nokon hadde kanskje gløymt kva fridom var, iallfall kva det betydde.

Fridom er retten og muligheita til å gjere det ein vil, utan band, restriksjonar og tvang. Ferdast ritt og ikkje være i fangenskap.

I dag feire vi 17. mai og vår grunnlov, som gjev oss i Noreg fridom.

Elev i 10.

Foto: Anbjørg Nygård
Foto: Anbjørg Nygård
 
 
 
 
 
 
Kåre Magne Moe