SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Utviklingsplan
Bruksplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Firdaposten
Svelgen Skule
Davik Skule



 
Lesevake på mellomsteget                                     torsdag 5.oktober
Elevane på mellomsteget har lest ekstra mange bøker denne hausten. Målsetjinga har vore å lese minst 500 hundrede sider. Skulebiblioteket og folkebiblioteket har vore flittig brukt.  Natt til fredag var dei same elevane klare for lesevake på Hauge skule. Tre av klasseromma var gjort om til lese og sovesal for ei natt. 

Målet var lese seg gjennom det meste av natta, men det var ikkje ulovleg å ta seg ein blund dersom det røyna på. Mellom leseopplevingane,var det også tid til fysisk aktivitet. Gymsalen og badebassenget var i aktiv bruk. Etterpå var det kveldsmat med brødskiver og kakao, laga til av foreldra. Nattorientering med lommelykt var det også på programmet.
Klokka to skulle det vere stilt på klasse- romma. Lyset vart sløkt og all lesing måtte skje med bruk av lommelykt. Ikkje like enkelt å få det heilt stilt utover natta. Dei som hadde mest lyst til å sove fekk det ikkje like enkelt, men dei kunne bruke fridagen etterpå å ta seg inn att.Det var mange trøytte fjes å sjå måndags morgonen, men det hadde vore veldig kjekt.

   
 
Kåre Magne Moe