SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Utviklingsplan
Bruksplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkivet
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule




PÅ KLASSETUR TIL OL-BYEN
Ein 3-dagars klassetur til Birkebeineren på  Lillehammer vart ei fin forandring frå den vanlege skulekvardagen.

På  Lillehammer budde vi i flotte 6-manns leilegheiter med dei fleste fasilitetar.. Vi var heller ikkje dei einaste som skulle bu på Birkebeineren denne kvelden. Ei heil busslast med gutar frå ein vidaregåande skule kom seinare  Om kvelden var det ein del av desse som var interessert i jentene våre, og Ryland og Moe hadde litt strev med å få ro i leiren denne natta

Neste dag såg vi på nokre av dei Sandviske samlinger på Maihaugen. Dette er ei samling av Gudbrandsdalen si kulturhistorie. - Heimen til storbonden med 27 hus på gården slik den stod på slutten av 1700-talet. - Husmannen og presten sin heim. 

Skule og kyrkje..... Noko av dette fekk vi oppleve saman med ein dyktig guide.
God tid til shopping vart det også. Ikkje alle prioriterte det materielle  Heller eit par rotter!
 
Om kvelden var det Bowling. Ein veldig populær aktivitet. 

Sjølv om det også denne natta vart lite søvn på dei fleste, fekk i alle fall lærarane det fredeleg.

Siste dagen handla det mest om OL. Først ein tur på olympisk museum i Håkons Hall. Deretter prøvde vi bobbana og utforløypa. I ein simulator ! Spennande! P.g.a. av lite søvn, var det få som orka dei 1000 trinna opp hopp- bakken seinare på dagen. Ryland, Moe og  5 elevar tok utfordringa! Flott utsikt og vi var glad vi ikkje skulle hoppe! 
På nattbussen heim att, vart det fort stilt. Uro hadde det nok blitt dersom vi hadde slept laus rottene!

 
Kåre Magne Moe