SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Mobbing

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune



 

Handlingsplan mot mobbing-Hauge skule

Visjon

Ved Hauge skule deltek alle, både tilsette, elevar og foreldre, aktivt i arbeidet mot mobbing  slik at Hauge skule vert ein mobbefri og trygg skule for alle.

Målsetjing

Skulen skal gjennom kontinuerleg førebyggjande arbeid og tiltak forhindre at elevarvert utsette for mobbing spesielt på skulevegen og  i skuletida.
Skulen har rutinar som avdekkjer om mobbing, ope som skjult, går føre seg.
Skulen har rutinar for å følgje opp ev mobbeoffer og mobbar/ar.
Skulen skal sikre god dokumentasjon og tidleg og god kontakt med foreldre/føresette i mobbesaker
Lære elevar å ta ansvar for å seie frå om mobbing og ansvar for å bry seg når dei ser tilløp til mobbing. Alle skal forstå at å mobbe medlevar er totalt uakseptabelt og vil føre til alvorlege reaksjonar.
Alle vaksne i skulesamfunnet skal vere positive og tydelege rollemodellar for elevane.

Med andre ord - vi ønskjer å skape eit skulemiljø (og helst eit heimemiljø) som er kjenneteikna  av:

Varme, positiv interesse og engasjement frå dei vakse.

Klåre og faste grenser mot uakseptabel åtferd.

Bruk av ikkje-fiendtlege, negative konsekvensar ved uakseptabel åtferd (og positive konsekvensar ved god åtferd)

Tydelege, autoritative vakse som kan fungere som gode rollemodellar

Beredskapsprosedyre for felles handling  i alvorlege saker:

Lærarar har plikt til å ta alle barn og unge på alvor når dei klagar på at dei vert mobba i skuletida eller på skulevegen.

Lærarar som har tilsyn, som underviser eller som oppdagar at elevar gjer noko ubehageleg/uhøvisk mot andre,  skal aktivt, der og då,  ta fatt i og prøve å løyse problem som oppstår mellom elevar. I alvorlege tilfelle/gjentakingstilfelle skal dei rapportere dette til klassestyrar.

Lærarar som har tilsyn vert informerte om kven som skal observerast særsskild når mogeleg mobbing  er oppdaga.

Kan ikkje problemet løysast der og då, tek den som har tilsyn straks kontakt med klassestyrar(ane), inspektør eller rektor som prioriterer saka.

Lærarar har plikt til å seie frå til leiinga om dei meiner ein elev vert mobba, jfr definisjonen av mobbing.


Vi må alle hugse på at ei mobbekonflikt sjeldan er ei ”svart/kvitt-sak”, men og at mobbing er eit alvorleg overgrep mot eit anna menneske. Vi må og vere merksame på at mobbarar i møte med vaksne ofte er svært sosialt kompetente og difor kanskje vil prøve å sno seg unna i forhold til skremde mobbeofre.
Når ein mobbesak vert meldt til leiinga, skal følgjande skje:

Mobbeofferet får støttande oppfølging av lærar/leiing i første omgang.

Mobbar får tilsnakk, kan verte nekta friminutt, kan få sitje på ein stol utanfor rektor sitt kontor, kan verte utviste frå deltaking på ekskursjonar.

Mobbar og mobbeoffer får forklare seg kvar for seg så snart som mogeleg for leiinga.

Lærar/ar som rapporterer mobbinga, gjer greie for kva dei har observert.

Foreldra til mobbeoffer og mobbar vert kontakta ev innkalla til møte same dag.

Alvorleg samtale med mobbeoffer og mobbar og deira foreldre.

Leiinga syt for at det er skriftleg dokumentasjon i saka.

Mobbaren må skrive under individuell avtale om at mobbinga skal opphøyre straks. Konsekvensane av å bryte avtala, skal gå tydeleg fram både munnleg og skriftleg til elev og foreldre. Det er spesielt viktig å unngå at mobbaren ikkje går over til former for skjult mobbing mot mobbeofferet som ein reaksjon på å ha fått ”straff”.

Leiinga og alle lærarane følgjer dagleg aktivt opp at avtala vert etterlevd.

Klassestyrar og leiing syt for at det etter kort tid vert oppfølgjingssamtalar med begge partar, inklusive foreldra.

Tiltak før å førebyggje mobbing:

Leiing, lærarar, elevar, elev- og foreldreråd, foreldre og føresette vidarefører arbeidet med å utvikle eit godt og triveleg læringsmiljø ved skulen slik at alle elevar  kan oppleve at dei lukkast, jfr tiltaka i utviklingsplanen.

Trivsels- og ordensreglementet er regelmessig i fokus.

Trivselsfremjande tiltak og på tvers av klassesteg/skuleslag etc vert gjennomført.

Skulen si handlingsplan mot mobbing skal årleg vere tema på klasseforeldremøte, klasserådsmøte og i rådsorgana. Elevråda diskuterer handlingsplanen kvart halvår.

Alle klassar diskuterer og lagar felles reglar i plakatform som skal førebyggje mobbing. Reglane vert vedtekne av elevråda.

Opprette mobbeteam, to elevar frå kvar klasse, Rådgjevar er med i teamet. Elevane som er med, bør vere gode førebilete i klassen har teieplikt overfor dei andre elevane før saka er teke opp med den/dei vaksne i mobbeteamet. Min. eitt møte pr månad.

Halvårleg kartleggjing av trivsel, m.a. med spørjeskjema i klassen.

Faste elevsamtalar  med m.a. spørsmål om trivsel, tryggleik og mobbing skal gjennomførast.

Tema-/prosjektdag(ar) om sosial kompetanse, empati, mobbing, rasisme, konfliktløysing.

Personalkurs med tema som knyt seg  til det å utvikle god sosial kompetanse hos elevane, førebyggje og stoppe mobbing og problemåtferd.

Vidareføre og styrke fadderordningar der eldre elevar tek medansvar for yngre.

Lærarar har aktivt tilsyn i friminutta og følgjer opp ordens- og trivselsreglane ved å gripe inn i all uakseptabel åtferd.

Handlingsplanen regelmessig diskutert i team/pedagogiske samtalegrupper på klassenivå

Nokre mogelege teikn på at ein elev vert mobba

Mange elevar prøver å skjule at dei vert mobba av redsle for å hemn, fordi det er flaut eller t.d. for at foreldra ikkje skal verte lei seg. Desse teikna er det spesielt viktig at  ikkje minst foreldre merkar seg.


Åtferdsendring:


Eleven endrar åtferd heime/på skulen. Årsaka kan vere at ho/han vert mobba. Foreldre og lærar må prøve å få barnet/ungdomen i tale. Den vakse må seie at dei forstår at det må vere ein grunn for at barnet/ungdomen oppfører seg som det gjer, og at du som vaksen vil hjelpe.


Barnet/ungdomen har dårleg nattesøvn:

Ofte når barnet/ungdomen gruar seg til å gå på skulen, vil det gå ut over nattesøvnen. Foreldre må, seier ”Anonyme foreldre av mobbeofre”, i slik tilfelle setje seg på sengekanten og snakke med barnet/ungdomen for å prøve å finne årsaka til problemet.

Skulevegring
Foreldra må ta kontakt med skulen, klassestyrar eller leiinga. Foreldra må be om at skulen set i verk tiltak for å finne ut kvifor barnet/ungdomen ikkje vil møte på skulen. Foreldra og skulen skal halde god kontakt til dei finn ut av problemet.

Barnet/ungdomen er ofte trist
Viktig å gje trøyst og la barnet/ungdomen snakke/fortelje kva som er gale. Viktig  og å setje fokus på noko positivt slik at det vert lettare å kome ut av ein negative og vond sirkel.

Alltid vondt ein stad
Barnet/ungdomen kan klage på vondt i magen, vondt i ryggen etc. Viktig for foreldra å samtale med barnet/ungdomen for å få tak i dei faktiske årsakene – viss legen ikkje finn fysiske årsaker. Viktig å ha god kontakt med skulen om dette.

Skulen pliktar og vil  hjelpe
Viss slike eller liknande teikn skuldast ope eller skjult mobbing på skulevegen eller i skuletida, skal skulen hjelpe eleven.

Åtferd vi ikkje godtek på Hauge skule

For å fremje eit godt læringsmiljø, arbeidsro til læring og for å førebyggje mobbing, konfliktar og bråk i skuletida, vil vi ved Hauge skule samarbeide med foreldra om ikkje å  akseptere følgjande handlingar :

- Mobbing
-
Vald
-
Utestenging
-
Rasistiske handlingar
-
Diskriminering
- Uærlege handlingar (lyging, steling etc)
- Knuffing
- Negativitet og undertrykking av medelevar/krenkande åtferd
- Latter, blikk, kommentarar for å undertrykke medelevar, kalling, sleivete kommentarar etc.
- Trugsmål mot medelevar
-
Å avbryte medelev eller lærar
-
Uhøvisk språkbruk
-
Valdsam leik som kan vere del av/opplevast som undertrykking, inkl. snøballkasting
-
Røyking

Anne uønskt åtferd:

Ikkje godta læraren sine avgjerder
Å svare før ein vert spurt
Bråk, lydar og fakter som uroar
Kaste nok i klasserommet/på golvet/mot elevar
Uroe  og rope i timen
Tagging inne og ute
Frekke, negative svar og ytringar frå elevar mot lærarar/tilsette
Å late vere å arbeide i timane
Uttaler som t.d. ”eg gidd ikkje gjere noko”
Kverulering. Ikkje ta eit nei for eit nei.
Kome for seint
Å ha framande ting framme i timen
Mobiltelefonbruk i timen
Gå ut av timen utan lov
Gå inn i andre klassar utan lov
Ete godteri/drikke brus
Ete mat og drikke i timen
Gløyme underskrifter, materiell, kle/sko etc til kroppsøving
Ikkje følgje med i timen
Ytterty/lue på i timen

Regelbrot vert ført i klassen si loggbok. Foreldra må møte på skulen og skrive under regelmessig ved hyppige brot på dette.

Evaluering av handlingsplanen

Personalet, råd og utval evaluerer handlingsplanen mot mobbing ein gong kvart halvår.

Vurdere å opprette konfliktråd. Vurdere å søke om deltaking i Olweus-programmet hausten-2003 for oppstart 2004.

 
Kåre Magne Moe