SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 
 

Den nye fana 

Arbeidet med den nye fana tok til med ein fanekonkurranse på skulen. Det kom inn 6 flotte framlegg til ny skulefane. Det var inen lett jobb for juryen å plukke ut vinnaren. Alle hadde løyst oppgåva på ein fin måte.

Juryen samla seg til slutt om eit av framlegga som var 2. klasse ( 2001/2002) sitt. 
Det viser to glade barn, ein gut og ei jente, som er i aktivitet under eit vakkert tre, kansje Yggdrasil "kunnskapens tre" i norrøn mytologi. 
Juryen likte fargane på treet og alle blada som på ein måte kan symbolisere elevane og klassane på skulen.
Vidare var det ei strålande fin blomeeng under treet, som kansje kan symbolisere at vi ønskjer å la 1000 blomar blome på skulen - at alle elevane skal trivast og utvikle seg til "gagns menneske for heim og samfunn".
Juryen likte og den blå bakgrunnen som er lik den skulen har på gamlefana, sjøblått.

2.klasse fekk 500 kr i premie for vinnarutkastet.
Det vart også premie til 4.kl, 6.kl og 7.kl
4.klasse sitt  motiv kan sjåast på baksida av fana.

Eldrid Røyset Førde fekk oppraget med å laga fana til 17. mai 2003 og onsdag 30.april var den overlevert til rektor.
Flott arbeid!

Sjå tidlegare bilete frå arbeidet med fana
 
Kåre Magne Moe