SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Utviklingsplan
Bruksplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule



Tlf: 57796550   E-post: adm@haugeskule.gs.sf.no   Fax: 57 79 65 51
02.02.00

ORDENSREGLAR 

Ordensreglementet omhandlar rettar og plikter for elevane i skuletida, på skulebussen og arrangement som skulen skipar til(Opplæringslova §2-9)
Mål:

Trivsel, godt samarbeid og medansvar

Eit godt og trygt miljø på skulen, skulebussen,  skulevegen og på ekskursjonar

   
§ 1 Gjennom framferd vise omtanke og respekt for andre menneske.
§ 2 Elevane skal syne ansvar for eiga læring ved:
A) Å møte presis til timane
B) Å vere førebudd til timane - ha utført arbeid og ha med utstyr
C) Å planleggje arbeid og utføre sjølvstendig arbeid og arbeid saman med andre på ein god måte
D) Å levere meldingsbok med grunngjeving for kvifor arbeid ikkje er utført
§ 3 Fråvær skal grunngjevast i meldingsboka, underteikna av føresette. Søknad om fråvær utover 3 dagar skal leverast i eige skriv.
§ 4 Elevane skal opphalde seg på skuleområdet i skuletida. Ballspel og bruk av rulleskøyter skal føregå ute på oppmerka område. Ved bruk av rulleskøyter skal tryggingsutstyr brukast.
§ 5 Bruk av rusmiddel og tobakk er forbode.
§ 6 Alle elevar skal ha ein matpause på minimum 20 minutt.
§ 7 Elevar/føresette er ansvarleg for skade som elevane valdar med vilje eller i aktløyse. Dette gjeld skade på skulen sin eigedom eller andre elevar sin eigedom. Jamfør skadeerstatningslova § 1-1 og 1-2
Reglar for klassestega:
§ 8 Alle elevar - unnateke elevar med sjukmelding/melding heimanfrå-skal til vanleg vere ute i friminutta. Klassestega kan lage eigne reglar for dette
§ 9 Kvart av klassestega kan lage eigne reglar som er tenlege for dei. Klasselærarmøte vedtek desse reglane
Brot på ordensreglementet
§10 Ved brot på ordensreglementet vil følgjande tiltak kunne vere nytta:
Melding heim
Innesitjing i friminutta
Attsitjing etter skuletid
Krav om vederlag for skade
Bortvisning frå undervisninga
Nedsett karakter i orden og åtferd
§ 11 Før disiplinære tiltak vert sette i verk, skal eleven ha hatt høve til å forklare seg
§ 12 Etter å ha samrådd seg med lærarane gjer rektor vedtak om bortvising. Føresette skal så langt råd er ha hatt høve til å gje uttale før avgjer vert teken.Ved bortvising for resten av dagen av elevar i 1.-7. klasse skal føresette varslast. Føresette har klagerett på vedtak om bortvising - jamfør forvaltningslova om klagerett på enkeltvedtak.
Unnatak frå regelementet:
§ 13 Etter å ha innhenta uttale frå rådsorgana har rektor mynde til å gjere unnatak frå § 4.
   

Heimel
Ovanståande reglement er heimla i: Lov om grunnskulen og vidaregåande opplæring, forskrift for grunnskulen, forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar, forvaltningslova og skadeerstatningslova.

Svein Kåre Senneset
Rektor

 

 
Kåre Magne Moe