SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Mobbing

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule
Davik Skule



 

ORDENS- OG TRIVSELSREGLAR FOR 
HAUGE SKULE

  • For at skulen vår skal vere ”ein triveleg stad å vere og ein god stad å lære” for alle, må vi saman syne omtanke for og ta omsyn til kvarandre. Eleven skal alltid rette seg etter dei vaksne sine avgjerder.
  • Vi oppfører oss slik at vi ikkje skadar, plagar eller mobbar nokon, men er hjelpsame, vennlege og høflege mot kvarandre i samsvar med god folkeskikk både i skuletida, på skulevegen, på skulebussen og på turar/ekskursjonar. Uhøvisk språk t.d. banning og kalling skal vi unngå.
  • Alle møter presis og førebudde til timane. Ingen skal uroe undervisninga. Elvane skal kvar dag ha med seg naudsynt utstyr på skulen. Heimearbeid og innleveringar skal gjerast til avtalt tid.
  • Ytterkle skal hengje i gangen der det er sett av plass. Skulen påtek seg ikkje ansvaret for personlege ting som elevane tek med seg heimanifrå.
  • Elevane skal  nytte hjelm når dei syklar i skulesamanheng.Vi oppmodar dessutan alle som syklar til skulen om å nytte hjelm. Syklar set vi frå oss i sykkelstativa.
  • Vi forlet ikkje skulen sitt område i skuletida utan løyve frå lærar. I friminutta skal elevane vere mest mogelegute og i aktivitet. Vi driv med ballspel og snøballkasting på tilviste område og etter dei reglar som er avtalte.
  • Vi tek alle ansvar for å ha ein rein og miljøvennleg skule både inne og ute.
  • Elevane har ikkje lov å røyke eller å nyte rusmiddel i skuletida, på elevkveldar eller på andre skulearrangement. Mobiltelefon skal vere avslått i timane på ungdomssteget. Elevar på barnesteget skal ikkje ha med mobiltelefon/MP3-spelar eller liknande på skulen.
  • Vi har saman ansvar for å ta vare på bygningar, inventar, læremiddel, skulebøker og private eignelutar. Øydelegg vi noko med overlegg eller ved aktløyse, må vi reparere det eller erstatte det.
  • Rektor skal godkjenne alle arrangement på skulen og orientere arrangørane om kva reglar som gjeld på skulen sitt område.

    Tiltak ved brot på skulen sitt ordens- og trivselsreglement:
  • Munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar/kontaktlærar/assistent.
  • Munnleg/skriftleg åtvaring frå inspektør.
  • Kontakt med heimen og involvering av foreldre/føresette t.d. viss eleven mobbar andre elevar.
  • Nedsett karakter i orden og/el. åtferd kan verte konsekvens.
  • Inndraging av ulovlege gjenstandar/ev mobiltelefon etc.Ved gjentekne brot på dette, må foreldre/føresett møte på skulen for å hente gjenstanden, td. mobiltelefonen.
  • Pålegg om å rette opp att skade eleven har påført skulen sin eigedom.  Erstatningsansvar: Føresette er erstatnings-ansvarlege etter skadeerstatningslova § 1-2. Inntil kr 5000 pr skadetilfelle.
  • Eleven må sjølv rekne med å måtte ringje heim og melde frå til foreldre/føresette ved alvorlege brot på skulen sine reglar. Kontaktlærar er då tilstades.
  • Bortvising frå gruppa/timen for resten av timen vert avgjort av lærar. Eleven møter då hos inspektør og har med seg arbeidet sitt. Foreldra vert då varsla om dette.
  • Rektor kan utvise ein elev for ein dag. Då vert heimen først varsla. Rektor kan og utvise ein elev for fleire dagar. Det inneber at foreldra/førersette har klagerett.
  • Straffbare tilhøve kan kommunen melde til lensmannen.
  • Før refsingstiltak t.d. bortvising skal eleven alltid ha høve til å gjer greie for sitt syn i saka overfor den som tek avgjerda.

    SAMAN ER VI ALLE ANSVARLEGE FOR Å GJERE VÅRT TIL Å FREMJE EIT TRYGT OG TRIVELEG LÆRINGSMILJØ VED SKULEN VÅR.

    Godkjend av samarbeidsutvalet den                13.05.2008
 
Kåre Magne Moe