SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

SJÅ HUSET - 31. mars 2006

Den 31.mars-06 hadde vi besøk av arkitekt Ottar Wiik.

På førehand hadde elevane på ungdomssteget arbeidd med ei oppgåve som gjekk ut på å måle opp og teikne rommet sitt både plant og som snitt med høveleg målestokk. Målet med dette var å få dei fagleg fokusert kring temaet arkitektur og det lukkast!

Kvar klasse fekk ei inspirerande økt med Ottar på to skuletimar
Gruppeoppgåve; Designe og møblere ei hytte.
(- konsentrert arbeid i grupper på 3 elevar) Del I
Gruppeoppgåve; Designe og møblere ei hytte.
(- konsentrert arbeid i grupper på 3 elevar) Del II
Her ser de kor intenst vi arbeider med oppgåva.

Vi rakk ikkje å bli heilt ferdig med alt, men vi skal fullføre dette etterpå fordi det var så kjekt!
Her er eit døme på oppgåveløysingane våre:
Eit anna framlegg til planløysing i hytta .


• Her ser de framlegg til ei arkitektløysing av oppgåva.

• Mykje plass på opphaldsrommet som ein sikkert nyttar mest tid i.

• Mindre til soverom og gangen med garderobe.
Tusen takk til Ottar Wiik!

• I tillegg til songen, (som han fekk applaus for), sette vi og stor pris på dei to øktene med lysbileteframsyning.

• På ein god og tverrfagleg måte såg vi m.a. på byggeskikkar, stilepokar, materialbruk, form, funksjonalitet og reflekterte over kva berekraftig utvikling i arkitekturen kan seie.

• Det var eit interessant opplegg som vart formidla på ein entusiastisk måte og elevane vart rivne med. Kanskje vi tek til å studere dette faget og vert arkitektar sjølv?

• Skal de ha besøk av arkitekt Ottar Wiik kan de like godt starte å gle dykk – for dette var kjempekjekt!
Foto og teks: Mette Bortne
ved Hauge skule 31.03.06
 
 
 
Kåre Magne Moe