SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Utviklingsplan
Bruksplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Fylkesarkiv
Firdaposten
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Davik Skule



Tlf: 57796550   E-post: adm@haugeskule.gs.sf.no   Fax: 57 79 65 51
02.02.00


HAUGE SKULE
Rektor
 

 3.februar 2000



Bremanger Idrettslag
Bremanger skulemusikk
   

HAUGE SKULE - SAMARBEID MED LAG OG ORGANISASJONER
   
Arbeidsutvalet for foreldrerådet ved Hauge skule drøfta på møte 02.02.2000 spørsmålet om korleis ein ynskjer skulen skal samarbeide med lag og organisasjonar
  • Arbeidsutvalet ser positivt på at ein nyttar skulen til å gje melding til elevane og heimane om t.d. reiser til ulike arrangement og informasjon om avlysningar.
  • Lag og organisasjonar kan også nytte skulen til å sende ut informasjon til heimane.
  • Arbeidsutvalet ynskjer ikkje at ein nyttar skulen (klassane) til å føreta kartlegging av kor mange det er som er interessert i å delta på ulike aktivitetar. Dette kan skape presss på einskildelevar og konfliktar i heimane. Ved slik kartlegging skal ein vende seg direkte til dei føresette.

 

   
Underteikna er samd med arbeidsutvalet og sender etter oppmoding frå utvalet dette skrivet til dykk. Eg vonar det gode samarbeidet vil halde fram.


Med helsing
Svein Kåre Senneset
Rektor
 
 





HAUGE SKULE
Rektor

 25.mai 2000



Til
Arbeidsutvalet for foreldrerådet
 
OM ASBESTHALDIGE PLATER PÅ HAUGE SKULE
 
Eg viser til vedlagde rapport frål Arbeidstillsynet.

Som det går fram av rapporten er det ikkje akutt fare for asbestureining ved skulen. Tiltaka som er nemde i rapporten, reknar eg med vil bli utførte straks. Det er teknisk seksjon som har ansvaret for gjennomføringa.

I tillegg til det som går fram av rapporten, gav representanten for arbeidstilsynet uttrykk for at dersom føresette, elevar eller tilsette kjende seg utrygge, burde ein vurdere å føreta analyse av lufta i ungdomsskulen. Kommunen må då leige inn apparatur som vert nytta til dette.

Arbeideidstilsynet føretok også kontroll av sløydsalen. Frå skulen si side har vi tidlegare bede om at elektriske maskiner vert utstyrt med mellom anna naudstopp. Utstyret er ikkje i samsvar med gjeldande forskrifter og representerer ein fare for skade på elevar og tillsette. I ein eigen rapport gjev no arbeidstilsynet kommunen pålegg om gjennomføring av tiltak og tilbakemelding. Frist for dette er sett til 01.07.00


Skulen er særs nøgd med at pålegg er kome. Vi føreset at kommunen gjennomfører tiltak innan fristen.

Med helsing
Svein Kåre Senneset
Rektor

Kopi: Teknisk og skuleseksjonen
 





HAUGE SKULE
Rektor

 7.juli 2000


Til Elevar og føresette
 
VEDERLAG FOR LÆREBØKER SOM VERT ØYDELAGDE ELLER SOM KJEM BORT OG IKKJE VERT LEVERT TILBAKE TIL SKULEN.
 
Kvart skuleår får elevane utdelt lærebøker som kostar relativt mykje i innkjøp. Døme på dette er
 
- Samfunnsfag 6.klasse 303,- kr (Yggdrasil)
- Naturfag ungdomssteget: 375,- kr (Forsøk og Fakta)
- Norsk ungdomssteget 258,- kr (Grunnbok)
- Norsk ungdomssteget 185,- kr (Tekstsamling)
   

Ordensreglementet § 7 lyder såleis:

Elevar er ansvarleg for skade som elevar valdar med vilje eller aktløyse. Dette gjeld skade på skulen sin eigedom eller andre elevar sin eigedom

Lærebøkene er til låns og såleis skulen sin eigedom. Dette betyr at elevane må ta vare på lærebøkene og handsame dei pent - legge på trekk, ikkje skrive og teikne i dei.
Oppvekstutvalet har vedteke at skulen kan krevje erstatning for lærebøker som vert øydelagde eller som ikkje vert levert tilbake til skulen. Utvalet har gjeve retningslinjer for dette:

   
A. Ny bok 100% erstatning
B. Pent brukt:   60% erstatning
C. Sliten, men brukbar   30% erstatning
   

Dersom ei bok vert skada ved eit hendeleg uhell, må det straks gjevast melding til skulen.
Hauge skule har allereie teke til å praktisere reglane for krav om erstatning. Det er derfor viktig at elevar og føresette er merksam på dette ved starten av eit nytt skuleår.

Med helsing
Svein Kåre Senneset
Rektor

Kopi:
Skule og barnehageseksjonen
Lærarane
Leiar AU

   

 
Kåre Magne Moe