SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Ruteinformasjon
Fylkesarkiv
Svelgen Skule
Davik Skule



 

Storyline i 5.kl

Storyline er ein arbeidsmetode som tre studentar har gjennomført i praksisperioden 3. mars – 28. mars i 5. klasse ved Hauge skule. Metoden legg vekt på leik og andre skapande aktivitetar, ei meir aktiv elevrolle og er tema og prosjektorientert.

Elevane får med denne metoden vere aktive, utforskande og sjølvstendige. Ei storyline er ei slags temaforteljing der elevar og lærarar i fellesskap lager ei fiktiv verd som vert befolka med personar og ev. dyr som elevane identifiserer seg med. Elevane skal uttrykkje seg gjennom ulike uttrykksformer for å få fram ei forståing, røynsle og undring i samband med temaet. Dei vil heile tida stille spørsmål som dei vil finne svar på.

Ein stiller nøkkelspørsmål som utgangspunkt for diskusjon, samtale m.m. Det kan også oppstå problem som elevane må prøve å finne løysingar på. Opplegget i 5. klasse har vore tverrfagleg med hovudvekt på norsk og krl. Samfunnsfag, matematikk, musikk, kunst- og handverksfag og natur- og miljøfag er også blitt integrete.

Vi har i storyline - perioden reist langt tilbake i tid, nesten mot år 0. Kven budde der? Kva gjorde dei på? Dette er spørsmål elevane har prøvd å finne ut av. Dei har skapt ein fiktiv landsby nær Jerusalem, Flapperia, dramatisert personar som budde og kom på besøk i landsbyen, skrive brev, løyst problem med matmangel, laga til misjonsreisene til Paulus på kart, halde møte og fest m.m.

Alt i alt har det vore kjekt å bli kjend med og nytte storyline – metoden i undervisninga i 5. klasse denne praksisperioden. Vi har likt oss!

Takk til studentane Liv-Irene Frøyen, May-Britt Degnepoll og Anita Solbakken Nygår

Frå lærar og elevar i 5. klasse.  

 
Kåre Magne Moe