SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
 
SØK
Kvasir
Startsiden
 
LOKAL
Bremanger Kommune
 

 





Juni 2007
FJELLTUR TIL FØRDSNIPA

Småskulesteget har vore på fjelltur til Førdsnipa 12.juni. Sjå flotte bilete


AKTIVITETSVEKE I 9.


Du kan sjå fleire bilete frå aktivitetsveka 2007 her

INVITASJON TIL KULTURKVELD - SOMMARAVSLUTNING

De vert med dette inviterte til felles kulturkveld i Bremangerhallen den 20. juni klokka 18.00. Elevane frå 1. til 10. vil då underhalde med ulike små programinnslag. Vennlegst pass på ev. mindre sysken, slik at det vert ro under arrangementet.

Vi vil og presentere dei nye elevane våre i 1. og dei i 8. frå Frøyen oppvekst og Berle oppvekst

INFORMASJON OM SKULESLUTT OG SKULESTART
Siste skuledag, den 21.06. avspaserer elevane dei siste 3 timane. Skulebussane går difor tidlegare. Dei som har SFO, kan gå dit. Informer kontaktlæraren om kven som skal i SFO.
Første skuledag i august er måndag den 20.

Vennleg helsing

Aage Kvendseth
-rektor/driftssjef-


STORT SPRÅKPROSJEKT

Hauge skule skal saman med Stasjonen barnehage, Svelgen Oppvekst, Kolset og Berle Oppvekst og Bremanger kommune delta i eit stort språkprosjekt.
Språkprosjektet skal gjennom tidleg og systematisk språkstimulering, dynamisk kartlegging og påfylgjande tiltak sikre ei felles språkleg plattform for alle – uansett sosial bakgrunn, og er eit tiltak for å førebygge lese- og skrivevanskar. Det skal sikre tett oppfølging vidare i skulealder, i høve systematisk lese- og skriveopplæring.


NASJONALE PRØVER

I september 2007 blir det nasjonale prøver i rekning og lesing på norsk og engelsk på 5. og 8. trinn. 
Eksempeloppgåver er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet si nettside. Eksempeloppgåvene skal gjøre det mogleg for lærere og elevar å bli kjende med oppgåvetypen.

Eksempeloppgåvene finn du her (elektronisk) og her


AKTIVITETSVEKE

9. drog i dag onsdag 06.06 på aktivitetsveke. Du kan sjå bilete frå aktivitetsveka 2006 her og frå 2005 her
Siste: Du kan sjå dei første bileta fra aktivitetsveka 2007 her

MUNNLEG EKSAMEN - KRL og Naturfag
Kl. 08.45 i dag onsdag 06.06. fekk halvparten av elevane i 10. vite at dei skal opp i munnleg eksamen i KRL. Faglærar er Oddbjørg Råket. Dei andre kom opp i naturfag. Faglærar er Arve Ryland. Elevane har no 48 t til å førebu seg og eksamen er fredag 8.juni. Dei fleste skal opp individuelt.

Mai 2007
ROING OG PADLING I 4.KL


Sjå fleire bilete her. Fotograf er Kirsten


SPENNANDE TINE-STAFETT
Det vart ein veldig spennane Tine-Stafett på Bremanger Stadion onsdag 23.mai. 9. tok ein knepen siger foran 8. årssteg etter ein svært jamn siste-etappe. Vinnartida vart 4 min 20 s.
TineStafetten det største idrettsarrangementet i Noreg og er eit samarbeid mellom TINE og Norges Fri-idrettsforbund (NFIF), og har som formål å fremme fysisk aktivitet og sunt kosthold blant ungdom.

TILSETJINGAR
Egil Melvær, Roger Nyborg,Anita Solbakken Nygård og Helen Førde er tilsett i undervisningsstillingar på Hauge skule frå hausten 2007. Cathrine Lindhagen vikarierer for Helen Førde fram til våren 2008.

STERKT INNTRYKK
På folkefesten 17.mai fekk publikum presentert dagbok og bilete frå 10. sin tur med Dei Kvite Bussane. Presentasjonen vart framført av Egil Lillerovde og gjorde sterkt inntrykk. Les dagboka til ein av elevane i 10 her. Sjå også bilete teke av Annbjørg Nygård i Firdaposten.


17.mai 2007

Sjå fleire bilete her

EKSAMEN 2007
Dato for skriftleg eksamen 2007 finn du her.
Munnleg eksamen er fredag 8.juni.
Alle elevane i 10. skal opp til både skriftleg og munnleg eksamen.

Måndag 14.mai kl. 13.00 får elevane vite kva fag dei kjem opp i til skriftleg eksamen.

Siste: Elevane skal ha eksamen i norsk med ikt tysdag 22.mai og torsdag 24.mai.

TENTAMEN - ÅRSPRØVER I 10. 
Fredag 4.mai. Norsk
Tysdag 8.mai Engelsk
Onsdag 9.mai: Matematikk
Fredag 11.mai: Norsk

TENTAMEN I 8. OG 9.
Tysdag 29.05. Norsk i 8. 6 timar
Onsdag 30.05. Matematikk i 8. 4 siste timane
Onsdag 30.05 Norsk H i 9. 6timar
Fredag 01.06 Engelsk i 8. 3 første timane
Måndag 04.06 Engelsk i 9. 6 timar
Tysdag 05.06 Norsk S i 9. 6 timar
Måndag 11.06 Matematikk i 9. 6 timar



April 2007
STERK OPPLEVING

Måndag 23 april var 10. framme i Krakov etter ein lang busstur. Reisa gjekk fint. I dag tysdag 24.april var dei på besøk i AUSCHWITZ. Det vart ei sterk oppleving. Mange fæle ting å sjå og høyre.
Alle i reisefølgje er ved godt mot, og har hatt ein flott og kjekk tur så langt.
Sjå MMS her
Les om Auschwitz her

TUR MED DEI KVITE BUSSANE
Søndag 22.april reiste 10. på tur med "Hvite busser" Dei skal blant anna besøke tidlegare konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. Turen går frå Oslo søndag 22.april. God tur!


Reiseruta kan du sjå her
Les om stiftelsen "Hvite busser" her

9. PÅ SMALERABBEN
Siste skuledagen før påskeferien var elevane i 9. på fjelltur til Smalerabben saman med Jan Karsten og Lene. Sjå bilete



SKULEMILJØUTVAL
Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med representanter for elever, foreldre, ansatte og interesseorganisasjoner utarbeidet veiledningsmateriell for arbeid i skolemiljøutvalg.
Les veileder her

MARS 2007
MAGNHILD SLUTTAR
Magnhild Nigardsøy hadde i dag fredag 30.mars sin siste arbeidsdag på Hauge skule og blir no pensjonist. Ho starta på Hauge skule i 1982 og har jobba som reinhaldar sidan. På ei avslutningsmarkering måndag 26.03, fekk ho gåve frå arbeidsgjevar Bremanger kommune og dei tilsette. Rektor holdt tale

FJELLTUR I VIADALEN
Tysdag 27.mars var 8. på fjelltur i Viadalen i det strålande veret. Sjå bilete




HEILDAGSPRØVE I MATEMATIKK
10. hadde heildagsprøve i matematikk tysdag 27.mars.

FORFATTARBESØK
Småskulesteget hadde undervisning med forfattar Maria Parr i veke 12 og ungdomssteget med Hilde Kvalvaag i veke 13. Det vart to inspirerande timar der dei fotalde om det å vere fofattar, om bøkene sine og svarde på spørsmål frå elevane. Les litt om Maria Parr her og Hilde Kvalvaag her.


LEDIGE LÆRARSTILLINGAR PÅ HAUGE SKULE 2007-2008

Hauge skule har ledig ei fast lærarstilling som i hovudsak vert knytt til elevar med ulike funksjonshemmingar. Det er og ledig årsvikariat for lærarar. Fagbehov: kunst- og handverk og spesialpedagogikk.
Denne utlysinga gjeld og andre lærarstillingar som kan bli ledige ved skulen fram til august 2007. Søknadfrist er 16.april.
Les meir om ledige stillingar på jobbdirekte


NETTVETT

Onsdag 14. mars arrangerte vi nettvettkurs for elevar, lærarar og foreldre. Nettvettopplæring er ein del av IKT-opplæringa vår. Kurshaldar var rektor Johann Olai Svidal frå Styrn. Først kurset var for elevar frå 5. – 10. årssteg. Det andre for lærarar og det tredje for foreldra.


Svidal viste kor viktig det er for foreldre og skule tidleg å gjere barn og unge medvitne om farar dei kan utsetje seg og andre for via internett. Han hadde mange døme som forklarte dette, og han viste til nettsider som gav god informasjon til m.a. foreldre som vil førebyggje at barn deira kom inn på det han t.d. kalla ”onde sider”. Nyttige sider kan t.d. vere:
www.nettvett.no , www.norsis.no , www.saftonline.no



Spørsmåla som vart stilte vise at dette med nettvett var noko som opptok dei vaksne. Han viste og til den nye www.sophusportalen.no som Nordfjord-regionen har gått saman om å lage.! Som var ein trygg portal tiltenkt bruk i skulen. Der ville han og leggje ut foredraget sitt. Ta ein titt på denne sida. Då han spurde om elevane hadde vore inn på ei kjend side som legg ut alle slags videosnuttar etc – rekte så så seie alle elevane opp handa..

Nettvett – er det beste nettfilteret som finst – for barn og unge som for vaksne!


HOSPITERING PÅ VIDAREGÅANDE SKULE

Onsdag 14.mars skal elevane i 9. hospitere på ein av dei vidaregåande skulane i Nordfjordregionen. Dette er i samband med det nye faget "Programfag for val".

SKIDAG PÅ HARPEFOSSEN
Onsdag 7.mars hadde elevane på ungdomssteget skidag på Harpefossen. Sjå bilete her. Bilete frå 2006 kan du sjå her


OPE FORELDREMØTE OM NETTVETT

MØTET VERT PÅ UNGDOMSSKULEN
Dato: ONSDAG 14.03. KLOKKA 17.30 – CA 18.30.

Arbeidsutvalet i foreldrerådet og skulen kallar med dette inn foreldra til eit ope møte med fokus på NETTVETT for barn og unge. Dette temaet er svært aktuelt for tida.

Rektor Johan Olai Svidal (frå Stryn kommune) kjem for å snakke om:
•  Kva farer barn/unge kan møte på nett
•  Kva for konsekvensar det kan få
•  Kva for konsekvensar det kan ha å gje frå seg personlege opplysningar
•  Korleis ein kan førebyggje at barn/unge kjem i kontakt med ”farer” på nett

Tidlegare på dagen vil han gjennomføre eit liknande opplegg for ungdomsskulelevane og eit opplegg for lærarane etter skuletid.
Velkomen

Aage Kvendseth

Rektor


Ann Kristin Førde

-leiar i FAU-

Minireal - Februar 2007
MARKNADSDAG I SOGNEBØJEN

Tysdag 20. februar kl 18.00 hadde Sognebøjen marknadsdag. Her kunne ein få kjøpe varer frå , "Såpe og duft", "Perleri", "Suvenir" og "Grafisk" . Sognebøjen kafe hadde hadde mykje god mat og drikke.
Sjå flotte bilete

KARAKTER OG LÆRINGSSTØTTANDE PRØVER
Statens vegvesen informerte foreldra og elevane i 10. om øvingskøyring onsdag 21.februar. Invitasjonen kan du lese her

MINIREAL I 3. OG 4. ÅRSSTEG
Les og sjå fleire bilete
Tysdag kl 18.00 er det marknadsdag for inviterte gjester i Sognebøjen.

TELEFON OG KONTORTID PÅ HAUGE SKULE 2007
Kontortid Eli Siv Ytre-Hauge
Måndag, Tysdag, Torsdag og Fredag
Kl. 08.00-13.30
Telefon 57 79 65 50

Telefon rektor: 57 79 65 55/959 82 949
Telefon inspektør: 57 79 65 56/959 82 948
Telefon lærarrom: 57 79 65 63
SFO 57 79 65 59

SKEISER PÅ MYRAVATNET
Det kalde veret i det siste har gjort isen på Myravatnet trygg, og tysdag 13. februar hadde u-steget fysisk aktivitet på Myravatnet dei 3 siste timane.
Sjå bilete

KARAKTER OG LÆRINGSSTØTTANDE PRØVER
Denne veka (v7) gjennomfører 10. karakter og læringsstøttande prøver i engelsk og matematikk. Informasjon og desse prøvene kan du lese her.

MINIREAL I 3. OG 4. ÅRSSTEG
Gjennom storprosjektet "Minireal" skal det bli mange entrepenørar i Bremanger i framtida av elevane som no går i 3. og 4. årssteg. Les

Januar 2007
NETTEVETT FOR ELEVAR OG FORELDRE

Dette temaet har lenge lege ”på blokka”. FAU har og sagt at dette er eit aktuelt tema vi bør ta opp for foreldra.
Vi har no knytt kontakt med Johan Olai Svidal (rektor i Stryn kommune) som har eit om lag timelangt opplegg for ungdomsskulen og for foreldre. Kurset har fått god omtale og blir arrangert onsdag 14.februar. Medan du ventar, kan du lære om nettvett på http://www.nettvett.no/
Les innkallinga til møtet


SNØ

Endeleg kom snøen. Elevane i 2. jubla, og det gjekk ikkje mange timane før dei var i Samsonbakkane.
Sjå bilete

Desember 2006
VOLLEYBALLTURNERINGA 2006

Herrelaget og damelaget til dei tilsette på Hauge skule vann dei to finalekampane mot elevane i den nye Bremangerhallen. Sjå bilete

TRAFIKKTRYGGLEIK OG JULEVERKSTAD
I samarbeid med engasjerte foreldre, politi og NAF, hadde 4.årssteg ettermiddagsundervisning med trafikktryggleik og juleverkstad på timeplanen.
Sjå bilete


JULEVANDRING

1.årssteg har vore på julevandring til Betlehem
Sjå bilete

Hauge skule
INFORMASJON TIL HEIMEN

Vi minner om at siste skuledag før jul er den 21.12. Den 21. vert ein ordinær skuledag med omsyn til skuleslutt/skyss for ungdomssteget. For barnesteget er det slutt etter tredje time. Skulebussane går då for dei som har skuleskyss.

Det vert som vanleg julegudsteneste den 21.12. i år samla for barne- og ungdomssteget, truleg klokka 09.00. I samsvar med Opplæringslova vil lærarane lage til eit opplegg på ein måte som ikkje verkar diskriminerande for dei som ber om/har bede om fritak frå deltaking i slik religiøs utøving/forkynning i skuletida.

Det vert julefest med programinnslag for 1.- 7. den 18.12. klokka 18.00. Festen vert i Bremangerhallen med inngang via ungdomsskulen. Inngangspengar vert kr 10 for barn og kr 20 for vaksne. Dei vaksne må ta med kaffi, kopp og julekaker. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) minner om at foreldra må passe på små og store barn slik at dei ikkje spring rundt og uroar på festen. Dette er viktig også for å hindre merker i golvet.

Velkomne skal de vere!

Vi nyttar elles høvet til å ønskje dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Vi minner om at første skuledag etter nyttår vert onsdag 3. januar - for dei som har skule onsdagar.

Med helsing
Aage Kvendseth
rektor

PLANLEGG TUR MED DEI KVITE BUSSANE
Foreldra planlegg tur med "Hvite busser" for 10.årssteg våren 2007. Dei skal besøke tidlegare konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. Turen går frå Oslo søndag 22.april.
Reiseruta kan du sjå her

Her står elevane ved minnestøtta over dei falne frå Bremanger under i 2.verdskrigen. Foto av Annbjørg Hauge Nygård.

Les om stiftelsen "Hvite busser" her

GULLKLOKKE TIL BODIL OG KIRSTEN
Onsdag 13.desember mottok Bodil og Kirsten gullklokka for 25 år samanhengande teneste i Bremanger kommune. Det var ordførar Kåre Olav Svarstad som overrekte gåva.Ordførar og personalsjef Liv Marit Bøen heldt tale.


Foto: Annbjørg Hauge Nygård

60.000 SIDER LESE I VELLUKKA LESEPROSJEKT
Denne hausten har 8. og 9. gjennomført eit leseprosjekt der det var lagt inn ein lesekonkurranse mellom årsstega. Til saman hadde elevane lese imponerande nesten 60.000 sider litteratur, men elevane i 8. hadde lese om lag 300 sider fleire enn elevane i 9. Premien for det var ein ”taco-fest” for 8.

Det var og premiar til mestlesande elevar – den eine var frå 8., den andre frå 9. Desse elevane hadde lese om lag 5000 sider kvar! Dei fekk kvar overrekt eit gåvekort på kr 200 av rektor. Dei to elevane som følgde ”hakk i hel” med vinnarane, vart og premierte.



Alle elevane og lærarane deira fortener ros for innsatsen i leseprosjektet, sa rektor, ein innsats han trur elevane vil ha mykje glede av – ikkje minst i dei fleste faga på skulen.

PRINS LYS - ALDATEATERET
Småskulesteget frå Frøyen, Hauge og Berle fekk tysdag 5.desember besøk av Aldateateret. Dei framførte eit morosamt, spennande og rørande juleeventyr som heiter "Prins Lys". Meir om dette teateret og stykket finn du her.


Peparkakehus 2005 kan du sjå her

November 2006
BYGDEBOKSLEPP

Rektor var til stades på bygdebokslepp i Svelgen 24.november. Leiar i Sogenemnda, Roar Førde, gav skulen dei 4 bøkene om gards og ættesogene i Bremanger gratis. Vi takkar for gåva, som har ein verdi på 2000 kr.

KAPPABEL
9. har fullført den første runda i matematikk-konkurransen "KappAbel". Les meir her

BREMANGERHALLEN
Det var ein strålande opningfest for Bremangerhallen laurdag 18.november. Vi har teke i bruk hallen i kroppsøvingstimane. Les om opningsfesten på heimesida til fotballgruppa og Fjordenes Tidende. Sjå også biletserie på heimesida til Firdaposten.

HJARTE OG LUNGEREDNING
Ungdomssteget fekk i dag torsdag 16.11.trening i hjarte og lungeredning. Dyktige innstruktørar var Alf Magne Svarstad og Trond Henriksen i Røde kors.
På grunn av at dei to måtte på ei utrykning, må 10. vente til ein annan gong med denne opplæringa. Sjå bilete.
Lær meir om hjarte og lungredning her

LEKSEHJELP
Matematikken skal vere til nytte og glede, men det kan vere nokre kneikar å kome over for nå dit. M.a. difor set vi no i gang eit tilbod om ”leksehjelp” i matematikk kvar måndag frå klokka 18.00 – 20.00 for elevane i ungdomsskulen.
Leksehjelpa vert på rom 5. Lærar vert Arve Ryland.
Tilbodet vil i første omgang gå fram til juletentamen – så tek vi ei evaluering då. .

Vennleg helsing
Aage Kvendseth
-rektor-

ORKIDEKAMPANJE I 8.

8.har også i år delteke i orkidekampanjen. Dette er ein ungdomskampanje mot rus og narkotika.


KARAKTER OG LÆRINGSSTØTTANDE PRØVER
8. har denne veka (v 45) "Karakter og læringsstøttande prøver" i engelsk og matematikk . Informasjon om prøvene finn du her.

MOTORFØRERNES AVHOLDSFORBUND
Tysdag 7.november hadde ungdomssteget besøk av Bjarne Eikefjord frå Mortorførenes Avholdsforbund.
Formålet til organisasjonen er blant anna å :

Å arbeide for fremme av trafikksikkerheten, og spesielt informere om den fare bruk av alkohol og andre rusgifter har for trafikken.

Heimesida finn du her. Dei har også ei ungdomsside.

Når vi er inne på trafikktryggleik, vil Hauge skule igjen oppfordre foreldre og ungar til å bruke refleks i mørke haust - og vinterkveldar. Meir om refleks finn du her.

Refleks har alle i skuffer eller skap heime. Berre les her
Les også artikkel på dinside.no

JULEAVSLUTNING
Juleavslutninga på Hauge skule blir i år måndag 18.desember.

TENTAMEN - HAUST 2006
10. årssteg:
Fredag 01.12.06: Norsk hovudmål – heildag
Tysdag 05.12.06: Norsk sidemål – heildag
Torsdag 07.12.06: Engelsk – heildag
Fredag 08.12.06: Matematikk – heildag

9. årssteg:
Måndag 04.12.06: Norsk hovudmål – heildag
Onsdag 06.12.06: Engelsk
Måndag 11.12.06: Matematikk – 4 første timane

8.årssteg:
Torsdag 07.12.06: Matematikk – 3 første timane
Tysdag 12.12.06: Engelsk – 3 første timane
Torsdag 14.12.06: Norsk – 3 første timane

Oktober 2006
SKOTØY I BREMANGERHALLEN

Når vi i løpet av november tek i bruk Bremangerhallen til kroppsøvingfaget, må elevane ha gymsko med lyse solar slik at skoa ikkje set merke på golvet. Dette er eit krav frå driftsstyret. Dersom alt klaffar og det blir jobba mykje dugnad kommande veke, kan hallen takast i bruk frå neste veke (v 45). Siste: Arbeidet med Bremangerhallen er forlenga med ei veke og skal etter planen vere ferdig fredag 10.oktober.

OFFENTLEG BADING VED HAUGE SKULE
På grunn av at det er svært få som nyttar seg av folkebading på tysdagane vert det frå og med november kun tilbod om bading på måndagar.

MÅNDAG

KL. 16.00-18.00: Handikapbading.
KL. 18.00-19.00: Familiebading/småbarnsbading.
KL. 19.15-21.00: Offentleg bading for vaksne.

Billettpris for offentleg bading: Vaksne kr. 33,-
Barn kr. 22,-
I skuleferiane er bassenget stengt. Siste opningsdag før jul blir då 18.12.06, og med oppstart etter jul måndag 08.01.07.

Hauge skule
Aage Kvendseth (sign.)
Rektor/driftssjef

OPERASJON DAGSVERK (OD)



Torsdag 26. skal elevane i 9. jobbe for OD. Midlane i år går til Nepal. Les meir om prosjektet her

KONSERT MED "HAYSEED".
Fredag 20.oktober blir det konsert for ungdomssteget i gymsalen. Det er rockegruppa "Hayseed" som skal underhalde. Dette er ein del av "Den kulturelle skulesekken". Heimesida til "Hayseed" finn du her.
Siste: Dette vart ein skikkeleg flott konsert med mykje "trøkk". Sjå bilete


SKULERUTA 2007-2008

Framlegg til skulerute for 2007-2008 finn du her.

STEIN I 5.
5. har jobba med emnet "Stein" i Naturfag. Elevane hadde med seg mange flotte steinar på skulen den første timen.

Sjå bilete

September 2006
NYTT INFORMASJONSHEFTE

Det årlege informasjonsheftet til elevar og føresette er klart,. og blir i desse dagar sendt med elevane. Du kan også lese heftet her på heimesida vår. Det vil også innahalde siste oppdateringar og eventuelle rettingar. Les heftet her .

MATEMATIKKPENSUM PÅ BARNESTEGET
Klikk her dersom du har lyst til å prøve deg på matematikkoppgåver som er pensum på 7.årssteg.
Vox kan du friske opp eigen reknedugleik eller få vite kva som er kravet til elevar i 4.-7. når det gjeld matematikk

FORELDRENETTET

Ei god internettside for foreldre som har elevar i grunnskulen er http://www.foreldrenettet.no.

LEDIG STILLING FOR LÆRAR OG ASSISTENT
På Hauge skule er det ledig ei 66% stilling som spesialpedagog og 30% stilling som assistent. Les meir om stillinga her.

ELEVUNDERSØKINGA 2006
Resultata er klare og ligg på www.skoleporten.no.

August 2006
ASPIRANTOPPLÆRING I SKULETIDA

I samarbeid med kulturskulen og foreldra, får elevane på 4. årssteg velge aspirantopplæring i skuletida dette skuleåret. I staden for vanleg musikkundervisning torsdagane 4.time, har 6 elevar valt å ha aspirantopplæring

BASSENGET
Bassenget opnar 18.september.

FØRSTE SKULEDAG

Elevar, foreldre og tilsette var samla i ballbingen under opninga av skuleåret 2006/2007 på Hauge skule. Rektor ynskte velkommen til nytt skuleår og ordførar Kåre Olav Svarstad stod for den offisielle opninga av ballbingen med tale og ballongslepp. Annette og vaktmeister Terje Hauge fekk blomster for arbeidet med bingen

Sjå bilete - Les kva Firdaposten skreiv.


SKULESTART
Skulen startar opp att måndag 21.august kl 08.45.

Skuletid 2006/2007:
Småskulesteget(1.-4.):
M -Ty- O - To - F
6t - 6t - 0t - 6t - 6t
Mellomsteget(5.-7.):
M -Ty - O - To - F
6t - 6t - 6t - 6t - 3t
Ungdomssteget (8.-10.):
M -Ty - O - To - F
6t - 6t - 6t - 6t - 6t

1.time startar kl 08.45 og 6.time sluttar kl. 14.20. Skuleskyssen går kl. 14.25.
Elevane på mellomsteget sluttar kl. 11.15 om fredagane. Skuleskyssen går kl. 11.20.

Tilsette har kurs og planlegging 15.-18.august.

Juni 2006
BILETBREV BRÅ BORTNE

6. har vore på besøk hos kontaktlærar Mette i Bortne. På menyen stod gresk matkultur og fisking.
Les biletbrevet på nettavisa


AVSLUTNINGSFEST

Skuleåret 2005/2006 vart avslutta med ein variert og underhaldande avslutningsfest onsdag 21.juni. I ein stappfull gymsal fekk publikum oppleve skyggeteater, rap, idol og trappesong. Nye elevar i 1. og 8. til hausten vart presenterte, og 10. fekk utlevert vitnemåla av rektor.
Sjå bilete



FISKETUR

3.årssteg har vore på fisketur.

Sjå bilete

KUNNSKAPSLØFTET
Kunnskapsdepartementet sender i desse dagar ut brosjyre til alle grunnskular om Kunnskapsløftet.
Kunnskapsløftet betyr endringar både for elevar, føresette og skuleverket. Alle elevane får med brosjyra heim
Les meir her og last ned brosjyra om du vil.

TINESTAFETT

TINE samarbeider med Norges Fri-idrettsforbund og arrangerer TineStafetten for å fremme fysisk aktivitet hos ungdom.

Sjå bilete frå TineStafetten på Hauge skule 2006 her.


ANN KATRIN HAR SPELT LANDSKAMP I FOTBALL
Les meir på heimesida til fotballgruppa i Bremanger IL her og her.

MUNNLEG EKSAMEN
I morgon tidleg tysdag 6.juni får elevane i 10. informasjon om kva fag dei kjem opp i til munnleg eksamen. Sjølve eksamensdagen er torsdag 8.juli. Dei kan komme opp i KRL, N&M, Matematikk, Norsk, Samfunnsfag eller Engelsk
Siste: Elevane kom opp i desse faga:
(3 grupper)

Engelsk - Faglærar er Rolf Ryland
Matematikk - Faglærar er Arve Ryland
KRL - Faglærar er Liv Torvanger

AVSLUTNINGSFEST
Det blir avslutningsfest for alle elevar og føresette på Hauge skule onsdag 21.juni kl 18.00. Ny elevar i 1.og 8 hausten 2006 er også inviterte. Siste skuledag er torsdag 22.juni

NESTEN ALLE BORN ER PC-BRUKARAR
97% av born mellom 9 og 16 år har tilgang til PC heime
Over 90 % har tilgang til internett heime. Halvparten av desse kan surfe på sin eigen PC.
Borna er meir forsiktig enn foreldra med å legge ut informasjon om seg sjølv på nettet.

Les meir frå den nye undersøkinga om norske born sine nettvanar i Dagbladet.


AKTIVITETSVEKA 2006

Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar frå dei som har jobba med aktivitetsveka. Elevane var positive og aktive. "Den mest positive gjengen nokon gong", seier Strandos
Sjå
bilete og program

Mai 2006
KLAGERETT

Elevane i 10. får i desse dagar vite standpunktkarakterane sine. Dei har også fått informasjon om retten dei har til å klage på karakterande, og dei har fått eit klageskjema som kan brukast. Informasjon om klageretten kan du også finne i forskrift til Opplæringslova, kap. 5. Sjå her


AKTIVITETSVEKE

Elevane i 9. i Bremanger ser fram til ei spennande aktivitetsveke i Ålefotdalen 30.05-01.06.

Sjå bilete
frå aktivitetsveka 2005

STENGING AV BASSENGET
Bassenget blir stengt etter vaksenbading måndag 29.mai. Det blir opna igjen til hausten.

INNSAMLING AV IT-AVFALL
Hauge skule har delteke på IT-dugnad for betre miljø.



Vi tok imot IT-avfall måndag 22.mai og tysdag 23.mai. og sende 5 fulle postbur med IT- avfall i dag 24.mai. P.g.a forseinkingar kune vi ikkje ta imot meir.


TALE VED MINNESTEINEN 17.MAI
Les den flotte tala til Mari Torvanger i Firdaposten.

17.MAI
17.mai 2006. Sjå bilete her

EKSAMEN I ENGELSK
Då er det klart. Tysdag 16.mai kl. 13.00 fekk elevane i 10. vite at dei skal ha skriftleg eksamen i engelsk med IKT. Eksamensdag er fredag 19. mai. Torsdag 18. er det førebuingsdag på skulen. Dersom du vil ha informasjon om eksamen i engelsk med IKT, kan du sjå oppgåva frå 2005 her.

PUSH
Bilete frå den gode konserten med "Push", kan du sjå her. Dette var ein konsert for alle ungdomsskuleelevane i Bremanger 12.mai i Svelgen


TAKK TIL DUGNADSGJENGEN

Takk til alle dykk – store og små – som har delteke i dugnaden denne gongen. Utan dykkar innsats hadde ikkje skulen fått dette til! Vi har meir som skal gjerast ute – så andre kan få sleppe til på nye dugnader seinare. Les meir

EKSAMEN
Det nærmar seg skriftleg eksamen for 10.årssteg.
Tysdag 16. mai kl. 13.00 får dei vite kva for fag dei kjem opp i.
Dato for dei ulike faga finn du her.
Munnleg eksamen er torsdag 8.juni. Elevane får vite fag 6.juni.

FELLES KONSERTOPPLEVING I SVELGEN
Ungdomsskuleelevane i Bremanger skal samlast til felles konsertoppleving med bandet "Push" i Svelgen 12. mai. Dette er bandet til Trond Strand. Ansvarleg for opplegget er Bremanger kulturskule.
Program:
Buss frå Hauge skule kl. 09.00
Fellesøkt/ Låtskriving kl. 10.30-11.45
Konsert med med "Push" kl. 12.00-13.00
Ferje frå Kjelkenes kl. 13.30.

Heimesida til "Push" finn du her.
Gruppa skal også ha konsert i "Heimen" laurdag 12.mai. Les meir her

FORELDREDUGNAD
Måndag 8.mai, tysdag 9.mai og onsdag 10. mai er det dugnad på skulen vår. Les informasjon her og sjå kven som skal jobbe.

BASSENGET
Bassenget vil ikkje bli stengt før i juni. Det blir likevel ikkje bading 15.mai. Vi har ikkje badevakt den dagen.

OM ALKOHOL , NARKOTIKA, TOBAKK OG TRAFIKK

Fedag 5.mai hadde 8. og 10. besøk av Espen Gulliksen frå politiet. Han gav elevane god kunnskap i emna narkotika, alkohol, tobakk og trafikk. Elevane fekk gode svar på dei mange spørsmåla dei hadde.


FJELLTUR TIL FAGREDALEN
Torsdag 4.mai var småskulesteget i Fagredalen. Sjå bilete

April 2006
KONTAKTLÆRARAR 2006-2007
Det er no klart kven som blir kontaktlærarar neste skuleår. Les her

KULTURTIME

Fredag 28.april var det 9. sin tur til å underhalde dei andre elevane på u-steget. På musikkrommet underholdt dei med klassesong , band og sketsjar. Timen vart avslutta med ei danseframsyning i gymsalen. Det vart ein underhaldande time
Sjå bilete

MATIKKHJELP TIL FORELDRE
Det nasjonale voksenopplæringa VOX lanserer no nettstaden Regnehjelpen for å hjelpe foreldre som vil friske opp eigne rekneferdigheiter. Her kan du også få oversikt over hva born i grunnskulen (4. til 7. steg) eigentleg skal kunne.
Sjå her

VERDA SIN BOKDAG
4.årssteg markerte verda sin bokdag med å lese for elevane i 1. Sjå bilete.

PENGAR TIL FLEIRBRUKSHALLEN
Samarbeidsutvalet på Hauge skule har gitt kr 5000 til fleirbrukshallen.

SPIKKING
Mellomsteget hadde besøk av Synnøve Vadøy på uteskulen fredag 21 april. Ho er tilsett som konsulent ved Husflidlaget i Sogn og Fjordane.
Eit av emna var spikking. Sjå bilete

TENTAMEN I ENGELSK MED IKT
10 skal ha tentamen med IKT i engelsk onsdag 26.april. Tema er "Freedom". Her kan du sjå kva dei skal jobbe med før sjølve tentamensdagen. Dette var eksamensopgåva i 2005. Alle elevane i 10. har i år valt engelsk og norsk med IKT til eksamen.

FLOTT DAG
Fredag 21.april 2006 var ein flott dag. Fotograf er Ruth Marit Igland

KUNSTUTSTILLING
Kunstutstillinga til 10. kan du sjå her

KONFIRMANTUNDERVISNING I SKULEN
Kva seier opplæringslova og kirkelova om dette? Les her

Mars 2006
SJÅ HUSET

31.mars fekk Hauge skule besøk av arkitekt Ottar Wiik. Kvart årssteg på ungdomssteget fekk ei inspirerande økt på to skuletimar. med Ottar.Les meir

STREIK
På grunn av streik blant lærarane, vart skuledagen avslutta kl. 12.00 torsdag 30.mars.


GODE RESULTATER

Mange av elevane på ungdomssteget er med på fotballag eller korps som gjer det svært godt i fylket. I helga vart Kalvåg skulemusikk nr 2 i 3.divisjon brass med 94 poeng under fylkesmeisterskapet for korps, kun 0,5 poeng frå 1.plassen. For om lag 3 veker sidan vann jentelaget til Bremanger IL to kretsmeisterskap på ei helg. Anne Marte Røys i 8. var med på alt dette.
Les meir på nettsidene til Fjordenes Tidende og Firdaposten


ALPINDAG PÅ HARPEFOSSEN

Sjølv om alpindagen på Harpefossen onsdag 22.mars starta med snøver og dårlege løyper, vart dette ein lærerik dag . Dei 50 elevane på u-steget var aktive heile dagen, og fekk god trening i slalåm og utfor. Midt på dagen skifta veret over til vindstille og skyfri himmel.

sjå bilete.

BOSSBILEN VELTA 22.03.06
Det var ikkje lett for Kirsten å få fred til førebu seg til neste skuledag, då bossbilen køyrde utfor vegen og velta like ovanfor huset hennar. Vegen vart stengt i 2 timar og Kirsten fekk telefonar frå kjende og ukjende

som ville vete om vegen var klar. Sjå bilete

SKULEDAGAR HAUSTEN 2006 22.03.06
Småskulesteget får utvida skuletida med 1 t/v og skal ha 6 timar undervisning måndag, tysdag torsdag og fredag. Onsdag blir fridag.
Mellomsteget skal ha undervisning 6 timar måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Fredag sluttar elevane etter 3.time. Årsaka til denne endringa, er pålagt reduksjon av midtskyss.
Det blir ikkje endringar for ungdomssteget.

TENTAMEN MED IKT
10. har no gjort ferdig 3 dagar med tentamen i norsk sidemål, norsk hovudmål og matematikk. Alle elevane i 10. har i år valt å gå opp til avgangsprøve i engelsk og norsk med IKT. Dersom dei kjem opp i eit av desse faga, vil dei få all informasjon på internett. Denne måten å jobbe på, har dei no fått trening i på tentamen i norsk.

Les meir om avgangsprøve med IKT her

SKIAKTIVITETAR PÅ U-STEGET
Fredag 3.mars hadde u-steget skiaktivitetar dei 3 siste timane.
På programmet stod utfor,aking, langrenn og skiskyttarstafett med premiering. Det var svært godt gjennomført, og det fristar til gjenntaking

Sjå bilete.

INFORMASJON FRÅ SMITTEVERNLEGE
Smittevernlege,dr. Ravikumar har bedt oss om å informere elevane om dette 07.03.06: Les her

INFORMASJON OM FUGLEINFLUENSA
Alle skular og barnehagar får no informason om fugleinfluensa frå Mattilsynet, Folkehelseinstituttet,Veterinærinstituttet og Sosial og helsedirektoratat.
Les her

TEATER OM HERMAN WILDENWAY - 2.mars 2006
Ungdomsskuleelevane frå Hauge og Davik fekk oppleve eit frisk og annaleis ”foredrag” om diktaren – frå Portås i Mjøndalen og frå Stavern.
Camilla Belsvik og Rune Temte lage ei mangfaldig lyrikkstund som elevane tydelegvis sette stor pris på… sidan ho som skulle halde fordraget ikkje kom.

Lyrikken til Herman Wildenvey vart verkeleg gjort tilgjengeleg for dei unge gjennom denne friske framsyninga.

Dette vil vi gjerne ha meir av!
Les meir om stykket her

PERMISJON FRÅ DEN PLIKTIGE OPPLÆRINGA
Skulen opplever ofte at elevar kjem attende frå permisjon utan å kunne følgje med godt nok i undervisninga .
For å unngå mistydingar har vi laga eit informasjonsskriv til foreldra. Les her

ER INTERNETT FARLEG?
Les kva ekspertane til Barneombudet svarer på spørsmål frå lesarane til Dagbladet. Klikk her

Februar 2006
KULTURTIME PÅ U-STEGET


10.årssteg inviterte resten av ungdomssteget på kulturtime tysdag 14.februar. Dei hadde lage til eit godt og spenstig program.

sjå bilete.


FORELDREUNDERSØKING

Alle foreldre/føresette har motteke brev om gjennomføringa av foreldreundersøkinga. Brevet inneheld brukerID som skal brukast når ein skal logge seg på.
Les brevet her
Les her for å få meir informasjon.
Til no (15.02.06) er det registrert 66 svar på undersøkinga. Dette er vi ikkje fornøgde med!
Det er framleis høve til å legge inn svar.

MATEMATIKKDAG PÅ UNGDOMSSTEGET
Tysdag 7.februar brukte ungdomssteget heile dagen på matematikkundervisning.Emna var orgigami,tesselering og funksjonsbygging

Sjå bilete


VELLUKKA LEIRSKULEVEKE PÅ DOMBÅS

Sjå bilete på nettavisa

SKULERUTA 2006-2007
Les skuleruta for 2006-2007 her.

Januar 2006
INFORMASJON OM SFO

Vi har no lagt ut informasjon om det gode SFO-tilbodet vårt. Stasjonen banehage er ansvarleg for drifta.

Les her


LEIRSKULE PÅ DOMBÅS

6.og 7. reiste i dag 29.01.06 til Dombås på leirskule. Lærar /Assistent er Kirsten Grotle og Asbjørg Frøynes. Sjåfør er Roger Igland frå Rutebilane i Bremanger.Vi ynskjer dei god tur, og håpar dei får ein like god leirskule på Dombås som tidlegare.
Leirskule 2005 - Leirskule 2003 - Leirskule 2000- Fjellskole


HAUGEFISK-VELKOMMEN HEIM!


Elevar og tilsette på Hauge skule var til stades då autolinebåten Haugefisk kom attende til bygda igjen fredag 27.januar 2006. 9.årssteg hadde ansvaret for servering på skulen for bygdafolk og tilreisande. Blant gjestane var ordførar, fylkesordførar, kultursjef, og representantar frå Kystmuseet og Riksantikvaren

Sjå fleire bilete her

LESEVAKE I 4.
Natt til fredag 27.januar haddel 4.årssteg lesevake.
Program:
Kl 20.00-20.30 Pakke ut,klargjering på klasserom
Kl 20.30-22.00 Lesing på klasseromet
Kl.22.00-23.30 Gym og bading
Kl.23.30-00.30 Matøkt
Kl.00.30-06.30 Lesing........Z -z-z-z-z-z-z-z-z-
Kl.06.30-07.30 God morgon! Pakking. Fruktmåltid
Kl.07.30-08.00 Elevane vert henta heim

Sjå bilete!

PÅ NATURLEIKEPLASSEN
3.årssteg har vore på naturleikeplassen.
Sjå bilete

ÅSE HAR SLUTTA

Etter fleire år som lærar på Hauge skule og avdelingsleiar på Stasjonen barnehagen takka Åse i går av. Ho fekk gåve frå Bremanger kommune og dei tilsette på skulen.

sjå bilete.

Haust 2002 - Haust 2005 - Klikk her
Skuleåret 2001-2002 - Klikk her

Skuleåret  1999 - 2000 - Klikk her



September 2007
TELEFON OG KONTORTID PÅ HAUGE SKULE 2007
Kontortid Eli Siv Ytre-Hauge/
Måndag, Tysdag, Torsdag og Kl. 08.00-13.00
Kontortid Torunn Kløvtveit
Onsdag og fredag
Kl. 08.30-12.15

Telefon 57 79 65 50

Telefon rektor:

57 79 65 55 / 959 82 949
Telefon inspektør:
57 79 65 56 / 959 82 948
Telefon lærarrom:
57 79 65 63
Telefon SFO
57 79 65 59
E-post
ak@bremanger.kommune.no
EKSAMEN 2007
PRISAR-Leige,kalkulator m.m
ELEVSKADER - Rutine
BILETE PÅ INTERNETT
DATAREGLAR
ELEVPERMISJON
KLAGERETT - Kap 5
SFO
SKULERUTE 2007-2008
SKULERUTA 2006-2007
INFO TIL HEIMEN 2006-2007
INFO TIL HEIMEN 2005-2006
INFO TIL HEIMEN 2004-2005

Bremanger Idrettslag

Bremanger IL - Fotball

Utdanningsforbundet
Norsk Språkråd
Skulelenkjer
Utdanning.no
Skoleporten
Skulenettet
Matetatikk.org

Gamle naboar

Kalvågsportalen

Svelgen.no

Opplæringslova
Foreldrenettet
Foreldreveiledning

Kroppsøving

Bading
Forming
 
 Kåre Magne Moe